|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: 053
Saksmappe: 05/00939-1
Sakshandsamar: Aud Lindis Ødegaard Dato: 03.01.2006 |
Rullering av
informasjonsstrategi for Norddal kommune - handlingsplanen
Utval |
Møtedato |
|
Driftsutvalet |
06.03.06 |
Utsendte saksdokument:
Tiltaksdelen på informasjonsstrategien
Ikkje utsendte
saksdokument:
Informasjonsstrategi for Norddal kommune
1. Norddal kommune vedtek tiltaksdelen på informasjonsstrategien slik han ligg føre.
Handsaming i Driftsutvalet 06.03.06:
Utvalet gjekk inn for slik endring i den kortsiktige handlingsplanen:
Kortversjon av årsbudsjett og rekneskap.
Røysting:
Samrøystes i samsvar med innstillinga og med endringa som var foreslått i møtet.
Norddal kommune vedtek tiltaksdelen på informasjonsstrategien slik han ligg føre med
endringa som vart vedtatt i møtet.
Norddal kommunestyre vedtok 03.06.04 informasjonsstrategi for 2004-2008. Handlingsdelen skal rullerast årleg, men har av ulike årsaker ikkje vore gjort før no.
Informasjon er eit område der kommunen framleis har stort forbetringspotensiale. Det er eit leiaransvar, og ein føl linjeprinsippet – den som har dagleg ansvar for tenesta har også ansvar for informasjonen. Det gjeld både intern og ekstern informasjon.
Resultatvurdering av
langsiktige tiltak:
1. Ny internettside er på plass, ein har valt Acos sitt system som også truleg blir ny leverandør av sakshandsamingssystem på sikt. Det er det same som dei omkringliggande kommunane nyttar.
2. Budsjettposten for annonsering, info er auka med 30.000 kr.
7. Verktøy for
tilbakemelding på informasjon. Dette må sjåast i samanheng med arbeidet som er
på
gang knytt til respons på forbetringsområde, jfr. pkt 10 under
kortsiktige tiltak.
Resultatvurdering av
kortsiktige tiltak:
1. Det er utarbeidd instruks/funksjonsomtale for informasjonsansvarleg og webmaster.
2. Nye nettsider er på plass, og dermed går pkt. 2 ut.
3. Ei arbeidsgruppe har vore i sving for å utarbeide mal for brukarorienterte tenesteomtalar. Nokre er no vedtekne i Driftsutvalet, men ein erfarer at det er svært vanskeleg å få til ei god framdrift på dette området. Ein har difor gjort avtale med nettleverandøren om å få på plass ein rutinebank som også vil gjere det enklare for servicetorget å gjere oppslag på aktuelle emne.
4. Drifts- og investeringsbudsjettet verkar rimeleg oversiktleg. Ein har ikkje gjort noko tiltak for å få lettare og meir oversiktleg oppsett.
6. Internavis blir laga minst fire gongar i året.
10. Konsekvensar av mangel på tenester er vanskeleg å konkretisere. Arbeidsgruppa som laga malane for tenesteomtalane drøfta dette grundig, og fann det vanskeleg å sette økonomiske eller andre forpliktingar som konsekvens. Eit system for å fange opp manglar er likevel svært viktig, jfr. pkt. 11. Det blir viktig å få i stand eit godt apparat som tek i mot meldingar om forbetringsområde, og som syt for oppfølging av desse. Dette er under arbeid.
12. Kommunen har ein informasjonsplan for kriser, og mykje av det er aktuelt også i ein normalsituasjon. Det vil i løpet av første halvår bli laga eit rundskriv til alle tilsette der det står korleis dei tilsette skal forhalde seg til media.
Nye aktuelle tiltak er ført opp i handlingsplanane.
Stig Holmstrøm |
|
rådmann |
|
|
|
|
|