NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    C52

Saksmappe:          05/00411-33

Sakshandsamar:   Aud Lindis Ødegaard

Dato:                      03.01.2007

 

Møtebok

                                  

 

 

Etablering av stifting - Paktarstova  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

100/06

Driftsutvalet

04.12.06

090/06

Kommunestyret

14.12.06

004/07

Formannskapet

15.01.07

010/07

Formannskapet

29.01.07

 

Utsendte saksdokument:

Utkast til vedtekter

Valnemnda si innstilling vert lagt fram i møtet

 

Ikkje utsendte saksdokument:

K-sak 17/06

DU-sak 83/06

Skisseprosjekt for Paktarstova

Lov om stiftelser (stiftelsesloven)

 


Rådmannen si innstilling:

1.      Norddal kommune etablerer stiftinga Paktarstova, og overfører eigedomen Paktarstova gnr. 52 bnr 17 til stiftinga når den er etablert.

2.      Det blir kalla inn til stiftingsmøte når ein har fått tilbakemelding frå medstiftarane.

3.      Vedtektene blir godkjent slik dei ligg føre.

4.      Norddal kommune vel to styrerepresentantar samt to vararepresentantar til styret:

Medlem:

Medlem:

Varamedlem:

Varamedlem:

 

-----------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Driftsutvalet  04.12.2006:

Utvalet ber om at valnemnda kjem med innstilling i pkt. 4 til kommunestyremøtet 14.12.06.

 

Røysting:

Samrøystes i samsvar med innstillinga.

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Innstilling i  Driftsutvalet - 04.12.2006:

  1. Norddal kommune etablerer stiftinga Paktarstova, og overfører eigedomen Paktarstova gnr. 52 bnr 17 til stiftinga når den er etablert.
  2. Det blir kalla inn til stiftingsmøte når ein har fått tilbakemelding frå medstiftarane.
  3. Vedtektene blir godkjent slik dei ligg føre.
  4. Norddal kommune vel to styrerepresentantar samt to vararepresentantar til styret:

Medlem:

Medlem:

Varamedlem:

Varamedlem:

 

 

----------------------------------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Kommunestyret  14.12.06:

Forslag frå ordføraren til pkt 4:

Formannskapet får fullmakt til å velje 2 medlemer + 2 varamedlemer til styret for

stiftinga Paktarstova

 

Røysting:

Samrøystes i samsvar med innstillinga, med tillegg av forslaget frå ordføraren

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Vedtak i  Kommunestyret - 14.12.06:

1.      Norddal kommune etablerer stiftinga Paktarstova, og overfører eigedomen Paktarstova gnr. 52 bnr 17 til stiftinga når den er etablert.

2.      Det blir kalla inn til stiftingsmøte når ein har fått tilbakemelding frå medstiftarane.

3.      Vedtektene blir godkjent slik dei ligg føre.

4.      Formannskapet får fullmakt til å velje 2 medlemer + 2 varamedlemer til styret for stiftinga Paktarstova

 

----------------------------------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Formannskapet  15.01.2007:

Merete løvoll Rønneberg, Sp kom med forslag om at saka vart utsett.

 

Røysting:

Samrøystes i samsvar med Merete Løvoll Rønneberg sitt forslag.

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Vedtak i  Formannskapet - 15.01.2007:

Saka vert utsett.

 

----------------------------------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Formannskapet  29.01.2007:

Formannskapet gjekk samrøystes inn for slikt vedtak i pkt. 4:

Norddal kommune vel to styrerepresentantar samt to vararepresentantar til styret:

Medlem:                      Signe Brenna

Medlem:                      Geir Olav Øien

1. Varamedlem:           Turid Aspehjell

2. Varamedlem:           Gro Marita Valdal

 

Signe Brenna, Nl kom med slikt forslag til eit nytt pkt. 5:

Det vert nytt val på kommunale styremedlemar etter kommunestyrevalet 2007.

 

Røysting:

Samrøystes i samsvar med Signe Brenna sitt forslag.

