NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    033

Saksmappe:          07/00963-1

Sakshandsamar:   Bente Klakken Osvik

Dato:                      29.11.2007

 

Møtebok

                                  

 

Val av partsamansett utval for perioden 2007-2011  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

110/07

Driftsutvalet

05.12.07

 

Utsendte saksdokument:

 

 

Ikkje utsendte saksdokument:

 


 

Framlegg til vedtak:

Partsamansett utval for perioden 2007-2011:

 

Frå arbeidsgjevarsida vert desse valde:

1.                                                        Personleg vara:

2.                                                                              :          

3.                                                                              :

 

Frå arbeidstakarsida vert desse valde:

1.                                                        Personleg vara:

2.                                                                              :

 

 

 


Handsaming i Driftsutvalet  05.12.2007:

Utvalet gjekk samrøystes inn for slikt vedtak:

 

Partsamansett utval for perioden 2007-2011:

Frå arbeidsgjevarsida vert desse valde:

1.         Arild E. Nærø                         Personleg vara: Bjørn Helge Rønneberg

2.         Karianne V. Døving                                       :           Torunn S. Ljøen          

3.         Svein Linge                                                   :           Tanja Mathiesen

 

 

 


Vedtak i  Driftsutvalet - 05.12.2007:

Partsamansett utval for perioden 2007-2011:

Frå arbeidsgjevarsida vert desse valde:

1.         Arild E. Nærø                         Personleg vara: Bjørn Helge Rønneberg

2.         Karianne V. Døving                                       :           Torunn S. Ljøen          

3.         Svein Linge                                                   :           Tanja Mathiesen

 

Arbeidstakarorganisasjonane vel 2 representantar med vara.

 

 

 

Saksopplysningar:

I K.sak 99/03: Vurdering av arbeidsfordeling mellom formannskap og driftsutval, revisjon av diverse reglement m.v. under pkt. 3 vart det vedtatt at partsamansett utval skal bestå av 3 politikarar frå driftsutvalet / arbeidsgjevarsida og 2 medlemar frå arbeidstakarsida.

 

Utvalet sitt ansvars‑/saksområde (utdrag frå delegasjonsreglementet):

Hovudansvaret for alle personalsaker innanfor heile kommunen si verksemd for å sikre sin heilskaplege arbeidsgjevar‑ og personalpolitikk.

 

Gjere vedtak i personalsaker som er prinsipielle og  dermed ikkje kan avgjerast administrativt, og som kommunestyret ikkje sjølv skal avgjere, eller har delegert til formannskapet

 

Gje ev. retningsliner for utøving av delegert mynde i personalsaker til administrasjonen.

 

Utvalet er ankeinstans for administrative tilsetjingssaker og andre administrative vedtak i personalsaker.

 

Tilsetjingar

  1. Tilsettingsutvalet får mynde til å tilsette i alle stillingar der er stillingsheimel, bortsett frå
    1. Rådmann si stilling, den skal tilsettast av kommunestyret

b.   Stillingar som inngår i rådmannen si leiargruppe, verksemdsleiarar eller andre som ikkje er knytt til ei verksemd. Desse vert tilsett av partsamansett utval (3+2 personar).

 

  1. Tilsettingsutvalet skal bestå av 3 representantar

-     Rådmann

-         Verksemdsleiar for den verksemd det skal gjerast tilsetting ved.

-     Tilsette sin representant

 

  1. Rådmann tilset i vikariat og andre midlertidige stillingar det er stillingsheimel for.

 

4    Oppseiingar:  Det organ som foretek tilsettingar kan og fastsetje oppseiingar, avskjed og suspensjon

 

 

Framlegg frå arbeidstakarorganisasjonane vert lagt fram i møtet.

 

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann