|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: K40
Saksmappe: 05/00424-32
Sakshandsamar: Inge Lilleås Dato: 09.02.07 |
Oppheving av vedtak gnr. 3,
4 og 27
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Viltnemnda |
15.02.07 |
Utsendte saksdokument:
Skriv frå kommunen datert 22.11.06. til adv. Aspehaug.
Skriv frå adv. Aspehaug datert 20.12.06. til kommunen.
Skriv frå kommunen datert 22.01.07. til adv. Aspehaug
Skriv frå kommunen datert 29.01.07. til H. Båtnes
Norddal viltnemnd viser til viltnemndssak 024/06 som Fylkesmannen oppheva. Hovudgrunn var manglande kart utifrå Forskrift om forvaltning av hjortevilt og bever sin § 9 bokstavane b og d. Kommunen har ikkje fått tilsendt kart frå gardane 3 Muriås, 4 Muri og 27 Sylte, slik det vart bedt om i skriv frå kommunen allereie 03.08.06.
Konsekvensen av dette er at gardane må søkje på nytt for skiping av vald.
Handsaming i Viltnemnda 15.02.2007:
Det vart på bakgrunn av brev frå Adv. Asphaug den 15.02.07 vurdert sakshandsamaren sin habilitet – viltnemnda vurderar sekretæren som habil.
Per Arne Løvoll kom med slikt forslag:
Viltnemnda godkjenner det areal som framlagt kart syner etter at kommunen har planimetermålt det.
Røysting:
Samrøystes i samsvar med Løvoll sitt forslag.
Viltnemnda godkjenner det areal som framlagt kart syner etter at kommunen har planimetermålt det.
SAKSGRUNNLAG.
Viltnemndssak 17/06 og klage på vedtaket datert 26.06.06.
Viltnemndssak 24/06 og brev frå Fylkesmannen datert 27.07.06.
Diverse andre skriv.
SAKSOPPLYSNING.
Viltnemnda gjorde i sak 17/06 slikt vedtak:
Viltnemnda viser til forskrift om forvaltning av hjortevilt og bever og
gjer vedtak om samanslåing av Muriås, Muri og Sylte
Muriås sitt areal er 2000
dekar, Muri sitt areal vert sett ned med 150 dekar til 729 dekar og Sylte sitt
teljande areal vert sett ned frå 1650 dekar til 1500 dekar.
Det samla teljande areal vil då
verte 4229 dekar.
Valdet vil ha nr. 27 i viltnemnda sitt register.
Valdansvarleg vert Peter Melchior 6210 Valldal.
Gjennom skriv datert 26,06,06 vert det klaga på vedtaket og lagt ned slik påstand:
oppheve.
2. Klagarane får dekt sine kostnader med
saka.
Kommunen handsama klaga i sak 24/06 og gjorde slikt vedtak:
Saka vart ekspedert til Fylkesmannen som i skriv datert 27.07.06 oppheva viltnemnda sitt vedtak i sak 24/06. Grunnen er at Fylkesmannen vil at viltnemnda skal handsame saka på nytt med betre kartgrunnlag, der yttergrensene på valdet er teikna inn, teljande areal for hjort og rådyr og areal som viltnemnda meiner er omdisponert.
Ein vil i denne samanheng repetere fakta om desse tre gardane som i viltnemndssak 17/06 fekk utvida sitt areal og samanslege til eit vald.
Vald 3 Muriås fekk i viltnemndssak 16/94 fastsett sitt teljande areal til 2000 dekar.
Vald 4 Muri hadde fram til 1994 eit teljande areal på 2500 dekar.
Kva som ville skje om ein ikkje sende inn kart m vedlegg var opplyst i brev.
Valdet sende den gong ikkje inn nye oppgåver M/kart som bedt om og valdet vart sletta.
Seinare vart det i KNM-sak 50/97 skipa vald for rådyrjakt.på Muri med teljande areal 760 dekar.
Vald 27 Sylte sitt teljande areal vert i viltnemndssak 11/93 sett til 1825 dekar, seinare vart dette redusert til 1650 dekar, grunna jordskiftesak mellom brukarane på Sylte og Ødegård.
Søknaden om utviding og samanslåing av vald som viltnemnda handsama i sak 17/06 var på i alt 4529 dekar brutto- eit 4 - dyrs vald.
Dei areal som gjekk inn i desse 4529 dekar var:
Muriås 2000 dekar
Muri 760 dekar
Kvitla * 119 dekar
Sylte 1650 dekar
* Kvitla eig Muri, men kan ikkje nytte den utan Muriås er med i valdet.
Kommunen handterte søknaden utifrå forskrift om forvaltning av hjortevilt og bever Kap. 3. Krav til og godkjenning av vald sine §§ 8-9-10- og 11. slik det skal gjerast og som kommunen har ein soleklar rett til. Sjølvsagt krev ikkje ei slik handsaming etter søknad noko forhandsvarsling.
Arealet vart i sak 17/06 redusert med 300 dekar til teljande 4229 dekar, framleis med god margin til eit 4-dyrs vald.
Det kart som Fylkesmannen etterlyser, vart i brev frå kommunen bedt om i skriv datert 03.08.06 til valdet om snarast. I brev frå grunneigarane på Muri og Sylte sin advokat datert 18.08.06 til kommunen kan ein lese at ”Dette arbeides det med”
Først 15.11.06 mottek kommunen eit kart. Kartet er dårleg og ser ut som ein kopi med nokre utydeleg skraveringar på, kartet er heller ikkje planimetermålt med arealoppgåve som bedt om tidlegare. Viltnemnd godtok ikkje dette og bad i skriv datert 22.11.06 om tydelegare kart. Kommunen sette som frist 20.12.06.
I skriv frå advokaten datert 20.12.06 vert det opplyst at ein kjem attende til kartet etter nyttår.
Kommunen har i skriv datert 22.01.07.til grunneigarane sin advokat og i skriv datert 29.01.07 til tidlegare ansvarleg i vald 3 opplyst at saka vil verte vurdert på nytt.
SAKSVURDERING.
Denne saka har gått i langdrag, men det skuldast slett ikkje kommunen. Kommunen har etter mitt syn strekt seg langt i å finne ei løysing.
Etter Fylkesmannen sitt brev datert 27.07.06 og kommunen sitt brev til vald 27, datert 03.08.06. fekk kommunen telefon frå grunneigarane sin advokat, med spørsmål om den vidare framdrift.
Kommunen gav då klart til utrykk at straks kartet var motteke ville ein kalle grunneigarane inn til møte saman med viltnemnda, slik ein i fellesskap vart samde om dei areal som skulle trekkjast ut. Ein har ikkje registrert nokon reaksjon på dette og reknar med at det vart avvist av grunneigarane.
Ein vil vidare vise til at kommunen handsama klage frå vald 27 i viltnemndssak 028/06 og gav klagaren medhald ved å tildele eit fellingsløyve ekstra i 2006. Dette til tross for at klage var levert inn månadsvis for seint.
I sistnemnde vedtak vart og valdet pålagt å sende inn det kart som vart bedt om i skriv frå kommunen datert 03.08.06. Ein viser til saksopplysning i det som vidare har skjedd med dette.
Når det gjeld tidsfristar i rettsleg samanheng kan berre ein dags forseinking ha som konsekvens at ein taper sin klagerett ein kan og tape millionbeløp, slik er det ikkje i politisk samanheng, men sekretæren for viltnemnda, har frå nemnda, klart fått instruksjon om at tidsfristar skal haldast.
Ein vil og minne om at i ei tidlegare viltnemndssak gjekk nemnda mot rådmannen si innstilling og nekta å handsame ei sak som var innkomen for seint.
Det vil vere ille om kommunen skal bruke kalender og stoppeklokke i høve fristar for dei som ikkje har noko særleg juridisk kompetanse, medan ein for dei som har slik profesjon kan gi løyve til alt. Ja til og med at desse gjev seg sjølv nye fristar.
Dette handlar i høgste grad om lik handsaming frå kommunen si side.
Vidare synes det underleg å snakke om ”tidspress” i denne saka som snart har versert eit halvt år, ein vil tru det er grunneigarane som teiknar inn sine eigedomsgrenser, kommunale etatar vil kunne måle areal, arbeidet med å poistlegge kartet er vel minimal.
Kommunen kan ikkje no, etter tett på eit halvt års venting, på eit leseleg kart vente lenger på det.
Sjølv om det er slik at siste vedtak i regelen opphevar tidlegare, innstiller ein her på å trekkje alle tidlegare vedtak, for å ikkje skape noko mistyding.
Konsekvensen av det vert at dei må søkje om skiping av vald på nytt, samla eller som einskildvald.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|