|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: 151
Saksmappe: 06/00604-7
Sakshandsamar: Helge Svensvik Dato: 20.11.2006 |
Økonomiplan 2007-10.
Årsbudsjett 2007.
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
27.11.06 |
|
|
014/06 |
Arbeidsmiljøutvalet |
04.12.06 |
|
087/06 |
Kommunestyret |
14.12.06 |
Utsendte saksdokument:
Framlegg til økonomiplan 2007-2010
Driftsplanar frå verksemdene/tenestene
Utskrift frå handsamingane i eldrerådet og driftsutvalet 08.11.06, og formannskapet 13.11.06
Ikkje utsendte
saksdokument:
Framlegg til årsbudsjett 2007, artsnivå
Årsmelding 2005
Kommunestyret vedtek framlegget frå rådmannen til budsjett for år 2007 og økonomiplan for år 2007 – 2010 med følgjande føresetnader:
1. Kommunestyret vedtek å nytte maksimalt tilletne satsar for kommunalt skatteøre for år 2007.
2. Godtgjersle i 2007 til ordførar vert fastsett til ……………
3. Norddal kommune tek i år 2007 opp eit lån på kr 18 500 000 til finansiering av planlagde investeringar. Lånet blir nedbetalt som serielån over 20 år.
4. Sjølvfinansierande-, HMS-, energiøkonomiserande- og andre investeringar i høve til lov og forskrifter og pålegg skal ha første prioritet.
5. Momskompensasjon ut over 2,5 mill frå investering skal ikkje nyttast som inntekt til driftsføremål frå og med 2007.
6. For å sikre god økonomistyring føreutsett ein at inntekter utover det som går fram av rådmannen sitt framlegg til budsjett blir sett av til disposisjonsfond.
7. Skjer det vesentlege endringar i økonomiplanføresetnadene eller andre forhold som
ein ikkje har hatt kjennskap til ved utarbeiding og handsaming av økonomiplanen skal økonomiplanen leggjast fram til ny handsaming og vedtak.
Handsaming i Formannskapet 27.11.2006:
Det vart røysta
punktvis:
Pkt. 1:
Samrøystes i samsvar med innstillinga.
Pkt. 2:
Formannskapet gjekk samrøystes inn for å fastsette ordføraren si godtgjersle for 2007 til 100% av rådmannen si løn.
Pkt. 4:
Samrøystes i samsvar med innstillinga.
Pkt. 5:
Samrøystes i samsvar med innstillinga.
Pkt. 6:
Samrøystes i samsvar med innstillinga.
Pkt. 7:
Samrøystes i samsvar med innstillinga.
Signe Brenna, Nl kom med forslag om eit slikt nytt pkt. 8:
Norddal kommune gjer vedtak om at alle nye offentlege bygg skal planleggast med mulegheit for alternativ energiforsyning.
Signe Brenna, Nl kom med forslag om eit slikt nytt pkt. 9:
Det vert sett av kr. 300.000 til ENØK-tiltak i 2007.
Merete Løvoll Rønneberg, Sp kom med forslag om eit slikt nytt pkt. 10:
Det vert sett av kr. 1.500.000 til utbetring av Kleivavegen for 2007.
Merete Løvoll Rønneberg, Sp kom med forslag om eit slikt nytt pkt. 11:
Det vert sett av kr. 1.500.000 til utbetring av Kilstivegen for 2007 og kr. 2.000.000 for 2008.
Merete Løvoll Rønneberg, Sp kom med forslag om eit slikt nytt pkt. 12:
Kr. 1.000.000 av foreslegne auka investeringar vert dekt inn ved å redusere posten Utleigebygg (Djupøyna) til kr. 4.000.000 i 2007.
Viktor Valdal, Al kom med slikt oversendingforslag:
Ajourføring av investeringsbudsjett overført løyvingar frå 2005-2006 på kvart enkelt inveseteringsprosjekt på mindre postar spesielt på sentrumområde, m.a Område hamn, badeplass Norddal, Tafjordbadet, Muribugen og gatelys, delvis oppsplitting av post for kommunale vegar. Tiltak i alle 5 bygder skal kome på lista og prioriterast.