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Vedtak i  Kommunestyret 14.12.06 og Formannskapet - 29.01.2007:

  1. Norddal kommune etablerer stiftinga Paktarstova, og overfører eigedomen Paktarstova gnr. 52 bnr 17 til stiftinga når den er etablert.
  2. Det blir kalla inn til stiftingsmøte når ein har fått tilbakemelding frå medstiftarane.
  3. Vedtektene blir godkjent slik dei ligg føre.
  4. Norddal kommune vel to styrerepresentantar samt to vararepresentantar til styret:

Medlem:                Signe Brenna

Medlem:                Geir Olav Øien

1. Varamedlem:     Turid Aspehjell

2. Varamedlem:     Gro Marita Valdal

5.   Det vert nytt val på kommunale styremedlemar etter kommunestyrevalet 2007.

 

----------------------------------------------------------------------------


 

 

 

 

 

 

 

 

 

Saksgrunnlag:

Det vart 30.10.06 lagt fram sak for Driftsutvalet der ein fekk klarsignal om å gå vidare med arbeidet for å få etablert ei stifting på Paktarstova.

 

Saksopplysningar:

Det er no utarbeidd utkast til vedtekter. Desse skal sendast inn til Stiftelsestilsynet via Brønnøysund-registra saman med annan dokumentasjon.

 

Det er med verknad frå 01.01.05 sett i kraft ny lov om stiftingar. Det vil bli etablert ei alminneleg stifting som ikkje er næringsdrivande. Stiftinga må ha ein grunnkapital, og den bør vere verdien av eigedomen. Det vil bli utarbeidd verditakst av området som kan nyttast i ein slik samanheng. Blir eigedomen overført til stiftinga så har kommunen tapt eigedomsretten til denne. Det har samanheng med at ei stifting er eigarlaus og sjølvstendig. Dermed kan ikkje opprettar ha krav på utdelingar så lenge stiftinga består, og heller ikkje ved oppløysing.

 

Nordvest Revisjon har teke på seg å vere revisor for stiftinga. Kommunerevisjonen kan berre nyttast dersom kommunen har rett til å velje eller oppnemne eit fleirtal i styret.

 

Det vil bli utarbeidd ein verditakst på eigedomen som seier noko om kva verdiar som ligg der når stiftingskapitalen skal på plass.

 

Saksvurdering og konklusjon:

Stiftinga vil ha behov for å eige eigedomen, både for å ha grunnkapital og for å kunne søkje om midlar til å sette tunet i stand til å ivareta dei aktivitetane ein ønskjer å fylle huset med. Føremålet er almennyttig, og vil kome heile kommunen til gode. Det vert difor anbefalt å bruke både tomteareal, bygningar og inventar som grunnkapital. Alternativet er å samle inn pengar til grunnkapital, og så gje stiftinga bruksrett til eigedomen. Eit tredje alternativ vil kunne vere å seksjonere eigedomen for så å gje stiftinga ein seksjon som grunnkapital.

 

Det er behov for rehabilitering av huset. Det vart gjort ein god del for om lag 10 år sidan, men det står framleis mykje att. Fylkeskonservatoren er i gang med å oppdatere statusrapport for bygget, og vil også kome med tilråding om kva som bygningsmessig bør gjerast. Ein vil deretter få laga eit detaljert kostnadsoverslag som vil bli nytta til å søkje om midlar få eksterne aktørar. Når ein har fått etablert stifting er det lettare å søkje midlar også.

 

Det vert no arbeidd med fleire ting parallelt i denne saka:

 

Arbeidsgruppa har kome med innspel om at ein ønskjer at ein politikar, og ein frå administrasjonen blir med i stiftinga.

 

Ein har gått ut i Storfjordnytt, og invitert alle som ønskjer å involvere seg til å melde seg. Dette vart då ein ønskjer eit breiast muleg engasjement knytt til tunet. I tillegg er det sendt ut brev til ein del aktuelle lag med førespurnad om dei ønskjer å vere med på vegen vidare. Når ein har fått tilbakemelding frå desse, vil det bli kalla inn til stiftingsmøte.

 

 

 

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann