|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: 014
Saksmappe: 06/00314-12
Sakshandsamar: Bente Klakken Osvik Dato: 01.12.2006 |
Utstillingsvindu for kvinner
i lokalpolitikken - søknad om deltaking i prosjektet
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Kommunestyret |
14.12.06 |
Utsendte saksdokument:
Invitasjon frå Kommunal- og regionaldepartementet datert 09.11.06, vedk. deltaking i prosjektet Utstillingsvindu for kvinner i lokalpolitikken
Ikkje utsendte
saksdokument:
1. Nå tidleg ut med informasjon til kvinner med tanke på å skape interesse for politisk arbeid. Gjerne allereie i skulen og før dei vert etablert med familie - kostnadsfritt
2. Tilrettelegging/støtte barnepass. Alternativer:
a. Stille til rådvelde ambulerande barnehageplass som kan nyttast i høve kommunestyre- og utvalsmøter – lønskostnader 1 person etter 16.15, elles kr. 13,50 pr. time pr. barn i opningstida
b. Ha møter på dagtid når barnehagar og SFO er ope – vil koste vikarutgifter og tapt arbeidsforteneste for dei fleste representantane
c. Vidareføre dagens ordning med støtte til barnepass – i dag kr. 150,- pr. møte
3. Møte kvinner på ulike arbeidsplassar for å prøve å få dei interesserte, og tydleggjere kvifor det er viktig at deira arbeidserfaring/livserfaring trengs på den politiske arena – kostnad ca. 2.000,-
4. Alle partia/grupperinger jobber aktivt i nominasjonsprosessen for å auke kvinneandelen - kostnadsfritt
5. Skipe til møte nr. 1 i slutten av januar 2007 der kvinner vert spesielt inviterte. Det skal belysast kva innverknad ein som politikar har på utviklinga i kommunen. Kommuneplanen, samfunnsdelen som skal handsamast i kommunestyret i februar skal verte presentert. Kommunen betalar for innleidd foredragshaldar – kostnad ca. kr. 10.000,-
6. Skipe til møte nr. 2 før valet 2007. Valkampmøte med fokus på saker kvinner er særleg opptekne av – kostnad ca. kr. 2.000,-
7. Etter valet skal det gis god grunnleggjande opplæring av folkevalde (td. om møtekultur, taletid, innlegg, replikk osv) og kursing i lovverk og budsjettarbeid m.m - kostnadsoverslag ca. 5.000,-
8. Legge til rette, event. koste overføring frå kommunestyremøta på lokalradioen. Skaper meir interesse for politikken – kostnadoverslag ca. kr. 12.000,- pr. år
Handsaming i Kommunestyret 14.12.06:
Ordføraren sette fram slikt forslag:
Røysting:
Samrøystes i samsvar med forslaget frå ordføraren
Det ligg føre invitasjon frå Kommunal- og regionaldepartementet datert 09.11.06 om å delta i prosjektet ”Utstillingsvindu for kvinner i lokalpolitikken”.
Det er frå departementet si side ønskje om å gjere eit grep for å auke kvinneandelen i m.a kommunestyre, formannskap og blant ordførarane. Kommunane vert inviterte til å søkje om å delta i prosjektet. Søknaden skal innehalde forslag på tiltak som kan stimulere til fleire kvinner i lokalpolitikken samt budsjett. Departementet vil plukke ut 5-10 kommunar som skal teste ut ulike tiltak. Desse kommunane skal inngå i eit nettverksamarbeid og det vil bli gitt økonomisk støtte til aktivitetane. Søknadsfrist er sett til 21.01.07.
Kommunestyret drøfta saka på møtet 16.11.06, og det vert oppretta ei tverrpolitisk arbeidsgruppe som vart beden om å legge fram innstilling i saka til kommunestyremøtet 14.12.06.
Desse vart oppnemnde i arbeidsgruppa:
Solveig Linge Stakkestad, Sp, leiar
Anett Helen Steinnes, Al
Magne Almstad, Frp,
Oddfrid Tafjord, Krf
Karl Jostein Rødset, H
Paul Fredriksen, Ap,
Signe Brenna, Nl,
Nina Grøndahl, SV
Arbeidsgruppa hadde møte 30.11.06 og kom fram til ei rekke tiltak som kan vere aktuelle for å nå målet med fleire kvinner i lokalpolitikken. Innstillinga vert lagt fram for kommunestyret.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|