Viktor Valdal, Al kom med forslag om eit slikt nytt pkt. 13:
Det vert avsett kr. 600.000 i 2007 til forskottering av gangveg, Muri bru-Sparebanken Møre.
Viktor Valdal, Al kom med forslag om eit slikt nytt pkt. 14:
Det vert avsett kr. 100.000 i 2007 til parkering Muribugen.
Viktor Valdal, Al kom med forslag om eit slikt nytt pkt. 15:
Det vert avsett kr. 100.000 i 2007 til tiltak/parkering Tafjordbadet.
Viktor Valdal, Al kom med forslag om eit slikt nytt pkt. 16:
Det vert avsett kr. 100.000 i 2007 til Område hamn.
Paul Fredriksen, Ap kom med forslag om eit slikt nytt pkt. 17:
Norddal Arbeideparti vil at kommunal investering til FV 092 blir trekt ut frå investeringsbudsjettet og ser på dette som ei rein fylkeskommunal oppgåve.
Ordføraren fekk
permisjon frå resten av møtet (kl. 17.25) – no 6 representantar.
Magne Almstad, Frp kom med slikt forslag til eit nytt pkt. 18:
Det vert avsett kr. 400.000 i 2007 til fullføring av FV 093 i Fjørå.
Signe Brenna, Nl kom med slikt forslag til eit nytt pkt. 19:
Det vert sett av kr. 600.000 i 2007 til opprusting av gamledelen på VTS under pleie og omsorg nord/sør.
Merete Løvoll Rønneberg. Sp kom med slikt forslag til eit nytt pkt. 20:
Driftsbudsjettet for pleie og omsorg vert auka med kr. 500.000 i 2007.
Det vart røysta
punktvis over dei nye forslaga:
Pkt. 8:
Samrøystes i samsvar med Brenna sitt forslag.
Pkt. 9:
5 røysta for Signe Branna sitt forslag
1 røysta i mot
Pkt. 10:
2 røysta for Merete Løvoll Rønneberg sitt forslag som fall
4 røysta i mot
Pkt. 11:
3 røysta for Merete Løvoll Rønneberg sitt forslag, vedtatt med ordføraren si dobbeltrøyst
3 røysta i mot
Pkt. 12:
2 røysta for Merete Løvoll Rønneberg sitt forslag som fall
4 røysta i mot
Pkt. 13:
1 røysta for Viktor Valdal sitt forslag som fall
5 røysta i mot
Pkt. 14:
3 røysta for Viktor Valdal sitt forslag, vedtatt med ordføraren si dobbeltrøyst
3 røysta i mot
Pkt. 15:
5 røysta for Viktor Valdal sitt forslag
1 røysta i mot
Pkt. 16:
2 røysta for Viktor Valdal sitt forslag som fall
4 røysta i mot
Pkt. 17:
2 røysta for Paul Fredriksen sitt forslag som fall
4 røysta i mot
Pkt. 18:
5 røysta for Magne Almstad sitt forslag
1 røysta i mot
Pkt. 19:
3 røysta for Signe Brenna sitt forslag, vedtatt med ordføraren si dobbeltrøyst
3 røysta i mot
Pkt. 20:
5 røysta for Merete Løvoll Rønneberg sitt forslag
1 røysta i mot
Pkt. 3:
Formannskapet vedtok samrøystes å auke låneramma med kr. 2.800.000,-, til kr. 21.300.000,- - jfr. vedtatte endringar i møtet.
Kommunestyret vedtek framlegget frå rådmannen til budsjett for år 2007 og økonomiplan for år 2007 – 2010 med følgjande føresetnader:
ein ikkje har hatt kjennskap til ved utarbeiding og handsaming av økonomiplanen skal økonomiplanen leggjast fram til ny handsaming og vedtak.
Ajourføring av investeringsbudsjett overført løyvingar frå 2005-2006 på kvart enkelt inveseteringsprosjekt på mindre postar spesielt på sentrumområde, m.a Område hamn, badeplass Norddal, Tafjordbadet, Muribugen og gatelys, delvis oppsplitting av post for kommunale vegar. Tiltak i alle 5 bygder skal kome på lista og prioriterast.
Handsaming i Arbeidsmiljøutvalet 04.12.2006:
Utvalet gjekk samrøysta inn for slik uttale:
AMU ønskjer ein gjennomgong av ressursbruk og –behov innafor pleie og omsorg innan 1. halvår 2007. Elles vart økonomiplan 2007-2010 og budsjett 2007 tatt til vitande.
AMU ønskjer ein gjennomgong av ressursbruk og –behov innafor pleie og omsorg innan 1. halvår 2007. Elles vart økonomiplan 2007-2010 og budsjett 2007 tatt til vitande.
Handsaming i Kommunestyret 14.12.06:
Forslag frå Svein Linge, Al:
Norddal kommunestyre ber administrasjonen greie ut kva tilbodet frå TK om ENØK-tiltak inneber for Norddal så snart som råd og seinast innan 2007-budsjettet blir revidert.
Norddal kommunestyre ber administrasjonen legge fram ei eiga sak om tilstandsrapport/oppussing/renovering av VTS. I saksutgreiinga ber ein administrasjonen greie ut kva som må til for at Norddal kommune kan nå tak i statleg tilskot. Kommunestyret ber om tilbakemelding om kva som må til for å kunne nytte den beste finansieringa for kommunen til oppussing av VTS så snart som råd og seinast innan 2007-budsjettet blir revidert.
Med bakgrunn i kravet om avfallssortering frå 2008, ber Norddal kommunestyre administrasjonen greie ut alternative løysingar til miljøstasjon for Norddal.
I utgreiinga ber Norddal kommunestyre om at ei eventuell interkommunal løysing blir utgreidd før det vert gjort endeleg vedtak om miljøstasjon.
Forslag frå Merete Løvoll Rønneberg, Sp:
Pkt. 10 i innstillinga – slik endring:
Norddal kommune set av kr 2 mill. til utbetring av Kleivavegen i 2007. Vert nytt pkt. 9.
Nytt pkt:
Norddal kommune set av kr 3 mill. til utbetring av Kilstivegen i 2008.
Pkt. 16 – framlegg om utvida ordlyd:
Driftsbudsjettet for pleie og omsorg vert auka med kr 500.000,-.
Ein ber om at midlane primært vert nytta til å betre omsorgstenesta overfor bebuarane på sjukeavdelinga på VTS. Vert nytt pkt. 17.
Forslag frå Audun Skjervøy, Nl:
Følgjande pkt. erstattar pkt 8 og 9 i innstillinga frå formannskapet:
Alle nye offentlege bygningar i Norddal kommune skal planleggast med tanke på energiøkonomisering og bruk av alternativ, miljøvenleg energiforsyning.
Administrasjonen skal i samarbeid med det nye kommunale eigedomsselskapet vurdere den kommunale bygningsmassen og gjere framlegg om ENØK-tiltak og eventuell mogleg bruk av alternative, miljøvenlege energikjelder.
Tillegg til pkt. 15 i innstillinga frå formannskapet:
Kr 300.000 som blir frigjort frå pkt. 9 om ENØK-tiltak i 2007, blir sette av som delinndekning av nødvendig løyving for å ruste opp gamledelen på VTS.
Forslag frå Paul Fredriksen, Ap, til pkt. 14:
a. Norddal kommune tek i 2007 kontakt med Statens Vegvesen for å få utarbeidd ein plan for heile strekninga Vika – Fjørå kai på Fv92.
b. Norddal kommune tek også kontakt med grunneigarane langs Fv92 på strekninga Vika – Fjørå kai med tanke på grunnforhandlingar for å utvide vegen til same standard som i dag er planlagt i ”fabrikkbakken”.
Norddal kommune ber om at det vert vurdert at overskotsmasse på anlegget vert brukt til utviding på same strekning.
Forslag frå Viktor Valdal, Al:
a. Avsette midlar i investeringsbudsjettet for 2007 til offentleg område (kr 50.000,-), sentrumsområde (kr 100.000,-) og torg (kr 100.000,-), til saman kr 250.000,-, vert fordelt slik:
Sentrumsområde Norddal: kr 50.000,-
Sentrumsområde Eidsdal: kr 50.000,-
Sentrumsområde Fjørå: kr 50.000,-
Sentrumsområde Tafjord: kr 50.000,-
Sentrumsområde Valldal, Område hamn: kr 50.000,-
b. Sentrumsområde Valldal, Område hamn får i tillegg bevilga kr 100.000,-, slik at totalt investeringsbeløp vert sett til kr 150.000,-.
Forslag frå ordføraren:
a. Kommunestyret meiner at det er behov for ei miljøgate gjennom kommunesenteret, og ber rådmann og ordførar om straks å innleie til samtalar med relevante mynde med tanke på ei avklaring av m.a. tidsperspektiv og økonomiske konsekvensar.
b. På bakgrunn av dette vil kommunestyret vurdere å forskottere gang- og sykkelveg på strekninga Muri bru – Sparebanken Møre, dersom ei forsering av dette anlegget ikkje kjem i konflikt med planane for ei miljøgate.
Viktor Valdal foreslo at det vart avsett kr. 600.000,- til gangveg.
Svein Linge la etter gruppemøtet fram felles forslag frå gruppene.
Prøverøysting:
Det vart først prøverøysta over forslaget frå Sp v/Merete Løvoll Rønneberg:
Pkt 10:
17 røysta for forslaget, 4 røysta mot. (Vert pkt. 9.)
Nytt pkt.:
13 røysta for forslaget, 8 røysta mot. (Vert pkt. 10.)
Pkt 16:
Det vart røysta alternativt.
Først vart det røysta over å innvilge kr 500.000,- - samrøystes.
Deretter foreslo ordføraren at 2. setning i forslaget frå Sp v/Merete Løvoll Rønneberg vart endra til: ”til styrking av bemanninga i PLO”.
Ved alternativ votering fekk ordføraren sitt forslag fleirtal.
Det vart så prøverøysta over forslaget til Viktor Valdal:
13 røysta for Viktor Valdal sitt forslag
8 røysta for innstillinga
Endeleg avrøysting
punktvis:
Pkt. 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 12 og 13:
Samrøystes i samsvar med innstillinga.
Nytt pkt. 8:
Samrøystes i samsvar med Audun Skjervøy sitt forslag.
Pkt. 9:
17 røysta for Merete Løvoll Rønneberg sitt forslag.
4 røysta mot.
Pkt. 10:
13 røysta for Merete Løvoll Rønneberg sitt forslag
8 røysta mot.
Pkt. 11:
14 røysta for Viktor Valdal sitt forslag.
7 røysta for innstillinga.
Pkt. 14:
Samrøystes i samsvar med Paul Fredriksen sitt forslag.
Pkt. 15:
Det vart røysta punktvis over ordføraren sitt forslag:
a. 20 røysta for ordføraren sitt forslag. 1 røysta mot.
b. 11 røysta for ordføraren sitt forslag.
10 røysta for Viktor Valdal sitt forslag om å avsette kr 600.000,- til gangveg.
Pkt. 16:
Samrøystes i samsvar med forslaget frå Aksjonslista.
Pkt. 17:
Samrøystes i samsvar med forslaget frå Merete Løvoll Rønneberg om å innvilge kr 500.000,-,
og med ordføraren sitt endringsforslag i 2. setning.
Forslag frå ordføraren om eit siste pkt. 18:
Kommunestyret vedtek budsjett 2007/økonomiplan 2007-10 med dei endringar som følgjer av dei voteringar og vedtak som er gjort i møtet.
Vedtak samrøystes i samsvar med forslaget frå ordføraren.
Kommunestyret vedtek framlegget frå rådmannen til budsjett for år 2007 og økonomiplan for år 2007 – 2010 med følgjande føresetnader:
1. Kommunestyret vedtek å nytte maksimalt tilletne satsar for kommunalt skatteøre for år 2007.
2. Godtgjersle i 2007 til ordførar vert fastsett til 100 % av rådmannen si løn.
3. Norddal kommune tek i år 2007 opp eit lån på kr. 20,8 mill. kr til finansiering av
planlagde investeringar. Lånet blir nedbetalt som serielån over 20 år.
4. Sjølvfinansierande-, HMS-, energiøkonomiserande- og andre investeringar i høve til lov og forskrifter og på legg skal ha første prioritet.
5. Momskompensasjon ut over 2,5 mill frå investering skal ikkje nyttast som inntekt til driftsføremål frå og med 2007.
6. For å sikre god økonomistyring føreset ein at inntekter utover det som går fram av rådmannen sitt framlegg til budsjett blir sett av til disposisjonsfond.
7. Skjer det vesentlege endringar i økonomiplanføresetnadene eller andre forhold som ein ikkje har hatt kjennskap til ved utarbeiding og handsaming av økonomiplanen, skal økonomiplanen leggjast fram til ny handsaming og vedtak.
8. Alle nye offentlege bygningar i Norddal kommune skal planleggast med tanke på energiøkonomisering og bruk av alternativ, miljøvenleg energiforsyning.
Administrasjonen skal i samarbeid med det nye kommunale eigedomsselskapet vurdere den kommunale bygningsmassen og gjere framlegg om ENØK-tiltak og eventuell mogleg bruk av alternative, miljøvenlege energikjelder.
9. Norddal kommune set av kr 2 mill. til utbetring av Kleivavegen i 2007.
10. Norddal kommune set av kr 3 mill. til utbetring av Kilstivegen i 2008.
11.
a. Avsette midlar i investeringsbudsjettet for 2007 til offentleg område (kr 50.000,-), sentrumsområde (kr 100.000,-) og torg (kr 100.000,-), til saman kr 250.000,-, vert fordelt slik:
Sentrumsområde Norddal: kr 50.000,-
Sentrumsområde Eidsdal: kr 50.000,-
Sentrumsområde Fjørå: kr 50.000,-
Sentrumsområde Tafjord: kr 50.000,-
Sentrumsområde Valldal, Område hamn: kr 50.000,-
b. Sentrumsområde Valldal, Område hamn får i tillegg bevilga kr 100.000,-, slik at totalt
investeringsbeløp vert sett til kr 150.000,-.
12. Det vert avsett kr 100.000 i 2007 til parkering Muribugen.
13. Det vert avsett kr 100.000 i 2007 til tiltak/parkering Tafjordbadet.
14.
a. Norddal kommune tek i 2007 kontakt med Statens Vegvesen for å få utarbeidd ein plan for heile strekninga Vika – Fjørå kai på Fv92.
b. Norddal kommune tek også kontakt med grunneigarane langs Fv92 på strekninga Vika – Fjørå kai med tanke på grunnforhandlingar for å utvide vegen til same standard som i dag er planlagt i ”fabrikkbakken”.
Norddal kommune ber om at det vert vurdert at overskotsmasse på anlegget vert brukt til utviding på same strekning.
15. Kommunestyret meiner at det er behov for ei miljøgate gjennom kommunesenteret, og ber rådmann og ordførar om straks å innleie til samtalar med relevante mynde med tanke på ei avklaring av m.a. tidsperspektiv og økonomiske konsekvensar. På bakgrunn av dette vil kommunestyret vurdere å forskottere gang- og sykkelveg på strekninga Muri bru – Sparebanken, dersom ei forsering av dette anlegget ikkje kjem i konflikt med planane for ei miljøgate.
16. Med bakgrunn i kravet om avfallssortering frå 2008, ber Norddal kommunestyre
administrasjonen greie ut alternative løysingar til miljøstasjon for Norddal.
I utgreiinga ber Norddal kommunestyre om at ei eventuell interkommunal løysing blir
utgreidd før det vert gjort endeleg vedtak om miljøstasjon.
17. Driftsbudsjettet for pleie og omsorg vert auka med kr. 500.000,-.
Ein ber om at midlane primært vert nytta til styrking av bemanninga i PLO.
18. Kommunestyret vedtek budsjett 2007/økonomiplan 2007-10 med dei endringar som
følgjer av dei voteringar og vedtak som er gjort i møtet.
Kommunestyret skal vedta ein retningsgjevande plan for kommunen sine økonomiske disposisjonar og utvikling for ein fireårs-periode.
Første året i planen er neste års detaljbudsjett, som er eit bindande vedtak.
Budsjettgrunnlag 2007-2010:
Frå verksemdene er det innmeld utgiftsbehov og styrking av budsjettområda rekna til om lag 5,6 mill kr i 2007. I dette ligg også utrekna utgifter knytt til lønsoppgjera som gir utslag i budsjettåret. Arbeidsgjevaravgifta er senka i 2007. I samband med dette er det også laga inntektsoverslag inkl netto finanskostnader i perioden.
Tabellarisk såg dette slik ut (før saldering og ajourføring med ltb):
|
|
|
Regnskap |
Buds(end) |
Budsjettframlegg 2007 |
||||
|
|
Drift, |
netto |
netto |
Utgifter |
Inntekt |
Netto |
Endring |
Endr. |
|
|
samandrag
hovedansvarsområda |
2 005 |
2 006 |
|
|
|
kr |
% |
|
1 |
Sentrale
styringsorg, fellesutg. |
9 499 188 |
8 429 220 |
12 194 685 |
-2 943 200 |
9 251 485 |
822 265 |
9,8 |
|
2 |
Skule,barneh.kultur,bibl.,kyrkja |
28 037 565 |
29 746 370 |
40 700 325 |
-8 345 420 |
32 354 905 |
2 608 535 |
8,8 |
|
3 |
Helse,
sosial og omsorg |
38 484 846 |
41 933 000 |
57 536 400 |
-14 540 500 |
42 995 900 |
1 062 900 |
2,5 |
|
4 |
Tekniske
tenester -FDV |
4 465 996 |
4 253 300 |
14 396 600 |
-9 297 000 |
5 099 600 |
846 300 |
19,9 |
|
5 |
Tekniske
tenester -PBO,Brann |
2 529 893 |
2 670 500 |
3 589 500 |
-801 000 |
2 788 500 |
118 000 |
4,4 |
|
6 |
Næring,naturforvaltning |
2 053 815 |
2 401 600 |
9 129 100 |
-6 564 500 |
2 564 600 |
163 000 |
6,8 |
|
|
=
Sum netto driftsutg. ex. finans |
85 071 303 |
89 433 990 |
137 546 610 |
-42 491 620 |
95 054 990 |
5 621 000 |
6,3 |
|
8 |
-
Skattar og rammetilskot m.m. |
-85 908 018 |
-91 833 000 |
5 709 000 |
-106 231 000 |
-100 522 000 |
-8 689 000 |
9,5 |
|
|
=
Brutto driftsresultat |
-836 715 |
-2 399 010 |
|
|
-5 467 010 |
-3 068 000 |
127,9 |
|
9 |
-
Renter, avdrag m m |
836 714 |
2 399 010 |
12 987 010 |
-7 520 000 |
5 467 010 |
3 068 000 |
127,9 |
|
|
=
Netto driftsresultat |
|
|
|
|
|
|
|
11. Det er teke høgde for å kunne møte dei usikkerheitene som ligg føre både i inntekts- og utgiftsoverslaga.
Målet for kommunen skal ikkje vere å bruke mest mogleg pengar, men levere gode tenester til våre innbuarar (avvik her kan målast gjennom brukarundersøkingar). I budsjettsalderinga må ein og vurdere kva for ulemper ulike reduksjonar får for brukarane og kven vil vere mest råka/sårbar for slike endringar. Det er i stor grad ei felles oppfatning om at pleie- og omsorgstilbodet i større grad må ”vernast” om og kanskje styrkjast. Det må også vurderast kva nivå styrkingar skal ha, omsynsteke at talet på innbuarar i alle dei kommunale målgruppene går ned. Det må også takast omsyn til dei tilbakemeldingane som publikum og tilsette i kommunen gir. Innanfor alle tenesteområda må ein både no og framover ha fokus på kostnadsstyring og produktivitet (gjere dei rette tinga på rett måte) for å sikre mest mogleg rasjonell drift. Salderinga er frå rådmannen si side lagt opp slik at det ikkje skal vere reduksjonar i dei samla tenestene, samstundes som det gjennom ein auke er lagt eit godt grunnlag for at tenestene skal kunne fokusere enda meir på kvalitet og på utvikling av profesjonell yrkesåtferd.
Det er vidare lagt stor vekt på at kommunestyret skal ha høve til å gripe fatt i dei største vanskane som kommunen no står i, dvs folketalsnedgangen og forvitringa av næringslivet. Det burde såleis ligge til rette for å bringe kommunen ytterlegare framover i satsinga på natur, kultur og helse som eit hovudsatsingsområde i ei berekraftig utvikling av kommunen.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|