|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: L82
Saksmappe: 06/00088-67
Sakshandsamar: Øystein Klempe Dato: 21.11.2006 |
Avtale med Valldal
Fjordhotell AS
Utval |
Møtedato |
|
Formannskapet |
27.11.06 |
|
125/06 |
Formannskapet |
11.12.06 |
092/06 |
Kommunestyret |
14.12.06 |
Utsendte saksdokument:
Sak 95/06 Formannskapet, møte 11.09.06 |
|
2 |
Forslag til avtale frå Valldal Fjordhotell AS, 16.10.06 |
3 |
Uttalelse til spørsmål til avtale med Berg-Jacobsen Gruppen. Advokatfirmaet Tømmerdal &Co v/Reidar Andresen, 25.09.06 |
4 |
Avtale med Valldal Fjordhotell AS |
5 |
Nytt vedlegg, notat frå Erik Berg |
Ikkje utsendte
saksdokument:
Norddal kommunestyre vedtar avtale med Valldal Fjordhotell AS om overdraging av hotelltomt slik avtalen ligg føre underskriven av Erik Berg.
Handsaming i Formannskapet 27.11.2006:
Svein Linge fekk permisjon frå møtet - no 6 representantar.
Rådmann la fram slik endra innstilling i møte:
1. Norddal kommunestyre vedtar avtale med Valldal Fjordhotell AS om overdraging av hotelltomt slik avtalen ligg føre underskriven av Erik Berg.
2. Valldal Fjordhotell er eit selskap under stifting. Avtalen er godkjent av kommunestyret under føresetnad om at selskapet som det blir inngått avtale med, blir stifta, og stiftinga blir registrert på vanleg måte i Brønnøysundregisteret, og at Norddal kommune har mottatt dokument frå Brønnøysund eller selskapet på at selskapet er stifta.
3. Pkt. 6 skal takast med i skøytet og tinglysast på den måten. Dette skal inn som tilleggsavtale.
Signe Brenna, Nl kom med slikt forslag til vedtak:
Advokat Reidar Andresen i advokatfirmaet Tømmerdal & Co oppsummerar i skrivet sitt føresetnadene for at kommunen kan gjennomføre salet slik:
”Kommunen har besluttet at den aktuelle tomten skal selges med formål om at den skal utnyttes til hotell og service. Jeg er ukjent med om noen andre aktører eller interessenter ønsker å bygge hotell i Norddal, hvoretter jeg i det videre legger til grunn at så ikkje er tilfelle.
Dersom det videre av hensyn til næringsutvikling i kommunen, herunder utvikling av arbeidsplasser er påkrevd å få i gang prosjektet, hvoretter Berg-Jacobsen gruppen også stiller vilkår om fremdrift for at prosjektet utlyses, er alt dette hensyn som etter min mening trekker i retning av at salget må kunne aksepteres slik dette er beskrevet i møteboken.
Etter min mening vil det imidlertid være viktig at tomten selges med en klausul om at det er en forutsetning for salget at prosjektet realiseres innenfor en tidsramme. Skulle prosjektet ikkje realiseres innefor det som er avtalt, må tomten tilbakeføres på like vilkår slik som salget fant sted.”
Kommentar til 1. avsnitt: Det er ikkje dokumentert at ingen andre aktørar er interessert i å bygge hotell på tomta.
Kommentar til 2. og 3. avsnitt: Prosjektet det er vist til veit vi pr. dags dato svært lite om.
Investoren må legge fram prosjektet for oss før vi går inn i ein avtale. Innhaldet i prosjektet med omsyn til utforming, storleik, framdriftsplan etc. må vere kjent før vedtak kan gjerast.
For å sikre slike viktige føresetnader tilrår vi den framgangsmåten som advokat Andresen har skissert.
