NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    K46 &30

Saksmappe:          06/00201-3

Sakshandsamar:   Inge Lilleås

Dato:                      09.02.07

 

Møtebok

                                  

 

 

Kommunal plan for hjorteforvaltning - justering 2007  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

005/07

Viltnemnda

15.02.07

 

 

Utsendte saksdokument:

 

 

Ikkje utsendte saksdokument:

 

 


Rådmannen si innstilling:

Norddal viltnemnd vedtek justeringane av planen slik dei ligg føre.

 

-----------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Viltnemnda  15.02.2007:

Samrøystes i samsvar med innstillinga.

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Innstilling Vedtak i  Viltnemnda - 15.02.2007:

Norddal viltnemnd vedtek justeringane av planen slik dei ligg føre.

 

----------------------------------------------------------------------------


 

 

SAKSGRUNNLAG.

Dersom ein slik plan skal ha meining må den justerast med jamne mellomrom og best er det med årleg avstemming.  Om ikkje det vert gjort har planen liten verdi.

 

SAKSOPPLYSNING.

Planen vart vedteken i 2005 og oppdatert seinast 08.03.2006 i sak 006/06.

Norddal viltnemnd gjorde i sak 025/04 slikt vedtak:

1.      Norddal viltnemnd vedtek planen slik den ligg føre.

2.      Viltnemnda vil leggje planen ut til offentleg ettersyn i tida 01. september 04 til 01.oktober 04. Kunngjering om utlegging i Storfjordnytt.

 

Etter at planen låg ute til ettersyn vart det gjort slikt vedtak:

Norddal viltnemnd gjorde i møte 25.11.2004 slikt samrøystes vedtak:

Norddal viltnemnd syner til vedtak i sak 025/04, og vedtek planen slik den ligg føre.

 

Norddal viltnemnd justerte planen i møte 08.03.06. i sak 006/06.

 

SAKSVURDERING.

Ein har gått igjennom planen og endra dei tal som ikkje stemmer og ført den à jour med status i 2007. Desse endringane går på tal og tabellar og treng neppe vedtakast dei kan heller ikkje avvisast. Endrast kan derimot ulike deler av planen slik som det som står skrive under ”krav til bestandsplan” ein kan vidare om ynskjeleg legge inn konkrete stimuleringstiltak i arbeid med bestandsplan.

 

Saksførebuar ser ikkje grunn til å endre noko av dette, men politikarane må gjerne gjere det om dei finn betre formuleringar eller måtar.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 



Norddal kommune

Viltnemnda.

2007.

 

 

KOMMUNAL  PLAN  FOR HJORTEFORVALTNING

 

 

Norddal viltnemnd har i møte 28.07.04. som sak 025/04

gjort slikt vedtak:

 

3.      Norddal viltnemnd vedtek planen slik den ligg føre.

4.      Viltnemnda vil leggje planen ut til offentleg ettersyn i tida 01. september 04 til 01.oktober 04. Kunngjering om utlegging i Storfjordnytt.

 

Planen låg ute til ettersyn i tidsrommet som det går fram av vedtakets punkt 2.

 

Eventuelle merknad til planen må vere Norddal viltnemnd 6210 Valldal i hende innan 05.10.04.

 

Det kom ikkje inn ein einaste merknad til planen.

 

Norddal viltnemnd gjorde i møte 25.11.2004 slikt samrøystes vedtak:

Norddal viltnemnd syner til vedtak i sak 025/04, og vedtek planen slik den ligg føre.

 

Norddal viltnemnd justerte planen i møte 08.03.06. i sak 006/06.

