|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: K40
Saksmappe: 04/00455-5
Sakshandsamar: Inge Lilleås Dato: 10.12.2007 |
Bruk/overføring av/frå
viltfondet
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Viltnemnda |
18.12.07 |
Utsendte saksdokument:
Ikkje utsendte saksdokument:
Forskrift og
retningsliner viltfondet
Rådmannen trekte saka.
I samband med
avslutning av rekneskapen for kommunen i 2005 kom det fram ynskje om å bruke
ein del av viltfondet sine midlar.
Desse skulle dekkje
viltnemnda si møtegodtgjersle og lignende.
I 2006 løyvde
viltnemnda kr. 12000,- til dette føremålet.
Saksopplysning.
Det er viltnemnda
som er heilt suveren i bruk av viltfondet.
Viltfondet er i dag
på kr. 124362,-., det er vedteke tilsegn på tilskot på kr. 10000,00 som enno
ikkje er nytta og elles ein del mindre rekningar som kjem til.
Ein vil elles få ein
tilgang på kr.80000,-. når årets fellingsavgifter er betalt.
Fondet vil få meir
kapital i samband med fellingsavgiftene for hjort i 2007.
Ein tek med forskrifta sin
§ 4 bokstavane a og b som ser slik ut.
§ 4. Disponering av fondet.
a Fondet kan brukes til:
-
tiltak for å
fremme viltforvaltning, styrke kunnskapen om viltet, jaktorganisering
m.m i kommunen og nabokommuner gjennom samarbeid i regi av
organisasjoner,
enkeltpersoner eller kommunen selv.
-
å dekke
kommunens utgifter til ettersøk og håndtering av skadd vilt og fallvilt i
kommunen.
-
tiltak for å
forebygge skader på landbruksnæring voldt av hjortevilt.
b Fondet kan ikke brukes til:
-
kommunal
administrasjon av viltforvaltningen ( faste utgifter til lønn,
møtegodtgjørelser, reiser m.v.)
-
å erstatte
skader voldt av vilt.
-
Skuddpremier
Saksvurdering.
Ein vurderar det slik at
det er ingen ting i vegen for å nytte viltfondet til møtegodtgjersle og
lignende .til medlemane av viltnemnda etter bokstav b i § 4.
Sjølv om ein har heimel til å bruke viltfondet som nemnt er det
prinsipielt tankefullt, men sidan ein nytta fondet til nemnde forhold i 2006
synes det vanskeleg å ikkje gjere det i år.
Ein finn då å innstille på same vedtak som for 2006.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|