|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: L12
Saksmappe: 03/00190-51
Sakshandsamar: Lars Kjell Smoge Dato: 10.12.07 |
Reguleringsendring Valldal
Vest, Murigrandane
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Det faste utvalet for plansaker |
17.12.07 |
Utsendte saksdokument:
Framlegg til reguleringsplan Murigrandane, plankart M=1:2000, dat. 22.11.07
Vedtekter reg.plan for Murigrandane, føresegner datert 07.12.07, §§ 1-7
Ikkje utsendte
saksdokument:
Heftet, reguleringsplan Murigrandane utarbeidd av Nordplan AS, dagsett 22.11.2007 (prosjekt 07118)
Annonse, brev vedk. ope møte om Murigrandane den 03.12.07
Følgjande handsaming av saker m/vedlegg:
Sak 034/07, møte 06.06.07 i Det faste utvalet for plansaker
Sak 065/06, møte 13.11.06 i Det faste utvalet for plansaker
Sak 026/06, møte 24.04.06 i Det faste utvalet for plansaker
Sak 012/06, møte 27.02.06 i Det faste utvalet for plansaker
Sak 085/05, møte 19.12.05 i Det faste utvalet for plansaker
Sak 024/04, møte 18.05.04 i Det faste utvalet for plansaker
Sak 008/04, møte 16.02.04 i Det faste utvalet for plansaker
Sak 011/03, møte 18.02.03 i Det faste utvalet for plansaker
I samsvar med § 27-1 i Plan- og bygningslova vedtek Det faste utvalet for plansaker å legge forslaget til reguleringsplan for MURIGRANDANE ut til offentleg ettersyn i tidsrommet 19.12.07 - 31.01.08 i samsvar med plankart dagsett 22.11.07 og føresegner dagsett 07.12.07.
Handsaming i Det faste utvalet for plansaker 17.12.2007:
Viktor Valdal ba om å få vurdert sin habilitet, og vart samrøystes vurdert habil i saka.
Linda Gjerde Myren sette fram slikt forslag om endringar i vedtektene til reguleringsplanen:
1. Pkt. 4.4: 3. og 4. setning i første avsnitt vert fjerna.
2. Helikopterlandingsplass bør innarbeidast i reguleringsplanen.
Pkt. 2 vart trekt.
Røysting:
Det vart først røysta over forslaget frå Linda Gjerde Myren:
Pkt. 1 fall med 4 mot 3 røyster.
Endeleg avrøysting:
Vedtak i samsvar med innstillinga med 5 mot 2 røyster.
I samsvar med § 27-1 i Plan- og bygningslova vedtek Det faste utvalet for plansaker å legge forslaget til reguleringsplan for MURIGRANDANE ut til offentleg ettersyn i tidsrommet 19.12.07 - 31.01.08 i samsvar med plankart dagsett 22.11.07 og føresegner dagsett 07.12.07.
Ved å gå attende til januar 2003 finn ein dette vedtaket som gjeld Murigrandane:
I samband med moglege
hotellplanar på området har ØPN-utvalet fatta slikt vedtak den 21.01.03:
Utval for økonomi, personal og næring ber rådmann og det faste utvalet
for plansaker om å prioritere arbeidet med omregulering av delar av
Murigrandane frå industri til serviceføremål, jfr. K.sak 140/99 og kommunalt
vedtak i 1991.
Vedtak i sak 011/03, møte 18.02.03 i Det faste utvalet for plansaker:
Med bakgrunn i vedtak
i kommunestyret vil Det faste utvalet for plansaker med heimel i § 23 i plan-
og bygningslova ta opp arbeid med reguleringsplan for området frå Muribugen og
til Valldalselva mellom sjøen og riksvegen med hovudvekt på endring frå
industriområde til serviceområde for arealet nærast elva. Arbeidet med reguleringsplanen vert å
førehandskunngjere i samsvar med § 27-1 i plan- og bygningslova.
Vedtak i sak 008/04, møte 16.02.04 i Det faste utvalet for plansaker:
1. Det faste utvalet for plansaker vil
gjennomføre reguleringsplan av området på Murigrandane der eksisterande
industriområde blir endra til område for serviceføremål for hotell, helsebygg
og dei eksisterande funksjonane som bensinstasjon og lokale for el-verket.
Valldal Grønt blir framleis industriområde event. kombinert med service.
2. Det skal plasserast småbåthamn lengst i
sør-vestre hjørne av planområdet med molo slik botntilhøva tillet det.
3. Planen skal formast som ein
flatreguleringsplan med naudsynte føresegner og illustrasjonsplanar som skal
gje ramme for dei aktuelle prosjekta innanfor området.
1. Planutvalet
har vurdert dei innkomne merknadene, og det vidare planarbeidet vert å utføre
etter desse retningslinjene:
a. Gangvegsystemet innanfor området vert
prioritert
b. Det området som i dag er regulert
industriområde, blir lagt ut som serviceføremål. Dette inkluderer areala til Valldal Automaskin, Norddal el-verk
og Valldal Grønt.
c. Det blir arbeidd vidare med planutforming i
dialog med alle aktørar innanfor området.
d. Ein avventar slutthandsaming av planen til
nærare resultat om risikovurdering i høve til flodbølgje ligg føre.
2. Med
heimel i § 33 i plan- og bygningslova vedtek Det faste utvalet for plansaker å
legge ned bygge- og deleforbod for heile det kunngjorte planområdet på
Murigrandane.
Oppstart av planarbeidet blei kunngjort i 2003 og kunngjort på nytt i 2006.
I samband med varslingane er det sendt brev til partane innanfor planområdet og aktuelle høyringsinstansar.
Det er også halde møter med dei som har kome med innspel.
Oppstarten av dette arbeidet var gjort av kommunen si PBO-avdeling v/plansjef Klempe, medan vidareføringa av planarbeidet har vore gjort av firma Nordplan AS v/sivilarkitekt Oddhild Fausa.
Alle uttalar som er komne til varslinga i 2006 er samla og vurdert i Nordplan AS sitt hefte tilhøyrande reguleringsplanen for Murigrandane; ein viser til pkt 3 Medverknad og innspel til planarbeidet fom. side 7 og tom. side 14 i heftet.
Bygge- og deleforbodet for heile det kunngjorde planområdet på Murigrandane vart gjort av Det faste utvalet for plansaker i møte 24.04.06 og i samsvar med § 33 i PBL må reguleringsspørsmålet vere endeleg avgjort innan 2 år, elles fell forbodet bort. Bygge- og deleforbodet går såleis ut 24.04.2008.
Det faste utvalet for plansaker held ope møte om reguleringa av Murigrandane på rådhuset den 03.12.07.
For utan annonsering av møte i Storfjordnytt vart samtlege med eigedom i området sendt skriftleg innbyding. På møte i den fullsette kommunestyresalen gjennomgjekk den ansvarlege arkitekten frå Nordplan AS planframlegget og svara på spørsmål.
Plankartet og planheftet var på førehand trykt opp og delt ut til dei av møtedeltakarane som ynskte det.
Ein må ha lov å uttrykke at det har vore ein grundig prosess i saka, der alle som har interesser i det aktuelle området har hatt høve til å kome med innspel.
I høve til planheftet som låg føre i møtet den 03.12.07 er det i føresegnene til planforslaget ei lita endring i § 4.4 og § 4.6, 4. avsnitt samt diverse skriverettingar; jfr. føresegnene.
Neste steg i handsaminga av reguleringsplanforslaget for Murigrandane vert å legge ut plankartet og føresegnene; jfr. vedlegg i saka, til offentleg ettersyn i minst 30 dagar i samsvar med § 27-1 i PBL, noko ein rår utvalet til å gjere vedtak om.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|