|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: A60
Saksmappe: 06/00859-16
Sakshandsamar: Toralv Klokkehaug Dato: 26.11.2007 |
Prosjekt Norges
Friluftshøgskole - Utgifter til prosjektstilling Norges Friluftshøgskole for
2008 og 2009
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
03.12.07 |
Utsendte saksdokument:
Søknad av 16.11.07 frå Norges Friluftshøgskole v/Annelin Henriksen
Prosjektbudsjett
Orientering om høgskolen
Ikkje utsendte
saksdokument:
Næringsfondstyret løyver kr 162.500,- frå det kommunale næringsfondet for 2008 og eit tilsvarande beløp for 2009 i samband med arbeidet med forprosjektet for etablering av Norges Friluftshøgskole.
Det vert sett som vilkår for løyvinga at Hemsedal kommune og Stranda kommune deltek i finansieringa som omsøkt.
Handsaming i Formannskapet 03.12.2007:
Ordføraren kom med slikt forslag til pkt. 1:
Norddal formannskap ser svært positivt på arbeidet med etablering av Noregs Friluftshøgskole.
Audun Skjervøy kom med slikt forslag til pkt.2 og 3:
Pkt.2:
Formannskapet stiller i utsikt ei løyving på kr. 162.500,- for 2008 og eit tilsvarande beløp for 2009 i samband med arbeidet med forprosjektet for å etablere Noregs Friluftshøgskole.
Pkt. 3:
Formannskapet ønskjer å evaluere framdrifta i prosjektet før endeleg vedtak for 2009.
Røysting:
7 røysta for ordføraren og Audun Skjervøy sitt forslag i 3 pkt.
0 røysta for innstillinga.
Næringsfondstyret gjorde vedtak i saka den 11.12.06 da ein vedtok deltaking i forprosjektet for Norges Friluftshøgskole med kr 100.000,-.
I møte den 20.08.07 tok næringsfondstyret endeleg stilling til søknaden, og det vart løyvd eit samla tilskot for prosjektet i 2007 på kr 200.000,- under føresetnad av fullfinansiering. Fullfinansiering for 2007 er i orden, og tilskotet er utbetalt.
Søknaden no gjeld driftsåra 2008 og 2009.
I tilsendt e-post går det fram at ein no er inne i ein viktig fase for prosjektet, og at ein treng ein prosjektleiar som kan følgje opp prosjektet 100 %. Det er også viktig at ein får gode garantiar for den økonomiske drifta av forprosjektet. Etter samtale med Annelin Henriksen og orientering på møte i verdsarvstyret, er satsinga til Norges Friluftshøgskole svært omfattande og arbeidet må skje systematisk. Ein har som mål å få innarbeidd høgskoletilbodet i statsbudsjettet for 2010 eller 2011. Tilbakemeldingane så langt er svært positive både frå sentralt og lokalt hald. Mange spør seg kvifor ikkje dette tilbodet har kome tidlegare.
Norges Friluftshøgskole ser for seg eit nært samarbeid med verdsarvsenteret i Geiranger, lokalmiljøet og Stranda og Norddal kommune. Ein vurderer no ulike lokalitetar i Norddal kommune med omsyn til etableringa i vår region. Hovedbasen blir truleg i Hemsedal kommune i Buskerud.
Næringssjefen deltok på eit orienteringsmøte i Geiranger der ulike sider av prosjektet vart lagt fram.
Høgskolen skal bidra til kompetanseoppbygging innan tradisjonelle friluftsaktivitetar som ski, turguiding, fjellklatring, dykking m.v, men i tillegg vil det også bli satsa på kompetanseoppbygging innan gardsturisme, småskala matproduksjon og ”Inn på Tunet” aktivitetar. Fokus i dei ulike studieretningane vil vere å ivareta det einskilde mennesket og berekraftig utvikling.
Musikkhøgskolen, politihøgskolen m.v. er parallelle tilbod som vi har i dag. Det vil også bli eit nært samarbeid med universitetet på Ås (UMB).
Når det gjeld økonomi, er dei 3 aktuelle kommunane inviterte til å delta i finansieringa av
kr 650.000,- årleg over 2 år. Midlane skal nyttast til prosjektleiar. 50 % skal finansierast frå Hemsedal kommune og 25 % frå Stranda kommune og 25 % frå Norddal kommune. Norddal kommune sin del blir på kr 162.500,- for kvart år.
For Norddal kommune vil eit høgskoletilbod i området bety svært mykje for arbeidsplassar, ulike aktivitetar og gode fagmiljø. Etablering av eit høgskoletilbod i eit område med Reinheimen Nasjonalpark og Verdsarvområdet vil ha mange positive ringverknader for vidareutvikling av nye og etablerte næringar i regionen. Det vil også vere eit positivt tiltak for å nå ungdom og andre grupper med omsyn til busetnad.
Ein føresetnad for at Norddal kommune engasjerer seg i dette prosjektet må vere at både Hemsedal kommune og Stranda kommune deltek i prosjektet slik ein føreset i søknaden.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|