|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: L12
Saksmappe: 05/00402-14
Sakshandsamar: Øystein Klempe Dato: 08.02.06 |
Reguleringsplan Nybøen,
Lingås
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Kommunestyret |
16.02.06 |
Utsendte saksdokument:
|
Vedlegg: |
|
|
Brev frå Svein Linge og Valldal høvleri AS, dagsett 08.02.06 |
|
|
2 |
Sak 09/06 Det faste utvalet for plansaker, møte 06.02.06 |
|
3 |
Sak 82/05 Det faste utvalet for plansaker, møte 28.11.05 |
Ikkje utsendte
saksdokument:
Handsaming i Kommunestyret 16.02.06:
Svein Linge, Al gjekk frå som ugild – Kjersti Sæter Magnussen møtte i han sin stad.
Håkon Myklebust, Sp gjekk frå som ugild – Jon Kåre Løvoll møtte i han sin stad.
Det vart reist spørsmål om ordføraren var ugild i saka – ordføraren gjekk frå under handsaminga av spørsmålet – han vart ikkje funne ugild.
Karl Jostein Rødset, H kom med slikt forslag til vedtak:
Med heimel i § 27-2 i plan- og bygningslova vedtek kommunestyret reguleringsplan for Nybøen, Lingås, i samsvar med plankart og føresegner dagsett 23.11.05, sist revidert 30.01.06.
Merete Løvoll Rønneberg, Sp kom med slikt forslag:
Saka vert å handsame i samband med rullering av arealplanen.
Prøverøysting:
9 røysta for Merete Løvoll Rønneberg sitt forslag
12 røysta for Karl Jostein Rødset sitt forslag
Endeleg avrøysting:
9 røysta for Merete Løvoll Rønneberg sitt forslag
12 røysta for Karl Jostein Rødset sitt forslag
Med heimel i § 27-2 i plan- og bygningslova vedtek kommunestyret reguleringsplan for Nybøen, Lingås, i samsvar med plankart og føresegner dagsett 23.11.05, sist revidert 30.01.06.
Det faste utvalet for plansaker handsama privat forslag til reguleringsplan for hytteområde Nybøen, Lingås i sak 82/05 i møte 28.11.05, og vedtok å fremme denne som offentleg plansak og legge den ut til offentleg ettersyn. Planframlegget har lege ute til offentleg ettersyn. Planforslaget var handsama for andre gong i sak 09/06 i møte 06.02.06 i planutvalet. Planutvalet vedtok då å ikkje ville slutthandsame planen.
I samsvar med § 30 andre ledd siste punktum i plan- og bygningslova har forslagsstillar ved brev av 08.02.06 kravd at reguleringsspørsmålet blir lagt fram for kommunestyret.
Brevet frå forslagsstillar til kommunestyret er vedlagt saka i sin heilskap.
Kommunestyret skal vurdere om saka skal fremmast/fullførast. I dette høvet er planprosessen gjennomført. Eit vedtak vil gå på at ein anten at oppretthalder planutvalet sitt vedtak i sak 09/06 eller følger innstillinga i saka.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
Rådmann |
|
|
|
|
|
|
|