NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    144 V

Saksmappe:          03/01035-9

Sakshandsamar:   Torill MonstadToril Monstad

Dato:                      07.02.06

 

Møtebok

                                  

 

 

Landbruksplanen

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

010/06

Formannskapet

06.02.06

 

 

Utsendte saksdokument:

Forslag til landbruksplan for Norddal kommune 2006 - 2009

 


Rådmannen si innstilling:

1. Landbruksplanen er ein delplan til kommuneplanen. Planen er difor underlagt lovar og reglar som regulerar kommuneplanar.

 

2. Planutvalet vedtar å leggje forslag til landbruksplan ut til offentleg gjennomsyn med frist for merknader innan 15.03.06.

 

-----------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Formannskapet  06.02.06:

Ordføraren kom med slikt forslag til eit nytt pkt. 3:

Landbruksforum vert bede om å koordinere innspel i høyringsperioden og gjere innstilling til Det faste utvalet for plansaker.

 

Røysting:

Samrøystes i samsvar med innstillinga om med ordføraren sitt tilleggspunkt.

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Vedtak i  Formannskapet - 06.02.06:

1.         Landbruksplanen er ein delplan til kommuneplanen. Planen er difor underlagt lovar og reglar som regulerar kommuneplanar.

 

2.         Planutvalet vedtar å leggje forslag til landbruksplan ut til offentleg gjennomsyn med frist for merknader innan 15.03.06.

 

3.         Landbruksforum vert bede om å koordinere innspel i høyringsperioden og gjere innstilling til Det faste utvalet for plansaker.

 

----------------------------------------------------------------------------


 

 

Saksgrunnlag:

Bondelaga i Norddal kommune tok i eit brev av 27.11.03, initiativ til at kommunen skulle utvikle ein landbruksplan. Formannskapet vedtok i ei referatsak 08.12.03 at ein skulle utarbeide ein landbruksplan, og at landbruksorganisasjonane skulle ta del i arbeidet. Det vart vinteren 2004 vedtatt og oppretta ei rådgjevande gruppe frå landbruksorganisasjonane og reiselivslaget, som fekk namnet landbruksplangruppe og seinare landbruksforum. Næringsavdelinga har vore sekretariat for landbruksforumet.

 

Saksopplysningar:

I dei tidlegare vedtak knytta til landbruksplanen for Norddal kommune går det ikkje tydeleg fram om dette skal vere ein kommunal delplan.

 

Landbruks- og matdepartementet anbefalar at planen vert knytt opp mot det øvrige kommunale planarbeidet, og at planen vert karakterisert og vedtatt som ein kommunedelplan. Planen vert då juridisk bindande, og ikkje berre retningsgjevande, på lik linje med andre lovpålagte delplanar. I Plan og bygningslova § 20.6 står det at ”Kommuneplanen skal leggjast til grunn ved planlegging, forvaltning og utbygging i kommunen.” Som kommunedelplan skal planen sendast ut på høyring til fylket og andre organisasjonar som kan ha innspel til planen, samt leggjast ut til offentleg ettersyn med minst 30 dagars frist. Planen skal så behandlast og vedtakast i kommunestyret.

 

I utarbeidinga av landbruksplanen har ein tatt utgangspunkt i at den skal vere ein kommunal delplan på grunn av dei signal som har kome frå politisk hald, men ein ynskjer eit formelt vedtak på dette. Dette for å vite korleis ein skal handtere landbruksplanen vidare.

 

Denne landbruksplanen vil gjelde frå 2006 til 2009, altså i fire år. Planen er delt i to, ein statusdel med utfordringar og mål, og ein handlingsdel med konkrete tiltak. Dersom planen vert ein kommuneplan, tilseier plan og bygningslova at den skal takast opp til vurdering minst ein gong i løpet av kvar valperiode. Vil ein endre planen, blir det ei rullering. Tiltaksdelen med konkrete tiltak kan ein rullere på årsbasis, eventuelt sjeldnare. Landbruksforumet ser det som hensiktsmessig å rullere tiltaksdelen annakvart år, for å kort oppsummere og evaluere kor langt ein har kome i forhold til oppsette tiltak, gjere andre prioriteringar og eventuelt hekte på nye tiltak. Landbruksforumet ser det òg som hensiktsmessig at dei har ei fagleg rolle i rulleringa, før den går til formannskapet.

 

Saksvurdering og konklusjon:

Administrasjonen ser det som viktig at landbruksplanen vert vedtatt som ein kommunal delplan. Det har tatt lang tid og kravd mykje ressursar for å lage denne planen, og det er viktig at planen vert brukt vidare i kommunen sitt arbeid med landbruksnæringa. Som ein kommunal delplan bind den kommunen sine avgjersler på ein annan måte enn dersom den kun skal vere rådgjevande.

Det har vore vanskeleg å få til klare prioriteringar mellom dei konkrete tiltaka i handlingsplanen, og ein håpar difor på at ein høyringsrunde vil bidra til ytterlegare prioritering. Det er viktig å synleggjere kva tiltak ein satsar på og vil arbeide vidare med, og kva det er ein då nødvendigvis må leggje til sides. Dette må gjerast når ein ikkje har ressursar til å iverksetje alle tiltaka på lik linje.

 

 

 

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann