|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: C50
Saksmappe: 05/00310-25
Sakshandsamar: Aud Lindis Ødegaard Dato: 29.11.2007 |
Vidare arbeid med
Skredsenter i Tafjord
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Driftsutvalet |
05.12.07 |
|
|
112/07 |
Kommunestyret |
13.12.07 |
Utsendte saksdokument:
Ikkje utsendte
saksdokument:
Skredsenter i Tafjord, datert mai 2005
Referat frå møte i arbeidsgruppa 16.05.2006
K.sak ?
F.sak 59/06
1. Norddal kommune ønskjer å få gjennomført eit endeleg forprosjekt for Skredsenter i Tafjord.
2. Arbeidet skal halde seg innanfor ei kostnadsramme på 500.000 kr, og interimstyret vert bede om å fremje forslag til finansiering, der ein vurderer mulegheitene for ekstern medverknad
3. Interimstyret fungerer fram til forprosjekt ligg føre.
Handsaming i Kommunestyret 13.12.2007:
Oddbjørn Lianes, Tl og rådmannen tok opp spørsmål om habilitet – dei gjekk frå under avrøystinga.
Det vart røysta over
habilitetsspørsmålet:
Oddbjørn Lianes, Tl og rådmannen vart ikkje funne inhabile i saka.
Bjørn Helge Rønneberg, Nl kom med slikt forslag:
Saka vert oversendt til behandling i næringsutvalet.
Signe Brenna, Nl kom med slikt endringsforslag til pkt. 2:
Interimstyret vert bede om å fremje forslag til finansiering, der ein vurderer mulegheitene for ekstern medverknad.
Bjørn Helge Rønneberg, Nl og Signe Brenna, Nl trakk sine forslag.
Sp, Tl og Nl kom med slikt fellesforslag til pkt. 2:
Interimstyret vert bede om å fremje forslag til finansiering, der ein vurderer mulegheitene for ekstern medverknad. Forslaget skal liggje føre innan 1. mars 2008.
Det vart røysta
punktvis:
Pkt. 1 og 3:
Samrøystes i samsvar med innstillinga.
Pkt. 2:
1 røysta for innstillinga
20 røysta for Sp, Tl og Nl sitt fellesforslag
Planane for eit skredsenter har eksistert i ei årrekkje. Det ligg føre kommunestyrevedtak om at skredsenteret skal vere ein integrert del av Galleri Tafjord som skal avviklast fordi sentrale aktørar har trekt seg ut.
Astor Furseth lanserte ideen om eit skredsenter allereie på 1980-talet, og konkrete planar vart lagt fram på 90-talet. I 2003 kom Galleri Tafjord i fokus, og planane for skredsenteret vart ein del av dette. Når Galleri Tafjord no skal avviklast må det kome ei avklaring på vegen vidare for eit muleg skredsenter.
Det er sett ned eit interimstyre for skredsenteret som består av Stig Holmstrøm, Astor Furseth, Oddbjørn Lianes og Oddfrid Tafjord.
Interimstyret vedtok i møte 13.11.07 at ein ønskjer å arbeide vidare mot eit nasjonalt skredsenter. Skredsenteret har heile tida vore tenkt som ei sjølvstendig eining sjølv om det har vore ein del av ”Galleri Tafjord”.
Det har vore laga fleire utgreiingar som kan nyttast som grunnlag for vidare arbeid. Det vil likevel vere behov for eit nytt og grundig forprosjekt for å kome fram til eit spenstig konsept, samt kvalitetssikre det arbeidet som ligg føre. Ein ser at eit tradisjonelt informasjonssenter ikkje er aktuelt, og at senteret må vere høgteknologisk og innovativt for å ha framtida føre eg.
Det er behov for eit dokumentasjonssenter knytt til Tafjordulykka. Åknes/Tafjord-problematikken skaper også informasjonsbehov for tilreisande.
Det vart i 2006 utarbeidd eit utkast til søknad om midlar
til forprosjekt, men denne prosessen stoppa opp av di ein ønskte å integrere
arbeidet i prosjektet Galerie Tafjord.
Interimstyret meiner at eit godt gjennomarbeidd forprosjekt vil kome på om lag 500.000 kroner, ut frå vurderingar som tidlegare er gjort. Ein vil då få eit godt grunnlag for å kunne ta avgjerd om vidare framdrift.
Forprosjektet skal seie noko om
· Innhald
· Utforming
· Lokalisering
· Vidare organisering
· Økonomi (investering/drift)
· Marknadsanalyse og målgrupper
· Evt. framdriftsplan
Interimstyret bør halde fram til ein har fått gjennomført forprosjektet.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|