|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: 223 C
Saksmappe: 05/00922-2
Sakshandsamar: Aud Lindis Ødegaard Dato: 02.01.2006 |
Søknad om kommunal støtte
til Omenås Musikkfestival 2006
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Driftsutvalet |
23.01.06 |
Utsendte saksdokument:
Brev frå Stian Omenås, datert 21.12.05
Ikkje utsendte
saksdokument:
1. Norddal kommune går ikkje inn med årleg støtte til Omenås musikkfestival.
2. Omenås musikkfestival får 3.000 kr i støtte i 2006 som dei foregåande åra.
3. Midlane vert å ta av konto 1472.2403.3850.
1. Norddal kommune går ikkje inn med årleg støtte til Omenås musikkfestival.
2. Omenås musikkfestival får 3.000 kr i støtte i 2006 som dei foregåande åra.
3. Midlane vert å ta av konto 1472.2403.3850.
Stian Omenås søkjer i brev datert 21.12.05 om at kommunen set av faste budsjettmidlar til Omenås musikkfestival i åra som kjem for å sikre vidare drift av festivalen.
Omenås musikkfestival har vore arrangert dei to siste åra med gode tilbakemeldingar både frå artistar og publikum. Festivalen har fått 3.000 kr i kommunal støtte desse åra, og i tillegg har han hatt andre lokale sponsorar samt fått midler til Norsk Kulturråd.
Norddal kommune har til no ikkje gått inn med faste driftsmidlar til arrangement. Ein har vore positiv til å støtte i ei oppstartfase, og også vore med å dekkje underskot ved enkelte høve.
Omenås har ein del argument på kvifor Omenås musikkfestival skil seg frå andre arrangement i kommunen, og difor bør få etablert ei særordning:
· Arrangementet er ikkje-kommersielt, og slike tiltak er så viktige at dei må sikrast sitt spelerom. Ein frontar nye ikkje-kommersielle artistar innan sjangeren klassisk, jazz og moderne improvisasjon.
· Artistane held eit profesjonelt høgt nivå som Stian Omenås vel å løne dei etter med tilstrekkelege honorar.
· I 2005 måtte han køyre høge billettprisar for å sikre budsjettbalanse. Dette ønskjer ikkje Omenås då han vil at festivalen skal vere tilgjengeleg for alle.
· Festivalen treng fast statleg og kommunal støtte slik at musikken blir meir tilgjengeleg for folk flest.
· Kvart år har det vore med lokale artistar: Valldal songlag i 2004, Tone Tafjord i 2005, samt Valldal hornmusikk og Håkon Myklebust band i 2006.
· Dei fleste musikkfestivalar har årlege bestillingsverk som gjennomsnittleg kostar om lag 100.000 kr. Festivalen har fått til alternative kontrakter for å kunne gjennomføre dette til no. Omenås skriv at norsk musikk er avhengig av at det blir produsert ny og variert musikk.
· Barnekonsert er fast innslag på norske musikkfestivalar. I 2005 vart ein slik konsert gjennomført på Muritunet.
Stian Omenås ønskjer tilbakemelding på om kommunen kan støtte festivalen i framtida. Han kjenner til at nokre kommunar bidreg på liknande arrangement. Han antyder 10.000 kr i årleg støtte.
Kommunen har ikkje hatt praksis med å støtte etablerte arrangement. Ein har vore medspelar i ei startfase, og hjelpt til i nokre tilfelle når arrangement har gått med underskot. Det har vore viktig for å stimulere til nytenking, og for å skape tryggleik for utprøving.
Kommunen har heller ikkje hatt ein slik festival tidlegare så det er nye grensegangar som må dragast. Lag og organisasjonar har mange ulike arrangement for å spe på lunkne klubbkasser. Omenås sin motivasjon er å formidle kvalitetsmusikk til folk flest, og han er ikkje ute etter å skape overskot.
Det har vorte eit flott supplement til eksisterande tilbod i kommunen. Samstundes vert det ein hårfin balanse overfor alle dei frivillige som legg ned ein enorm gratisinnsats gjennom ei årrekkje for å halde det lokale kulturlivet i drift.
Kommunen bør ikkje forplikte seg mange år framover. Skal ein gi støtte til kulturtiltak må det kome etter søknad. Omenås musikkfestival er i startgropa, og det er viktig at kommunen signaliserer positiv haldning til festivalen. Det vert gitt eit annleis tilbod, og det ønskjer ein skal eksistere også i framtida.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|