|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: 142 L10
Saksmappe: 05/00463-8
Sakshandsamar: Øystein Klempe Dato: 22.11.06 |
Søknad om bruk av areal på
Linge gnr 1 bnr 7 til hytter ved Lingås
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Det faste utvalet for plansaker |
27.11.06 |
Utsendte saksdokument:
|
Vedlegg: |
|
|
Merknad frå Bjørn Inge Ruset, dagsett 30.05.06 |
|
|
2 |
Anke på vedtak, dagsett 27.07.06 |
|
3 |
Søknad frå Bjørn Inge Ruset, dagsett 08.10.06 |
Ikkje utsendte
saksdokument:
Sak 38/06 Reguleringsplan Lingås hyttefelt, kommunestyret, møte 29.06.06
Det faste utvalet for plansaker har vurdert søknad om bruk av areal for 2 – 4 hytter på eigedom gnr 1 bnr 7 i tilknyting til utbygging av Lingås hyttefelt. Planutvalet vurderer arealet som eigna til hyttebygging, men viser til oppstart av arbeidet med arealdelen til kommuneplanen og vil ikkje gjere endeleg vedtak om bruk av arealet på dette stadiet.
Handsaming i Det faste utvalet for plansaker 27.11.06:
Svein Linge sette fram slikt forslag:
Som innstillinga med tillegg til slutt: -og godkjenner søknaden.
Arne Sandnes sette fram slikt forslag:
Saka blir utsett for å ta ei synfaring.
Røysting:
Det vart først røysta over forslaget frå Arne Sandnes:
3 røysta for forslaget som fall.
Det vart så røysta over forslaget frå Svein Linge:
5 røysta for forslaget frå Svein Linge
2 røysta for innstillinga som fall
Det faste utvalet for plansaker har vurdert søknad om bruk av areal for 2 – 4 hytter på eigedom gnr 1 bnr 7 i tilknyting til utbygging av Lingås hyttefelt. Planutvalet vurderer arealet som eigna til hyttebygging, og godkjenner søknaden.
Reguleringsplan for Lingås hyttefelt var vedteke av kommunestyret i møte 29.06.06 i sak 38/06.
Under utleggingsfasen var det sendt inn merknad til reguleringsplanen med førespurnad om å legge til 4 hyttetomter på eigedom gnr 1 bnr 7 som ei utviding av det regulerte hyttefeltet på gnr 2 bnr 1. Kommentar i saka til merknaden var slik:
Ein vil ikkje take inn dette på noverande tidspunkt, men vurdere ubebygd areal samla i samband med rullering av kommuneplanen.
Det var sendt inn anke på at merknaden ikkje var teke til følgje. Dette kan ein sjå på som ein klage sjølv om den ikkje er stila til Fylkesmannen, og sjølv om avslag på ønske om utviding av eit regulert neppe gir klageadgang. Det er heller å sjå på som eige reguleringsframlegg som kan krevjast lagt fram for kommunestyret, og det var gjort ved at saka gjekk til slutthandsaming i kommunestyret. Kommunestyret har difor vurdert forslaget.
Klagen var innkomen om lag når fristen gjekk ut.
Det er difor sendt inn ny søknad av 07.11.06 om bruk av arealet til hytter.
I søknaden blir det vist til tidlegare innsendt skisse med 4 hyttetomter. Grunngjeving for bruk til hytter, og nett no, er:
- arealet er i tilknyting til feltet som blir opparbeidd på Lingås hyttefelt
- regulert veg til Lingås hyttefelt frå Åsevegen går over eigedomen gnr 1 bnr 7, og det er gitt grunn til denne. Grunneigedomen burde sjølv og kunne få nyttiggjere seg denne vegen.
- arealet kan neppe nyttast til så mykje anna
- det er gitt dispensasjon for liknande saker
Ein viser til kommentar til merknad i saka, og at arbeidet med arealdelen no er kunngjort oppstarta og at ein no er i innspelfase. Med bakgrunn i dette er det ikkje grunnlag for å take saka opp att.
Nytt moment i saka er at opparbeiding av Åsevegen i området skjer nett no og at tilkomstvegen til Lingås hyttegrend og skal opparbeidast no. Grunneigar ynskjer å nytte fordelen av ei sams opparbeiding.
Arealet det er søkt om, er i gjeldande arealdel til kommuneplanen avsett som LNF-område. Det har kvalitetar som gjer at det kan nyttast til utbygging. Det er bratt med helling jamt på 1:3, og mindre eigna til bustadhus, men eigna til hytter av mindre storleik og tilpassa terrenget. Det direkte naboskapet med Lingås hyttefelt og Lingås hyttegrend gjer og at det neppe bør nyttast til bustader. Lenger ned på stykket er det areal som av fleire grunnar vil vere betre eigna som bustadareal slik grunneigar påpeikar i eit anna brev.
Ein kan gjerne vurdere arealet brukt til 2 – 4 hytter, og for dette må det lagast reguleringsplan. Prinsipielt er det ikkje rett å handsame reguleringsplan for nytt areal samstundes som ein arbeider med kommuneplanen. Det nye momentet er ei opparbeiding samtidig med tilgrensande område.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
Rådmann |
|
|
|
|
|
|
|