|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: K50
Saksmappe: 04/00208-29
Sakshandsamar: Per Grimstad Dato: 31.01.06 |
Verdsarv - Kommunal
organisering
Utval |
Møtedato |
|
Formannskapet |
06.02.06 |
|
017/06 |
Formannskapet |
27.02.06 |
013/06 |
Kommunestyret |
30.03.06 |
Utsendte saksdokument:
Referat frå møtet i Verdsarvrådet datert 20.12.2005
Utkast til retningslinjer for Verdsarvrådet frå Direktoratet for naturforvaltning 2006-01-04
Ikkje utsendte
saksdokument:
Framlegg til Forvaltningsplan for Vestnorsk fjordlandskap – del nord
Forslag til plan for Verdsarvprosjektet
Arbeidet med verdsarvprosjektet Vestnorsk fjordlandskap vert organisert på følgjande måte:
Offentlege instansar kan stille med ein person til
(bisitjar)
Handsaming i Formannskapet 06.02.06:
Ordføraren kom med forslag om at saka vert utsett.
Røysting:
Samrøystes i samsvar med ordføraren sitt forslag.
Handsaming i Formannskapet 27.02.06:
Rådmann la fram slike endringar i innstillinga:
Følgjande formuleringar vert å ta ut av innstillinga:
Pkt. 3: ”Alle
instansar vel kvar sin vararepresentant”.
Offentlege instansar
kan stille med ein person til (bisitjar).
Merete Løvoll Rønneberg, Sp kom med slikt forslag til vedtak:
1. Som innstillinga.
2. Som innstillinga med tilføying av:
e) 1 representant frå Storfjordens venner.
I Norddal kommune ber ein Norddal reiselivslag oppnemne 1 representant for reiselivsnæringa. Ein ber Eidsdal/Norddal Bondelag kalle inn til fellesmøte med Norddal bonde- og småbrukarlag, slik at dei i fellesskap nemner opp sin representant.
3. Som opphavleg innstilling.
4. Som innstillinga.
5. Styringsgruppa konstituerer seg sjølv. Leiarskapet skal liggje til lokal representant.
6. Den førebelse arbeidsgruppa for arbeidet med verdsarven vert lagt ned. Undergrupper som er sett ned i tilknyting til einskildprosjekt e.l, held fram til deira arbeid er sluttført. Prosjektleiar held fram i stillinga si og er underlagt styringsgruppa.
Røysting:
Samrøystes i samsvar med Merete Løvoll Rønneberg, Sp sitt forslag.
Arbeidet med verdsarvprosjektet Vestnorsk fjordlandskap vert organisert på følgjande måte:
1. Det vert oppretta ei styringsgruppe for Geirangerfjorden med omland.
Handsaming i Kommunestyret 30.03.06:
Forslag frå A. Sandnes om slik endring:
Første setning i pkt. 2e vert stroken.
Nytt pkt. 7: Norddal kommunestyre meiner at spesifikk fagkompetanse på t.d. miljøvern, areal og kultur, skal trekkast inn etter behov i eigne arbeidsgrupper, men ikkje vere fast representert i styringsgruppa.
Vedtak samrøystes i samsvar med innstillinga og ordføraren sitt endringsforslag.
Arbeidet med verdsarvprosjektet Vestnorsk fjordlandskap vert organisert på følgjande måte:
a.Stranda kommune: Ordførar og rådmann
b.Norddal kommune: Ordførar og rådmann
c.Møre og Romsdal fylke: Fylkesordførar og fylkesrådmann
d.Næringslivet i Str./Nord. 4 repr. (2 frå kvar av kommunane)
e.I Norddal kommune ber ein Norddal reiselivslag oppnemne 1 representant for reiselivsnæringa. Ein ber Eidsdal/Norddal Bondelag kalle inn til fellesmøte med Norddal bonde- og småbrukarlag, slik at dei i fellesskap nemner opp sin representant.
a.Leie og samordne arbeidet med å ivareta og utvikle verdsarvstatusen i vårt område
7. Norddal
kommune meiner at spesifikk fagkompetanse på t.d. miljøvern, areal og kultur,
skal trekkast inn etter behov i eigne arbeidsgrupper, men ikkje vere fast
representert i styringsgruppa.
Den norske stat ved Miljøverndepartementet sendte i januar 04 søknad til Unesco for kandidaten ”Vestnorsk Fjordlandskap”.
Tidleg på året 2005 oppretta Stranda og Norddal ein prosjektgruppe for å forberede nordområde på ein eventuell verdsarvstatus. Etter fullfinansiering vart det ansatt prosjektleiar i 100% stilling, for ein periode på 3 år. Stillinga er lagt til Destinasjon Geiranger Trollstigen (DGT), og har ein ekstern prosjektgruppe som ressurs i planlegging og prioritering. No ligg det føre ein endelig prosjektplan.
Verdsarvstatus vart oppnådd den 14 juli 05.
Det er no under etablering eit verdsarvråd. Den 31 januar 06 vil dette konstituere seg og den endelige organisering vere klar.
Forvaltningsplanen for Vestnorsk Fjordlandskap (del nord) har vore ute på høyring, og er no til endelig handsaming hos Fylkesmannen. Ein tek sikte på at den endelige planen vil føreligge i løpet av første halvår 06, etter at Direktoratet for naturforvaltning har godkjent denne.
Sentral organisering:
I eit møte som Direktoratet for naturforvaltning kalla inn til i Sogndal 20.desember 2005, vart det bestemt korleis arbeidet med verdsarvstatusen skulle gjennomførast. Arbeidet vert organisert gjennom eit verdsarvråd som omfattar begge områda (både nord- og sørområdet). I dette rådet sit følgjande:
I tillegg er der med følgjande repr. som har talerett, men ikkje stemmerett:
Viser til vedlagde framlegg til retningslinjer for dette arbeidet.
Lokal organisering:
Både nordområdet og sørområdet skal opprette eigne styringsgruppe. Framlegget til lokal organisering har vore drøfta i fellesmøte med begge kommunane, samt at det har vore drøfta med Møre og Romsdal fylke.
Den nye styringsgruppa skal vere eit rådgjevande organ som skal vere med å samordne arbeidet i tråd med intensjonane i tildelingskriteria for denne statusen.
Styringsgruppa må sjølv sjå nærare på definering og presisering av arbeidet etter det mandatet som den har fått. Styringsgruppa skal ikkje delegerast mynde frå kommunane.
Katrin Blomvik vart i 2005 tilsett som prosjektleiar for verdsarvprosjektet. DGT er blitt tillagt arbeidsgjevaransvaret for stillinga, men den er finansiert av eksterne midlar. Stillinga vil framleis ha DGT som arbeidsgjevaransvar, men arbeidsmessig vil den forholde seg til styringsgruppa samt det overordna verdsarvrådet. Stillinga vil bli heilt/delvis finansiert gjennom statlege midlar. Dei to første åra skal den også vere sekretær for verdsarvrådet. Arbeidsfordelinga må drøftast nærare mellom verdsarvrådet og styringsgruppa (nord).
Etter framlegget skal næringslivet oppnemne 4 representantar i styringsgruppa. Intensjonen er at begge kommunane skal vere representerte. Det vert gjort gjennom at bondelaga oppnemnar 2 representantar og at styret i DGT samordnar valet av 2 repr. frå reiselivet.
For til ein kvar tid å vere avgjerdsdyktige, skal det veljast vara for alle medlemane i styringsgruppa. Rådmann har valgt plansjef som sin personlege vararepresentant. Kommunestyret veljer vara for ordførar.
Arbeidet med verdsarvprosjektet Vestnorsk fjordlandskap vert då og organisere på følgjande måte:
1 Det vert oppretta ei styringsgruppe for Geirangerfjorden med omland
2 Styringsgruppa for Geirangerfjorden med omland vert samansett på følgjande måte:
3 Alle instansar vel kvar sin vararepresentant
4 Styringsgruppa får tildelt følgjande mandat:
5 Ordførar i Norddal kommune er leiar av styringsgruppa ut denne valperioden
6 Den førebelse arbeidsgruppa for arbeidet med verdsarven vert lagt ned. Prosjektleiar for verdsarven
vert sekretær for den nye styringsgruppa
Offentlege instansar kan stille med ein person til
(bisitjar)
Nye
opplysingar i saka til formannskap 27.02.06
Stranda kommune har ikkje kopiert Norddal Kommune sin innstilling av 060206.
Det vil vere ryddigast med likelydande vedtak, og endringa er ikkje av vesentleg art.
Fyljande formuleringar vert å ta ut av innstillinga:
Punkt 3 ” Alle instansar
vel kvar sin vararepresentant”
Offentlege
instansar kan stille med ein person til (bisitjar)
Stig Holmstrøm |
|
Rådmann |
|
|
|
|
|