Ut frå dette gjer Norddalslista slikt framlegg til vedtak:
1. Reguleringsarbeidet vert fullført.
2. Plan og vedtekter legg rammer for hotellprosjektet.
3. Tomten vert lagt ut for offentleg sal med klare føresetnader om at planen skal gjennomførast.
Merete Løvoll Rønneberg, Sp kom med slikt forslag til vedtak:
1. Saka vert utsett.
2. Før saka kan handsamast på nytt, må skisse for hotellprosjektet leggast fram som grunnlag for avtalen, og det må tydeleg framgå kva som er bakgrunn for at avtalen vert inngått. I dette inngår m.a estimat på storleik/antal sengeplassar på hotellet, og kor mange arbeidsplassar dette vil gje. I tillegg må det klargjerast kva slags ”avklaring med Muritunet” som er akseptabel for at avtalen skal godkjennast, og ein ynskjer likeeins klarare føringar på omlag kor mykje parkeringsareal som vil vere disponibelt når hotellet har fått dekt sitt behov. I tillegg må det dokumenterast at det ikkje er andre interessentar til kjøp av hotelltomt.
Ordføraren kom med slikt forslag:
1. Saka vert utsett.
2. Rådmann/ordførar/grunnkjøpsutval går gjennom prosjektet/avtalen med tiltakshavar Erik Berg med tanke på nødvendige avklaringar.
Merete Løvoll Rønneberg trekte sitt forslag.
Røysting:
Samrøystes i samsvar med ordføraren sitt forslag.
Handsaming i Formannskapet 11.12.06:
Ordføraren sette fram slikt forslag til nytt pkt 4:
Norddal kommune viser til brev frå Erik Berg dagsett 05.12.06 – ”Hotelltomta på Murigrandane” - og legg til grunn at brevet inngår som eit tillegg til avtalen som alt er underskriven av Erik Berg med Norddal kommune.
Røysting:
Samrøystes i samsvar med innstillinga med tillegg av forslaget frå ordføraren.
1. Norddal kommunestyre vedtar avtale med Valldal Fjordhotell AS om overdraging av hotelltomt slik avtalen ligg føre underskriven av Erik Berg.
2. Valldal Fjordhotell er eit selskap under stifting. Avtalen er godkjent av kommunestyret under føresetnad om at selskapet som det blir inngått avtale med, blir stifta, og stiftinga blir registrert på vanleg måte i Brønnøysundregisteret, og at Norddal kommune har mottatt dokument frå Brønnøysund eller selskapet på at selskapet er stifta.
3. Pkt. 6 skal takast med i skøytet og tinglysast på den måten. Dette skal inn som tilleggsavtale.
4. Norddal kommune viser til brev frå Erik Berg dagsett 05.12.06 – ”Hotelltomta på Murigrandane” - og legg til grunn at brevet inngår som eit tillegg til avtalen som alt er underskriven av Erik Berg med Norddal kommune.
Handsaming i Kommunestyret 14.12.06:
Viktor Valdal gjekk frå som ugild i saka. No 20 representantar.
Forslag frå Audun Skjervøy, Nl:
1. Reguleringsarbeidet blir fullført.
2. Plan og vedtekter legg rammene for hotellprosjektet.
3. Tomta blir taksert og lagt ut for offentleg sal med klare føresetnader om at planen skal gjennomførast.
Senterpartiet ba om gruppemøte.
Røysting:
16 røysta for innstillinga frå F.skapet pkt. 1-4
4 røysta for forslaget frå Audun Skjervøy som fall
Forslag frå Audun Skjervøy, Nl, til nytt pkt. 5:
Med tanke på alle verksemder som er lokalisert på Murigrandane, føreset ein at der ikkje ligg andre føringar for området enn det som kjem fram i avtalen. I det vidare arbeidet med reguleringsplan vil ein så langt det er mogleg prøve å ta omsyn til alle partar, og arbeide for å sikre gode driftsvilkår for alle arbeidsplassar vidare.
Røysting:
5 røysta for forslaget frå Audun Skjervøy til nytt pkt. 5 som fall
Forslag frå ordføraren til nytt pkt. 5:
Kommunestyret ser gjerne at avtalen med Erik Berg vert utforma på kommunen sitt målføre,
dvs. nynorsk.
Røysting:
Samrøystes i samsvar med forslaget frå ordføraren
1. Norddal kommunestyre vedtar avtale med Valldal Fjordhotell AS om overdraging av hotelltomt slik avtalen ligg føre underskriven av Erik Berg.
2. Valldal Fjordhotell er eit selskap under stifting. Avtalen er godkjent av kommunestyret under føresetnad om at selskapet som det blir inngått avtale med, blir stifta, og stiftinga blir registrert på vanleg måte i Brønnøysundregisteret, og at Norddal kommune har mottatt dokument frå Brønnøysund eller selskapet på at selskapet er stifta.
3. Pkt. 6 skal takast med i skøytet og tinglysast på den måten. Dette skal inn som tilleggsavtale.
4. Norddal kommune viser til brev frå Erik Berg dagsett 05.12.06 – ”Hotelltomta på Murigrandane” - og legg til grunn at brevet inngår som eit tillegg til avtalen som alt er underskriven av Erik Berg med Norddal kommune.
5. Kommunestyret ser gjerne at avtalen med Erik Berg vert utforma på kommunen sitt målføre, dvs. nynorsk.
1.
Bakgrunn
Det ligg føre forslag til avtale med Berg-Jacobsen-Gruppen om overdraging av tomt til hotell på Murigrandane. Avtalen er underskriven av Valldal Fjordhotell AS.
Saka gjeld overdraging av tomt for hotell på Murigrandane på området nærast elva med om lag 8,5 daa. Området er i dag regulert til industri, og overdraginga kan ikkje gjennomførast før reguleringsplanen er ferdig vedtatt.
Formannskapet handsama i sak 95/06 i møte 11.09.06 moment til avtale med Berg/Jacobsen-Gruppen.
Berg/Jacobsen-Gruppen har i brev av 16.10.06 kome forslag til avtale. Desse dokumenta er vedlegg til saka og grunnlag for avtaleforslaget.
Avtalen er utforma innanfor standardformular som kommunen har for tomtesal.
1. Innhaldet i avtalen
Tomta er om lag 8,5 daa. Kjøpesum er kr 1. Det er sett vilkår for kva som skal vere klarlagt før skøyte kan skrivast, m.a. fullføring av avklaring med Muritunet der det skal vere ei viss samdrift, og reguleringsplanen må vere vedtatt.
Norddal kommune skal rive eksisterande industribygg på eigedomen, opparbeide parkeringsplass for hotellet med asfalt og beplanting og kunne nytte denne til offentleg parkeringsplass ut over hotellet sitt behov. Stikkleidningar skal leggast fram til tomta. Heile området skal opparbeidast i samsvar med reguleringsplan med køyrevegar, gangvegar og beplantingar.
Valldal Fjordhotell skal drive parkeringsplassen og opparbeide arealet kring hotellet parkmessig.
Byggefrist og evnt. tilbakekjøp er etter vanlege reglar ved kommunale tomtesal. Det same gjeld anlegg av leidningar over tomta.
Spørsmål som dukka opp under handsaminga i haust var tilhøvet til utbyggingsavtale og tilhøvet til EØS-reglementet for offentleg anskaffelser. Dette er gått i gjennom av advokat ved Tømmerdals kontor og burde vere avklart. Uttalen ligg ved saka som ikkje utsendt vedlegg.
Avtalen er innanfor kommunen sitt avtaleformular. Avtalen har vidare med seg dei momenta som var vedtatt i sak 95/06. Avtaleforslaget frå Berg/Jabobsen-Gruppen av 16.10.06 er korrigert i høve til dette. Gjennomføring av avtalen er avhengig av reguleringsplan og at ein får denne vedtatt. Saka blir lagt fram til vedtak.
Stig Holmstrøm |
|
Rådmann |
|
|
|
|
|