|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: L82
Saksmappe: 06/00088-68
Sakshandsamar: Øystein Klempe Dato: 21.02.07 |
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
26.02.07 |
|
|
017/07 |
Kommunestyret |
08.03.07 |
Utsendte saksdokument:
Avtale med Remseth Maskin AS
Ikkje utsendte
saksdokument:
Norddal kommunestyre vedtek avtale med Remseth Maskin AS slik den ligg føre underskriven.
Handsaming i Formannskapet 26.02.2007:
Signe Brenna, Nl ba om slik protokolltilførsel:
Grunnkjøpsutvalet og administrasjonen må vite at ein ikkje kan forhandle om bruk av næringsfondsmidlar i forhandlingar med grunnkjøpsutvalet.
Røysting:
Samrøystes i samsvar med innstillinga.
Norddal kommunestyre vedtek avtale med Remseth Maskin AS slik den ligg føre underskriven.
Handsaming i Kommunestyret 08.03.2007:
Viktor Valdal, Al tok
opp spørsmål om han var ugild i saka – han vart ikkje funne ugild.
Røysting:
Samrøystes i samsvar med innstillinga.
Norddal kommunestyre vedtek avtale med Remseth Maskin AS slik den ligg føre underskriven.
Det har vore ført forhandlingar med Remseth Maskin AS om ny tomt og bygg for verksemda i Djupøyna. Det første avtaleforslaget gjekk på oppføring av kommunalt utleigebygg med innløysingrett for verksemda. Dette var drøfta, men det har blitt til at Remseth Maskin bygger sjølv og overtek tomt av kommunen.
Det er då eit regulært tomtesal, og med vilkår fastsett i ein avtale. Ein har nytta kommunen sitt standard avtaleformular for tomtesal med tilpassingar. Det blir teke opp i kommunestyret av di det er ikkje fastsett tidlegare nokon pris for tomter i Djupøyna industriområde.
Avtalen gjeld tomt nr 2, den som er nærast vegstasjonen. Verksemda overtek tomta ferdig opparbeidd med asfaltering etter at bygget er ferdigstilt. Anslag for opparbeiding med asfaltering er kr 900 000.
Kommunen kostar og graving for underjordiske installasjonar.
Kjøpesum er kr 1.
Grunnkjøpsutvalet har stått for sluttføring av forhandlingane. Det er resultatet av dette som blir lagt som avtaleforslag.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|