 

 

Inge Lilleås

Sekretær.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 
 
INNHALD

 

INNLEIING

SIDE  01

POLITISKE VEDTAK

SIDE  01

KORT HISTORISK OVERSYN

SIDE  01

STATUS FOR HJORTEFORVALTNINGA I NORDDAL

SIDE  02

HJORT

SIDE  02

RÅDYR

SIDE  02

FALLVILT AV HJORT 1987/89 – 2004/05

SIDE  02

HOVUDMÅLSETJING

SIDE  03

BESTANDSPLAN

SIDE  03

KRAV TIL SØKNAD OM BESTANDSPLAN

SIDE  03

INNHALD I BESTANDSPLAN

SIDE  03

AVVIK FRÅ GODKJENT BESTANDSPLAN

SIDE  04

KOMMUNEN SI ROLLE I FRAMTIDA

SIDE  04

HUMAN OG SIKKER JAKT

SIDE  05

ETTERSØKSHUNDAR

SIDE  05

FALLVILT AV HJORT OG RÅDYR

SIDE  05

VILTKARTVERK

SIDE  05

VALDSTRUKTUR / HJORT                                                             Tabell

SIDE  06

TELJANDE AREAL I BYGDENE                                                    Tabell

SIDE  06

VALDSTRUKTUR / RÅDYR                                                            Tabell

SIDE  06

FALLVILT 1987/88 – 2003/04                                                           Tabell

SIDE  06

FELTE HJORT  1988 -  2003                                                             Tabell

SIDE  07

TELJING AV HJORT I KOMMUNEN                                             Tabell

SIDE  08

SETT  HJORT 2001 -  2006                                                                Tabell                 

SIDE  08

SLAKTEVEKTER  2001  -  2006                                                       Tabell                     

SIDE  09

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

PLAN  OVER  FORVALTNING  AV HJORT I  NORDDAL  KOMMUNE.

 

 

 

INNLEIING.

I samband med at det kom ny forskrift om forvaltning av hjortevilt og bever (22.03.02.)

fekk kommunene eit langt større ansvar i lokal tilpassing av forvaltninga.

Etter § 14 i nemnde forskrift må kommunen gjere vedtak om målsetting for forvaltning av hjorteviltet. Når det i plandokumentet vert vist til forskrifta så er det denne ein meiner, om det vert vist til andre vil det verte nemnt særskilt.

 

Målsettinga vil vere viktig i grunnlaget for utarbeiding av bestandsplanar og oppfølging av desse.

 

Rådyr er og eit hjortevilt, men i planen går ein ikkje så mykje inn på jakt av dette anna enn å vise til forskrifta., spesielt § 7 i den.

Ein tek med oversyn over areal og vald for jakt på rådyr.

 

 

 

POLITISK VEDTAK

Kommunen la fram sak i Viltnemnda for ei nærare vurdering om måten å gå fram på i planlegginga.

 

Vedtak i  Viltnemnda - 21.04.04 i sak 007/04.:

Viltnemnda vil gå inn for at det vert arbeidt ut ein overordna plan for forvaltning av hjort i kommunen. Viltnemnda vil sjølv vere styringsgruppe for planen. Sekretæren for viltforvaltninga skal arbeide ut ei skisse for planen. Når dette er ferdig skal styringsgruppa kallast saman.

 

 

 

KORT HISTORISK OVERSYN

Etter Øystein Mølmen si bok ”Jakt og fangst i Norddal” finns ikkje sikre opplysningar om når den første hjorten vart sett i Norddal. Truleg vart den første hjorten skoten i Berdalsgrenda omkring 1920.  På Hjelme vart den første hjorten sett i 1936.

Første hjorten i Norddal (Dalsbygda) vart skoten i 1963.

 

For åra før 1969 kjenner ein ikkje til tal løyver og felte dyr.

Ein veit likevel, utifrå møtebok for viltnemnda frå møte 29.08.67, at det dette året vart søkt om løyve til å felle 62 hjortar, alle søknader vart innvilga.

F.o.m. 1969 ligg det føre statistikk, med unnatak av to år 1980 og 1984.

 

Spranget er stort i tal felte dyr som i 1969 var 15 og i 2006 til 233.

01

 

 

 

 

Hjortestamma har auka sterkt utover i 90-åra det er generelt og ikkje spesielt for Norddal.

Auken må sjåast i samanheng med at ein i alle kommunar no heilt målstyrt brukte retta avskyting, ved tildeling av fellingskvotar. Dessutan har vintrane stort sett vore rimelege desse åra om ein samanliknar med slutten av 60-åra og 70- åra

 

I 1969 var her 44 vald, i 2004 58 vald, flest vald hadde ein i 1985 då det var oppe i heile 78.

 

Det ser ut som det i dei første år det har vore jakta på hjort så har minstearealet vore 2000 da.

Gjennom forskrift 07.05.1979 vart dette endra til 1000 da. Det vart knytt føresetnad til denne nedskriving av minstearealet ved å påleggje kommunen å tildele 30% kalv dette året. Vidare at kommunen auka tildeling av kalv til jaktuttaket vart på 20 – 30 %.

Gjennom ny forskrift om minsteareal frå 02.04.2002 vart minstearealet uendra 1000 da.

 

 

STATUS  FOR  HJORTEFORVALTNINGA  I  NORDDAL

 

HJORT.

I Norddal kommune har vi eit godkjent teljande areal for jakt på hjort på: 342042 da.

 

Dette arealet er fordelt på 46 vald.

Det teljande arealet til kvart einskild vald varierer frå 2000 da. til 17100 da.

Berre eit vald har godkjent bestandsplan, det er vald 54 med  45636 da.

Tabell over valdstruktur 2005 på side 6.

Tabell over det teljande arealet fordelt på bygdene på side 6.

 

RÅDYR.

For jakt på rådyr har vi i kommunen eit teljande areal på 211172 da.

34 vald er godkjent for jakt på rådyr, dei minste på 2000 da, det største på 17100 da.

Minstearealet er i forskrift sett til 700 da./dyr.

Tabell over valdstruktur 2005 på side 6.

 

 

FALLVILT AV HJORT 1987/88 – 2005/ 06

 

Det ein reknar som fallvilt av hjort er: Daude dyr som vert funne- Trafikkskadd vilt som er daudt eller vert avliva Daude dyr som vert funne og som har vore skote på, her og dyr som vert funnen etter at søk er avslutta. Dyr som vert felt som skadedyr.

Ulovleg felt dyr, ikkje slikt registrert her i kommunen i tidsbolken som vert synt i tabellen.

 

 

Sjølv om det i tidsbolken er registrert avgang av 148 hjortedyr må ein rekne med at talet er mykje høgare, fordi slett ikkje alle vert funne, men å tippe noko slags tal vert berre synsing.

 

 

Årsak til kva dyra er dauda av ser ein i tabellen på side 6.

 

 

02

 

 

 

HOVUDMÅLSETJING.

Kommunen sitt overordna mål er å delta aktivt i nært samarbeid med grunneigarane i kommunen i forvaltning av hjortestamma.

Der målsetjinga er å kome fram til ein optimal, sunn og stabil bestand, med god alders- og kjønnsfordeling, og med ein storleik som ikkje medfører uakseptable skade på skog- og jordbruksareal.

Grunneigarane vil i dette vere aktørane, dei vil få ansvaret for bestandsplanlegging og plan for årleg avskyting, kommunen skal leggje til rette og godkjenne.

Hovudmålsetjinga betyr ikkje at alle bestandsplanar skal vere like, desse må lokalt tilpassast, men dei kan ikkje gå utover den generelle kommunale hovudmålsetjing.

 

BESTANDSPLAN

Kommunen skal stimulere til utarbeiding av bestandsplaner og større vald.

Det vil ikkje vere rett at kommunen set grense for storleik på vald, men for å godkjenne bestandsplan bør området som vert søkt om vere tilhaldsstad for hjort året rundt.

Vert eit område for lite er det vanskeleg å forvalte på fornuftig vis.

Verkemiddelet som kommunen kan bruke er økonomisk tilskot i planleggingsarbeid, og i godkjende bestandsplanområde tilskot til administrasjon. Tilskot kr.30,- per. fellingsløyve.

Slikt tilskot gjeld for ein 3års-bolk, ved kortare planbolk vert tilskotet redusert og ved lenger planbolk vert det auka. Malen for det er 3års-bolk med kr. 30,00 per. fellingsløyve.

Det kommunale viltfondet vert å bruke til dette.

 

KRAV TIL SØKNAD OM BESTANDSPLAN

Det må vere eit ufråvikeleg krav at ein søknad er underskriven av alle som har jaktrett i området som planen femner om.

Ein vil her vise til forskrifta sin § 9 Søknad om godkjenning av vald bokstav  e).

Elles så er § 9 relevant i kravet til søknad, kommunen kan ikkje lage seg sjølv enklare reglar i so måte.

Planbolken si lengde må ikkje vere lenger enn 3-år.

 

INNHALD  I BESTANDSPLAN.

Forskrifta § 14 .

Å sette opp ei utfyllande liste over ting som skal vere med i ein slik plan kan vere vanskeleg. Ein må ikkje gløyme at planen skal vere lokalt tilpassa og då kan det gjerne vere slik at det som høver ein stad ikkje kan fungere ein annan.  Kommunen må heller ikkje ta frå grunneigarane sin rett til å forme sin plan.

Likevel må kommunen stille ein del elementære krav til plandokumentet.

Det ein tenkjer på er dette:

·        Skildring av planområdet og dei Gnr. som går inn i det.

·        Dyrka jord- Barskog- Lauvskog Anna areal.

·        Målsetjing Hovudmål og delmål.

·        Hjortestamma si utbreiing og trekkforhold.

·        Vårteljingar

·        Beitegrunnlaget  og Beiteskader

·        Forslag til avskyting

·        Fallvilt / Skadedyrfelling / feilskyting

·        Finansiering og drift- Økonomi – Driftsrutiner.                                                      03

 

AVVIK FRÅ GODKJENT BESTANDSPLAN

I siste ledd i § 14 heiter det slik:

”Ved fastsetting av nytt minsteareal i løpet av planperioden skal kommunen tildele ny fellingstillatelse.  Ved vesentlige avvik fra godkjent bestandsplan, eller ved vesentlige, uforutsette endringer i bestanden i området i løpet av planperioden, kan kommunen eller villreinnemnda vedta å trekke godkjenningen tilbake og tildele ny fellingstillatelse.”

 

Siste leddet i § 14 er klar den bortsett frå dette ” Ved vesentlige avvik fra godkjent bestandsplan” kan kommunen trekke attende godkjenninga av planen.

Kva som er ”vesentleg” avvik er opp til kommunen å fastslå difor må ein søkje å sette opp nokre punkt knyta til dette.

 

1.      Det er aldri vesentleg avvik om det vert felt yngre dyr enn vedteke i bestandsplan og plan for årleg avskyting. Slikt avvik kan rettast seinare i planbolken.

 

2.      Planområdet kan årleg, og etter eiga vurdering, overskride vedteken plan for årleg avskyting med opp til 10% av tal i vedteken plan for årleg avskyting. Slikt avvik kan rettast seinare i planbolken

 

3.      Det er eit vesentleg avvik i planområdet om det eit år vert felt 25% over, tal eldre koller og eldre bukkar, enn vedteke i plan for årleg avskyting.

      Slikt avvik skal rettast seinare i planbolken

 

4        Planområdet har høve til å overføre ikkje nytta kvote frå eit år til resten av planbolken.

      Ved planbolkens slutt fell unytta kvote vekk.

 

 

5        Kommunen kan nedgradere eldre dyr når det er klart at dei er mindreverdige i høve til gjennomsnittsvekt for årsklassen. Eit eldre dyr er mindreverdig når det veg mindre enn gjennomsnittsvekta av 1 ½ åring av same kjønn.

     1 ½ åringar klassast ned til kalv når dei veg mindre enn gjennomsnittet for kalv + 25 %

     Utgangspunkt for vekter er slaktevekstskjema i kommunen.

 

 

KOMMUNEN SI ROLLE I FRAMTIDA.

Kommunen må og i framtida tildele fellingsløyve til dei vald som ikkje er med i bestandsplanområde, tildeling etter § 13 i forskrifta, bakgrunn for tildeling § 15, med eventuell vurdering etter § 6 i nemnde forskrift. Vidare skal kommunen syte for:

·        Godkjenning av vald og bestandsplanar.

·        Utsending av ulike skjema og fellingsløyve.

·        Innrapportering av felte hjort

·        Kontrolltiltak av felte hjort.

·        Innsamling av Sett Hjort og utarbeiding av statistikkar etter dette.

·        Attendemelding til dei vald som har sendt inn Sett Hjort.

·        Årleg vårteljing av hjort.

·        Og elles dei vanlege årlege rutinar.

04

 

 

HUMAN OG SIKKER JAKT.

Det er viktig at kommunen har ei målsetjing på at all jakt skal vere human og sikker.

Dette for at risikoen for uhell skal vere så liten som råd.

Ein vil her vise til forskrifta sin § 10 om Valdansvarleg representant, som i sitt vald har det formelle ansvar. Det formelle ansvaret har valdansvarleg sjølv om ein annan person fungerer som jaktleiar.

Kommunen skal ha melding om skifte av valdansvarleg, seinast før det vert gjort vedtak om fellingsløyva, om lag midt i mai.

 

 

 

ETTERSØKSHUNDAR.

I kommunen er få godkjende ettersøkshundar for jaktbruk

Kommunen bør stimulere til å betre dette. Dette kan gjerast på fleire måtar som ein må ta opp i særskilt sak.

Det kommunale viltfondet kan brukast til slike tiltak.

 

FALLVILT AV HJORT OG RÅDYR.

Skadde og drepne hjort og rådyr av trafikkårsaker er eit særs lite problem i Norddal.

Kommunen sitt ansvar er å eventuelt avlive skadde dyr og få dei fjerna.

Det er sjeldan slikt vilt har verdi. Kommunen burde og i denne samanheng inngå avtale med organisasjonar som kunne ta seg av dette.

Elles har kommunen vanleg statistikkføring  og skriving av attest til trafikkant, om vedkomande melde frå på føreskriven  måte.

 

VILTKARTVERK

Kommunen bør i løpet av dei første åra få utarbeidd eit viltkartverk som syner dei viktigaste opphaldsstadene for hjort og rådyr.

Kartet må arbeidast ut i nært samarbeid med grunneigarane, det reint tekniske må kommunen leige inn for å få gjort.

Når eit slikt kart er ferdig må dei einskilde områder klassifiserast for vern i høve andre inngrep.

All kostnad med arbeidet kan finansierast over det kommunale viltfondet.

 

 

 

 

 

 

 

 

05

 

 

 

 

 

 

 

Valdstruktur for hjort i Norddal 2007.

 

1 dyr

2 dyr

3 dyr

4 dyr

5-9 dyr

10-19 dyr

20 dyr og meir

 

9

8

4

14

10

1

 

 

 

 

Det teljande arealet 342042 da, vil fordelt for bygdene sjå slik ut:

 

Bygd

Areal

Tal vald

Valldal

150879 da

26

Fjørå

23123 da.

5

Tafjord

61870 da

6

Norddal

44170 da.

4

Eidsdal

62000 da.

5

SUM

342042 da.

46

 

 

 

 

Valdstrukturen for rådyr i Norddal 2007

 

 

 

1 dyr

2 dyr

3 dyr

4 dyr

5-9 dyr

10-19 dyr

20 dyr og meir

 

2

5

5

11

9

2

 

 

 

 

Tabell over fallvilt 1987/88 – 2005/06.

HJORT

 

Felt som skadedyr

Påkøyrd

Skadeskoten/daud

Daud av andre ting

Hannd.

Hodyr

Kalv

Hannd.

Hodyr

Kalv

Hannd.

Hodyr

Kalv

Hannd.

Hodyr

Kalv

6

6

1

2

12

 

4

1

1

46

49

20

 

06

 

FELTE  HJORT  1988  -  2005

 

 

 

HANNDYR

HODYR

År

Tildel.

Felt

F %

Kalv

1 ½ år

Eldre

Kalv

1 ½ år

Eldre

1988

261

86

33

12

16

25

6

7

20

1989

301

74

25

6

19

28

5

9

7

1990

283

71

25

11

21

24

3

 

12

1991

299

79

26

6

17

29

10

2

15

1992

299

92

31

16

13

40

5

5

13

1993

331

113

34

11

34

35

11

6

16

1994

293

128

44

21

23

37

15

4

28

1995

316

115

36

15

16

40

14

7

23

1996

344

141

41

21

27

37

14

8

34

1997

460

179

39

23

42

46

17

15

36

1998

319

157

49

27

30

46

17

8

29

1999

432

135

31

19

23

42

14

11

26

2000

428

150

35

19

31

47

16

7

30

2001

336

165

49

21

39

39

19

8

39

2002

338

152

45

17

22

55

13

9

36

2003

345

180

52

20

19

53

20

21

47

2004

328

171

52

16

24

48

16

24

43

2005

385

198

51

16

33

44

18

32

55

2006

410

233

57

38

35

61

28

 

33

38

SUM

6508

2619

40

335

484

776

261

216

547

Felling i %   i kvar gruppe.

13 %

18 %

30 %

10 %

8 %

21 %

 

Felling av hanndyr etter tabellen: 1595 stk = 61%

Felling av hodyr etter tabellen:    1024  stk = 39 %

 

 

 

07

 

 

 

 

 

 

           

TELJING AV HJORT I KOMMUNEN

 

Vårteljing av hjort i kommunen.

 

1999

2001

2002

2003

2004

2005

2006

Valldal

20

60

70

9

75

94

108

Fjørå

19

49

35

18

15

39

29

Tafjord

13

16

15

0

13

4

4

Osvika m.v. *

29

33

27

11

24

31

28

Norddal

9

7

4

2

9

12

11

Eidsdal

69

90

129

113

172

195

227

Sum

159

255

280

153

308

375

407

 

* Kunne vere lagt til Fjørå der dei krinsmessig høyrer heime.

 

 

 

 

 

Indeksrapport – hjort  2001 - 2006

 

 

 

Sett hjort

per. jegerd.verk

Sett kolle

per. bukk

Sett kalv

per. kolle

% bukk felt

av sett bukk

% kalv felt

av sett kalv.

% kolle felt av sett kolle

2001

1,66

1,39

0,76

14,09

6,74

6,69

2002

1,56

1,36

0,76

11,43

4,69

4,83

2003

1,39

1,52

0,73

13,80

7,61

9,10

2004

1,73

1,56

0,65

13,24

6,34

8,35

2005

1,54

1,46

0,60

13,00

6,97

9,50

2006

1,74

1,45

0,69

13,80

9,64

7,06

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

08

 

 

 

 

 

Slaktevekter gjennomsnitt 2001 – 2006 og gjennomsnitt for  6 år.

 

År

Hannkalv

Hokalv

1 ½  års hand.

1 ½  års hod.

Eldre hanndyr

Eldre hodyr

2001

30,72

30,38

58,69

52,88

84,79

63,40

2002

27,31

26,44

58,94

49,13

102,44

63,05

2003

29,45

28,76

59,81

53,83

92,76

64,49

2004

31,60

27,67

54,12

49,52

86,59

63,49

2005

30,12

27,56

58,05

51,68

90,25

64,14

2006

30,70

28,14

56,52

50,10

92,83

63,30

6 år

30,09

28,29

57,73

51,07

91,77

63,72

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

09

 

 

 

 

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann