|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: V50
Saksmappe: 07/00579-7
Sakshandsamar: Toralv Klokkehaug Dato: 06.12.2007 |
Kommunal overtaking,
godtgjering og organisering av tilgang på veterinærtenester og klinisk
veterinærvakt frå 01.01.2008
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
17.12.07 |
|
|
|
Kommunestyret |
|
Utsendte saksdokument:
Brev av 16.10.2007 om at kommunane får ansvar for tilgang til veterinærtenester og veterinærvakt frå 01.01.2008
Brev av 23.11.2007 om rammeavtale og om organisering av og godtgjering for deltaking i veterinærvakt
Rundskriv 57/07 frå Statens landbruksforvaltning om utbetaling av tilskot til kommunale veterinærtenester
1. Norddal
kommunestyre vedtek rammeavtalen mellom Den norske veterinærforening og KS som
gjeld frå 01.01.2008.
2. Norddal
kommunestyre gir rådmannen fullmakt til å inngå avtalar med veterinærar som
deltek i klinisk vaktordning. Fullmakta blir vidare delegert til rådmannen i
Ørskog kommune.
3. Ørskog
interkommunale landbrukskontor får, gjennom fullmakter, ansvaret for å
administrere ordninga med klinisk veterinærvakt i vaktområde Ørskog.
4. Dette
vedtaket føreset at kommunane Skodje, Ørskog og Stordal gjer tilsvarande
vedtak.
Frå 01.01.2008 overtek kommunane ansvaret for tilgang på veterinætenester og klinisk veterinærvakt. Norddal kommune bør vedta rammeplanen mellom Den norske veterinærforeningen og KS. Det er samstundes ønskeleg at alle kommunane i vaktområde Ørskog (Ørskog, Norddal, Stordal og Skodje) vedtek rammeplanen. Rådmannen bør få fullmakt til å inngå avtalar med kvar einskilde veterinær som skal delta i vaktordninga. Rådmannen vil delegere si fullmakt vidare til Ørskog interkommunale landbrukskontor v/landbrukssjefen. Det synes riktig at alle dei øyremerka midlane blir overførte til Ørskog kommune og at Ørskog interkommunale landbrukskontor har ansvaret for administrasjon av vaktordninga.
Frå 01.01.2008 overtek kommunane ansvaret for tilgang på
veterinærtenester, og dermed også for klinisk veterinærvakt. Det vil i praksis
si at kvar einskilde kommune har eit ansvar for å sikre tilfredsstillande
veterinærtilgang i sin kommune. Tidlegare har det vore staten ved Mattilsynet
som har hatt ansvaret for veterinærdekninga i kommunane. Lovendringa vil bli
vedtatt i Stortinget 13. desember 2007.
Den kliniske veterinærtenesten er heldigvis godt etablert i
området vi hører til og med ansvaret følgjer øyremerka midlar frå Landbruks- og
matdepartementet (LMD). Midlane består av vakt-, administrasjons- og stimuleringsstilskot.
For vårt område er det berre vakt- og administrasjonstilskot som er aktuelle då
veterinærdekninga på dagtid er god.
Den norske veterinærforening (DNV) og KS har framforhandla ein rammeavtale om organisering av og godtgjering for deltaking i klinisk veterinærvakt. KS rår alle kommunane til å vedta denne rammeavtala og lage samarbeidsavtalar om interkommunalt samarbeid innafor dei vaktdistrikta som allereie er etablert. Vårt vaktdistrikt kallast Ørskog og inneheld kommunane Ørskog, Norddal, Stordal og Skodje. I tillegg høyrer også Vatne i Haram kommune og Liabygda og Geiranger i Stranda kommune til i det same vaktdistriktet. Dei øyremerka midlane er fordelte på kommunane i høve til vaktdistrikt slik at midlane for vaktdistrikt Ørskog er fordelt med kr. 142 216,- på kvar av kommunane Ørskog, Skodje, Stordal og Norddal. Dette beløpet inneheld både kompensasjon til vakthavande veterinærar jf. rammeavtalen sine satsar og eit administrasjonstilskot på ca 10 000 kr pr. kommune. Totalt er det altså berekna ein kostnad på kr. 568 864 (inkl. adm.) på vaktdistrikt Ørskog for 11 månader i 2008. Utbetalinga skjer etterskotsvis etter rapport frå vakthavande veterinær. Første utbetaling vil altså skje i februar 2008.
Rådmannen bør ha fullmakt til å inngå avtalar med
veterinærane som skal delta i vaktordninga. Sidan vi allereie har eit
interkommunalt samarbeid innafor landbruket på største delen av vaktområdet,
rår vi til at det interkommunale landbrukskontoret med kontorstad Sjøholt får
vidaredelegert frå rådmannen ansvaret med å administrere heile vaktområdet
Ørskog. Administrasjon av vaktområdet vil innebere å inngå avtalar med dei
einskilde veterinærane i området, å lage vaktplanar og å syte for at
veterinærdekninga til einkvar tid er god nok. Sjølve utbetalinga til
vakthavande veterinær bør skje gjennom Ørskog kommune si økonomiavdeling.
Dersom alle kommunane som er med i dette distriktet godtek
denne interkommunale løysinga, må rådmennene i dei deltakande kommunane få naudsynte
fullmakter som blir vidare delegert til Ørskog interkommunale landbrukskontor
via rådmannen i Ørskog kommune. Ordninga vil også innebere at kommunane
overfører alle dei øyremerka midlane til Ørskog kommune. Ørskog kommune må
internt bli einige om fordeling mellom landbrukskontoret og økonomiavdelinga av
administrasjonstilskotet. Det vil bli laga eit eige rekneskap for kommunale
veterinærtenester og rapportering vil skje til alle kommunane som deltar.
Ordninga inkludert dei økonomiske aspekter ved den må evaluerast i 2009, og
deretter når ein av dei deltakande kommunane ber om det.
På bakgrunn av dette rår ein til at kommunen vedtek den rammeavtalen som er forhandla fram mellom DNV og KS. Vi øskjer også at Ørskog interkommunale landbrukskontor får fullmakt til å inngå avtalar med den einskilde veterinær i vaktområde Ørskog og skal ha det daglege administrasjonsansvaret for vaktdistriktet. Vedtaket forutsett at alle kommunane overfører naudsynte fullmakter og dei øyremerka midlane til Ørskog kommune.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
Rådmann |
|
|
|
|
|
|
|