NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    044

Saksmappe:          07/00992-1

Sakshandsamar:   Inge Lilleås

Dato:                      10.12.2007

 

Møtebok

                                  

 

 

Fullmakter til rådmann

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

038/07

Viltnemnda

18.12.07

 

Utsendte saksdokument:

 

Ikkje utsendte saksdokument:

 

 


Rådmannen si innstilling:

Viltnemnda gjev rådmann i tida 2008 – 2011 fullmakt til å handtere saker som nemnt nedafor:

  1. Avliving eventuelt søk etter sjukt eller trafikkskada vilt.
  2. Gi løyve til bruk av kunstig lys og bruk av motorkjøretøy dersom søket går føre seg i kommunal regi. Gjeld trafikkskade og søk i jakttid. Forskrift om utøvelse av jakt og fangst § 29.
  3. Gi løyve til felling av hjortevilt og bever som gjer skade Viltlova § 13.
  4. Gi løyve til felling av andre viltarter som gjer skade Viltlova §14.
  5. Tinge arbeid for teljing av hjort.
  6. Kostnad med arbeidet  etter punkta 1 – 5 vert å løyve frå viltfondet.

 

 

 


Handsaming i Viltnemnda  18.12.2007:

Bjørn Helge Rønneberg foreslo å utsette saka – han trekte seinare forslaget.

 

Jon Kåre Rønneberg kom med slikt forslag til vedtak:

Viltnemnda gjev rådmannen i tida 2008 fullmakt til å handtere saker som nemnd nedanfor. Punkta 1-6.

 

Røysting:

3 røysta for Jon Kåre Løvoll sitt forslag

2 røysta for innstillinga

 

 

 


Vedtak i  Viltnemnda - 18.12.2007:

Viltnemnda gjev rådmannen i tida 2008 fullmakt til å handtere saker som nemnd nedanfor:

 

  1. Avliving eventuelt søk etter sjukt eller trafikkskada vilt.
  2. Gi løyve til bruk av kunstig lys og bruk av motorkjøretøy dersom søket går føre seg i kommunal regi. Gjeld trafikkskade og søk i jakttid. Forskrift om utøvelse av jakt og fangst § 29.
  3. Gi løyve til felling av hjortevilt og bever som gjer skade Viltlova § 13.
  4. Gi løyve til felling av andre viltarter som gjer skade Viltlova §14.
  5. Tinge arbeid for teljing av hjort.
  6. Kostnad med arbeidet  etter punkta 1 – 5 vert å løyve frå viltfondet.

 

 

 

 

 

Saksgrunnlag.

Det er nødvendig med ein del fullmakter for å få til den smidigheit som trengs i kurrante saker.

 

Saksopplysning.

I viltforvaltninga har dette med delegering til rådmann vore lite av, det treng ein heller ikkje i den store samanheng. Likevel er det ein del kurante saker og saker som krev handling på timen som bør delegerast.

 

Dei delegeringar som hittil har vore  er stort sett gjeve munnleg langt attende i tid og reint juridisk er dei ikkje haldbare.

 

Saksvurdering.

Dei delegeringar ein tenkjer på i denne samanheng er kurrante ting som kommunen ofte er lovpålagt å ta seg av.

Ein ynskjer å få dette inn i meir faste former og viltnemnda kan delegere ut sin valperiode.

Når den er over fell delegeringane vekk og nytt vedtak må gjerast.

Saker av prinsipiell art skal sjølvsagt handsamast politisk

 

 

 

 

 

 

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann