NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    X20

Saksmappe:          06/00754-2

Sakshandsamar:   Lars Kjell Smoge

Dato:                      16.11.2006

 

Møtebok

                                  

 

 

 

 

Høyring -samarbeid om beredskap mot akutt forureining på Sunnmøre  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

099/06

Driftsutvalet

04.12.06

 

 

 

 

Utsendte saksdokument:

Utkast til nye vedtekter for interkommunalt utval for akutt

forureinsing på Sunnmøre (IUAS), brev dagsett 20.10.06

 

 

Ikkje utsendte saksdokument:

Gjeldande samarbeidsavtale for Sunnmøre IUA frå 1997

 

 


Rådmannen si innstilling:

Norddal kommune viser til motteke høyringsutkast til nye vedtekter for interkommunalt utval for akutt forureinsing på Sunnmøre (IUAS) i brev dagsett 20.10.06 og har følgjande uttale:

 

Norddal kommune sluttar seg til prinsippa som er lagt i forslag til nye vedtekter for IUA Sunnmøre kapitell 1-7 med slik merknad:

 

Første setning i andre avsnitt i kap. 5, pkt. 5.1 må strykast slik at pkt. 5.1 får denne ordlyden:

 

Årlige driftsmidler og nødvendige investeringar sikres gjennom en avgift fra kommunene utregnet etter folketalet pr. 01.01. i driftsåret. Representantskapet vedtar størrelsen av avgiften.

 

Årsavgiften medregnet det faste beløpet betales innen 30.06. i driftsåret.

-----------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Driftsutvalet  04.12.2006:

Samrøystes i samsvar med innstillinga.

 

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Vedtak i  Driftsutvalet - 04.12.2006:

Norddal kommune viser til motteke høyringsutkast til nye vedtekter for interkommunalt utval for akutt forureinsing på Sunnmøre (IUAS) i brev dagsett 20.10.06 og har følgjande uttale:

 

Norddal kommune sluttar seg til prinsippa som er lagt i forslag til nye vedtekter for IUA Sunnmøre kapitell 1-7 med slik merknad:

 

Første setning i andre avsnitt i kap. 5, pkt. 5.1 må strykast slik at pkt. 5.1 får denne ordlyden:

 

Årlige driftsmidler og nødvendige investeringar sikres gjennom en avgift fra kommunene utregnet etter folketalet pr. 01.01. i driftsåret. Representantskapet vedtar størrelsen av avgiften.

 

Årsavgiften medregnet det faste beløpet betales innen 30.06. i driftsåret.

 

 

----------------------------------------------------------------------------


 

 

 

 

Saksgrunnlag:

Utkastet til nye vedtekter for samarbeid om beredskap mot akutt forureinsing på Sunnmøre (IUAS) er utsendt til kommunane for høyring etter vedtak i styret i det interkommunale utvalet; jfr. vedlegget i saka.

I oversendingsbrevet frå utvalet går det fram bakgrunnen for revisjon av eksisterande beredskapsplan som for Norddal sin del vart vedteken av kommunestyre i møte den 11.03.97.

IUAS sin plan for akutt forureinsing er i to delar:

  1. Vedtekter for IUAS
  2. Operativ aksjonsplan for IUAS

Høyringa gjeld kun del 1 – vedtekter for IUAS og det er sett ein høringsfrist til 01. desember 2006.

 

Saksopplysningar:

I forslaget til vedtekter for IUAS er det følgjande kapittel:

  1. Målsetting og virkeområde
  2. Strategi og prinsipper
  3. Organisering
  4. Delegering av myndighet
  5. Retter og plikter
  6. Arbeidsform og oppgaver
  7. Vedtektsendring, oppløsning

 

 

Saksvurdering og konklusjon:

 

Ein er samd i dei prinsipp som kjem fram av utsendt forslag til vedtekter for IUAS dagsett 01.10.2006.

Under kapitel 4 om delegering av mynde finn ein under punkt 4.1 Delegering til representantskapet etter kommunelovens § 27.1 første punkt slik ordlyd:

Myndighet til å forvalte samarbeidet økonomisk og fastsette den enkelte kommunes driftstilskudd gjennom en årlig avgift.

 

Under kapittel 5 om rettar og plikter finn ein under punkt 5.1 følgjande ordlyd:

Årlige driftsmidler og nødvendige investeringar sikres gjennom en avgift fra kommunene utregnet etter folketalet pr. 01.01. i driftsåret. Representantskapet vedtar størrelsen av avgiften.

 

I tillegg kommer et fast årlig beløp som er likt for alle kommunene og som skal sikre anskaffelse og utskifting av utstyr. Årsavgiften medregnet det faste beløpet betales innen 30.06. i driftsåret.

 

Det kan synest ikkje å vere heilt samsvar mellom kap. 4 og kap. 5, det burde for ordens skulde vore ein visning frå pkt 4.1 til pkt. 5.1 (evt. stryke siste del av første punkt i 4.1).

Vidare bør første setning i andre avsnitt i pkt. 5.1 strykast slik at pkt. 5.1 får denne ordlyden:

 

Årlige driftsmidler og nødvendige investeringar sikres gjennom en avgift fra kommunene utregnet etter folketalet pr. 01.01. i driftsåret. Representantskapet vedtar størrelsen av avgiften.

 

Årsavgiften medregnet det faste beløpet betales innen 30.06. i driftsåret.

 

Vidare i kap. 5, pkt. 5.2 går det fram at deltakarkommunar plikter å utarbeide ein lokal beredskapsplan (delplan); slik delplan har Norddal allereie utarbeidd og den vart vedteken av Driftsutvalet  den 22.03.2004 i sak 019/04.

 

Når det gjeld framdrifta i saka med den nye beredskapsplanen har styret i IUAS laga ein tidsplan slik:

Vedtak i IUAS sitt styre i desember  2006

Vedtak i IUAS sitt årsmøte i mars  2007

Utsending til kommunane for vedtak i april 2007

Ny beredskapsplan settast i drift den 01.01.2008

Stig Holmstrøm

 

Rådmann