NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    223

Saksmappe:          06/00058-23

Sakshandsamar:   Bente Klakken Osvik

Dato:                      27.11.2006

 

Møtebok

                                  

 Tilskot til lag og organisasjonar - tildeling 2. halvår 2006  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

126/06

Formannskapet

11.12.06

 

Utsendte saksdokument:

Søknadane

 

Ikkje utsendte saksdokument:

 

Rådmannen si innstilling:

Saka vert lagt fram utan innstilling.

-----------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Formannskapet  11.12.06:

Ordføraren sette fram slikt forslag:

Søknadane vert avslått.

 

Røysting:

Samrøystes i samsvar med forslaget frå ordføraren.

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Vedtak i  Formannskapet - 11.12.06:

Søknadane vert avslått.

 

----------------------------------------------------------------------------


 

 

 

Saksopplysningar:

Formannskapet ønskjer å samle dei fleste søknader frå ulike organisasjonar til handsaming

2 gongar i året. Tildeling 1. halvår vart gjort  i sak 79/06 den 04.07.06, jfr. vedlegg.

 

Det ligg no føre søknader om støtte frå:

Juridisk rådgivning for kvinner JURK, datert 12.07.06

Norsk folkehjelp, datert 17.10.06

Sjøfartsdirektoratet – abonnement for lokalaviser til sjøfolk, datert 25.10.06

Redd Barna, datert 24.11.06

 

Det var avsett til saman kr. 14.000,- i budsjettet for 2006 til tilskot til lag og organisasjonar. Budsjettposten er oppbrukt, men det ligg føre 4 søknader som må handsamast.

 

Hittil i år ha desse fått tilskot:

Jubileum Trollstigen      kr. 10.000,-

Kirkens SOS               kr.   1.500,-

Amathea Rådgivning    kr.   3.000,-

TV-aksjonen               kr.   5.400,-

Aksjon Håp                 kr.   1.808,-

 

Saksvurdering og konklusjon:

Saka vert lagt fram utan innstilling.

 

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann