|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: Q12
Saksmappe: 07/00909-1
Sakshandsamar: Stig Holmstrøm Dato: 15.11.2007 |
Utbetring av "Indre
stamveg". Ny vegtrasè RV 650 Sjøholt-Viset.
Utval |
Møtedato |
|
Formannskapet |
03.12.07 |
|
111/07 |
Kommunestyret |
13.12.07 |
Utsendte saksdokument:
Ikkje utsendte
saksdokument:
1.
Kommunestyra i Norddal, Stordal og Ørskog ser det
som særs viktig at Statens Vegvesen snarast råd bygger ny vegtrasè mellom
Sjøholt og Viset i Ørskog kommune. Kommunane ser prosjektet som førsteval når
det gjeld prioriteringar av ”andre riksvegar” i NTP.
2.
Kommunane legg til grunn at vegprosjektet blir
finansiert med riksvegmidlar innvilga
Stortinget.
3.
Når meir detaljert informasjon om dei alternative
vegstrekningar ligg føre, vil kommunestyra
prioritere mellom dei skisserte alternativa.
4.
Til å leie arbeidet med å få prioritert
vegstrekninga i NTP, set kommunestyra ned ei vegnemnd. Vegnemnda blir oppnemnd
for inneverande kommunevalperiode, og får to medlemmar frå kvar kommune. Ei
eller fleire av kommunane skal vere representert med ein næringslivsrepresentant .
Når prosjektet kjem med i NTP og går inn i planfaser
med meir detaljering, trer leiaren av planutvalet i Ørskog kommune inn i
nemnda.
Ordføraren i Ørskog kommune er vegnemnda sin leiar.
Ørskog kommune er ansvarleg for sekretariatet.
Administrasjonane og politiske organ i dei tre kommunane blir elles trekt inn i
arbeidet etter behov.
5.
Frå Norddal deltek: 1. Ordførar Bjørn Inge
Ruset
2. Viktor Valldal (frå næringslivet)
6.
Det blir oppretta ein eigen prosjektkonto med
utgangspunkt i førebuingsmidlar som blir stilt til rådvelde frå
kompensasjonsordninga for auka arbeidsgivaravgift samt eventuelle midlar frå
næringsfondet i Ørskog kommune. Vegnemnda disponerer midlane. Ørskog kommune er
rekneskapsførar. Pengar som Ørskog kommune forskotterer på vegne av vegnemnda,
blir refundert innan 1. juli og 1. desember kvart år. Revisor for prosjektet er
same revisor som Ørskog kommune nyttar. Desse tilhøva blir fastslått i eigen avtale
mellom vegnemnda, styret for kompensasjonsordninga og Ørskog kommune.
1.
Kommunestyra i Norddal, Stordal og Ørskog ser det
som særs viktig at Statens Vegvesen snarast råd bygger ny vegtrasè mellom
Sjøholt og Viset i Ørskog kommune. Kommunane ser prosjektet som førsteval når
det gjeld prioriteringar av andre riksvegar i NTP.
2.
Kommunane legg til grunn at vegprosjektet blir
finansiert med riksvegmidlar innvilga
Stortinget.
3.
Når meir detaljert informasjon om dei alternative
vegstrekningar ligg føre, vil kommunestyra
prioritere mellom dei skisserte alternativa.
4.
Til å leie arbeidet med å få prioritert
vegstrekninga i NTP, set kommunestyra ned ei vegnemnd. Vegnemnda blir oppnemnd
for inneverande kommunevalperiode, og får to medlemmar frå kvar kommune. Ei
eller fleire av kommunane skal vere representert med ein næringslivsrepresentant .
Når prosjektet kjem med i NTP og går inn i planfaser
med meir detaljering, trer leiaren av planutvalet i Ørskog kommune inn i
nemnda.
Ordføraren i Ørskog kommune er vegnemnda sin leiar.
Ørskog kommune er ansvarleg for sekretariatet.
Administrasjonane og politiske organ i dei tre kommunane blir elles trekt inn i
arbeidet etter behov.
5.
Frå Norddal deltek: 1. Ordførar Bjørn Inge
Ruset
2. Viktor Valldal (frå næringslivet)
6.
Det blir oppretta ein eigen prosjektkonto med
utgangspunkt i førebuingsmidlar som blir stilt til rådvelde frå
kompensasjonsordninga for auka arbeidsgivaravgift samt eventuelle midlar frå
næringsfondet i Ørskog kommune. Vegnemnda disponerer midlane. Ørskog kommune er
rekneskapsførar. Pengar som Ørskog kommune forskotterer på vegne av vegnemnda,
blir refundert innan 1. juli og 1. desember kvart år. Revisor for prosjektet er
same revisor som Ørskog kommune nyttar. Desse tilhøva blir fastslått i eigen
avtale mellom vegnemnda, styret for kompensasjonsordninga og Ørskog kommune.

det gjeld prioriteringar av riksvegar i NTP.
Samarbeidet mellom dei tre kommunane bør få ei fast organisering. Det blir foreslått å føre vidare ordninga med ei felles vegnemnd.
Kommunestyra vil prioritere mellom skisserte alternative vegstrekningar når meir detaljert informasjon ligg føre.
Det blir oppretta ein eigen prosjektkonto med utgangspunkt i førebuingsmidlar som er stilt til rådvelde frå kompensasjonsordninga for auka arbeidsgivaravgift. Vegnemnda disponerer midlane.
Saka blir lagt fram som fellessak for kommunestyra i Norddal, Stordal og Ørskog.
Behov for ny vegline
Riksveg 650 blir eit stadig viktigare vegsamband i
åra som kjem. Det er tre hovudgrunnar for det:
1. Vegen
er særs viktig for samfunnsutviklinga og næringsutviklinga på indre Sunnmøre
2. Vegen
er ein sentral inngangsport til Verdsarvområdet
3. Vegen
er ei viktig transportetappe på ”indre Stamveg” mellom Nordmøre/Romsdal/Nordre
Sunnmøre – Sunnfjord – Bergensområdet.
Det er i seinare år gjennomført store utbetringar på
Riksveg 650, men strekninga Sjøholt – Viset står att som flaskehals. Utbetring
av strekninga vil gi sikrare, raskare og meir miljøvenleg riksveg 650 fordi:
ü
Vegen er svært smal med farlege svingar, utan vegskulder
og midtstripe. Møtande tungtransport skaper trafikkstopp
ü
Storparten av strekninga har redusert fartsgrense
til 50 og 60 km. Dei delane av strekninga som i dag har fartsgrense 80 km/t er
i stor grad dei delane som har dårlegast kurvatur
ü
Trafikkutviklinga har auka kraftig i seinare år
ü
Årsdøgntrafikken (ÅDT) for 2006 var på 2081
kjøretøy, men på høgsommaren var talet på heile 2854 (37 % over ÅDT).
ü
Andelen tungtransport utgjer om lag 10 %
ü
Maksimalt akseltrykk opptil 8 tonn på ei 1 km lang
vegstrekning gjer at tungtransport og enkelte rutebussar må ta omveg for å kome
fram
ü
Det er tett randbebyggelse med mange avkøyrsler
ü
Det er stor andel yrkespendling mellom indre
Sunnmøre og Ålesundsområdet
ü
Talet på trafikkskadde i perioden 1999 – 2006 er 28
personar
Utbetring av denne vegstrekninga er ein kritisk
suksessfaktor for samfunnsutvikling og næringsutvikling på indre Sunnmøre.
Initiativ til ny vegtrasè. Oppretting av vegnemnd.
Finansiering
Tankane om ny vegstrekning mellom Sjøholt og Viset
vart første gong formelt drøfta mellom kommunane Norddal, Stordal og Ørskog i
samband med bygginga av Stordalsvegen I og II. Den nye vegstrekninga vart kalla
”Børdalsprosjektet”, og omhandla ny vegtrase på RV 650 Valgermo – Viset.
I 2004 vedtok næringslivet i Norddal kommune og
Stordal kommune å løyve midlar til ”Børdalsprosjektet”. Pengane kom frå
kompensasjonsordninga for auka arbeidsgivaravgift. Kompensasjonsordninga for
auka arbeidsgivaravgift blir forvalta av eit eige styre som er utgått frå
bedriftene i dei to kommunane. Det er fram til no sett av 3,0 millionar
kroner til dette vegføremålet. 0,5 million koner av pengane er førebels sett av
til førebuande arbeid.
I samband med Ørskog kommune sitt arbeid med ny
arealplan, vart det lagt inn 2 – to - alternativ for nye trasèar på RV 650
Valgermo – Viset.
Ordføraren i Stordal tok i april 2005 initiativ til
møte mellom dei tre kommunane. Intensjonen med møtet var å få til ei betre
samarbeidsform mellom dei tre kommunane for å få realisert ”Børdalsprosjektet”.
Det vart i møtet trekt desse konklusjonane:
·
Det bør setjast ned ei nemnd med sentrale
politikarar frå kvar kommune samt representantar frå næringslivet
·
Ordføraren i Ørskog kommune bør vere leiar av nemnda
·
Det bør takast kontakt med Statens vegvesen med
tanke på utarbeiding av nødvendige planar og kostnadsoverslag m.v.
Vegnemnda har hatt denne samansettinga:
Frå Norddal:
Ordførar Arne Sandnes
Økonomisjef Viktor Valdal, Muritunet
Frå Stordal:
Ordførar Charles Tøsse
Disponent Sindre Helland
Frå Ørskog:
Ordførar Sigmund Stene
Varaordførar Thorbjørn Fylling
Ordførar Sigmund Stene har vore leiar av nemnda.
Ørskog kommune har hatt sekretariat, rekneskapsførsel og so langt dekt
kostnadene med diverse tiltak.
Vegnemnda har vore aktiv overfor Statens Vegvesen.
Det har heile tida vore lagt til grunn at vegen fullt ut skal finansierast med
ordinære riksvegmidlar.
Ørskog kommune har etablert
eit prosjektrekneskap for vegnemnda sitt arbeid. Det er brukt 138.000 kroner.
Ørskog kommune har hittil forskottert kostnadene.
To alternative trasèar.
Ørskog kommunestyre gjorde i september 2003 slikt
vedtak i samband behandlinga av kommuneplanen sin arealplandel:
”Ørskog kommunestyre går inn for alternativ 2 når
det gjeld Børdalslina”
Både alternativ 1 og 2 er skissert som
illustrasjonar i arealplanen. Ingen av dei er derfor juridisk bindande.
Vegnemnda har hatt møter med Statens Vegvesen
Sunnmøre. Nemnda har seinare engasjert vegvesenet til å gjere forundersøkingar
av dei alternative vegløysingane.
Statens vegvesen har gjort ei ”ingeniørgeologisk
gjennomførbarhetsvurdering”. Rapporten følgjer vedlagt.
Informasjon om dei to alternativa:
·
Alternativ 1, med 1 tunnel, har eit estimert
kostnadsoverslag på 260 millionar kroner.
·
Alternativ 2, med 2 tunnelar, har eit estimert
kostnadsoverslag på 295 millionar kroner.
·
For gjennomgangstrafikk frå Viset vil alternativ 1 bli 1,77 km kortare, og alternativ 2 bli 2,08 km kortare, enn
dagens veg når ein skal inn på E 39 mot Sjøholt/Ålesund
·
For bilar som er så tunge at dei må kjøre om Gjerdet
i dag vil alternativ 1 bli 3,78 km
kortare, og alternativ 2 bli 4,09 km
kortare, enn dagens veg når ein skal inn på E 39 mot Sjøholt/Ålesund
·
For gjennomgangstrafikk frå Viset vil alternativ 1 bli 3,19 km kortare, og alternativ 2 bli 3,50 km kortare, enn
dagens veg når ein skal inn på E 39 mot Ørskogfjellet
·
I alternativ 1
vil det frå Skarbø vere om lag like langt å kjøre ny veg via Vestre og
eksisterande veg via Giskemo når ein skal kjøre E 30 mot Ørskogfjellet.
·
I alternativ 2
er det mindre aktuelt for dei som bur nede ved riksvegen på Vestre å nytte
den nye riksvegen vest for Vaksvika.
·
I alternativ 2
må ein rekne med at den kommunale vegen på Vestre kan bli nytta som snarveg
vestfrå til Vaksvikfjellet - med tilhøyrande miljøproblem og krav om utbetring
av denne vegen
·
I alternativ 2
må Ørskog kommune rekne med å overta ansvaret for eksisterande riksveg 650
mellom Vestre og Vaksvika (ca 1,6 km) i tillegg til eksisterande riks- og fylkesveg
mellom Vestre og Steinholt/gjerdet i begge alternativa.
Organisering og finansiering av vidare arbeid
Det er ønskeleg å skape ei fast organisering av
samarbeidet til dei tre kommunane for å sikre ein ny riksvegtrasè for
strekninga Sjøholt – Viset. Samarbeidet bør framleis organiserast som vegnemnd/prosjektgruppe for prosjektet for
den kommunestyreperioden som no er starta opp.
Vegnemnda bør ha med sentrale politikarar frå kvar
kommune samt representantar frå næringslivet. Det bør leggast vekt på å ha kontinuitet
i nemnda. Når prosjektet kjem med i NTP og går inn i planfaser med meir
detaljering, bør leiaren av planutvalet i Ørskog kommune tre inn i nemnda.
Nemnda blir ut frå behovet for kontinuitet foreslått å ha denne samansettinga:
Frå Norddal:
Ordførar Bjørn Inge Ruset
Økonomisjef Viktor Valdal, Muritunet
Frå Stordal:
Ordførar Charles Tøsse
Disponent Sindre Helland, Helland Møbler
Frå Ørskog:
Ordførar Thorbjørn Fylling
Kommunestyrerepresentant Sigmund Stene
Ordførar Thorbjørn Fylling i Ørskog kommune bør vere
vegnemnda sin leiar. Ørskog kommune er ansvarleg for sekretariatet.
Administrasjonane og politiske organ i dei tre kommunane bør elles bli trekt
inn i arbeidet etter behov.
Det blir etablert ein eigen prosjektkonto med
utgangspunkt i midlane som er stilt til rådvelde frå kompensasjonsordinga for
auka arbeidsgivaravgift. Vegnemnda disponerer dei midlane som blir stilt til
disposisjon til planlegging/førebuing frå kompensasjonsordninga samt eventuelle
midlar frå næringsfondet i Ørskog kommune. Ørskog kommune er rekneskapsførar.
Pengar som Ørskog kommune betaler ut på vegne av vegnemnda, blir refundert
innan 1. juli og 1. desember kvart år. Dette skal bli fastslått i eiga avtale
mellom vegnemnda og Ørskog kommune. Kommunerevisjonsdistrikt nr. 3 i Møre og
Romsdal IKS er revisor for vegnemndas prosjektrekneskap.
Nasjonal transportplan – val av alternativ
Det vil vere naturleg at vegstrekninga RV 650
Sjøholt – Viset fullt ut blir finansiert med riksvegmidlar som blir vedteke av
Stortinget etter tilråding frå fylkestinget. Delfinansiering med hjelp av
bompengar bør neppe vere aktuelt med mindre vegstrekninga blir del av ein
større ”vegpakke” med bompengefinansiering innanfor ramma av prosjektet
”Sunnmørspakken”.
Det er Nasjonal Transportplan (NTP) som er sjølve
grunnlaget for kor mykje som skal satsast på vegar og kva for prosjekt som skal
prioriterast. Handlingsprogrammet for NTP går i 10 års periodar med rullering
kvart fire år. Gjeldande planperiode for handlingsprogrammet er 2006 – 2015.
Første moglegheit blir rulleringa 2010 – 2019 der behandlinga av NTP skjer i
fylkestinget truleg i april 2008. I så fall blir behandlinga av handlingsprogrammet
i NTP ei sak for fylkestinget i 2009.
NTP er eit reint plandokument, og sjølve tildelinga av midlar skjer i
kvart enkelt statsbudsjett.
Vegstrekninga Sjøholt – Viset er ikkje inne i denne
planperioden for NTP. Den er heller ikkje med på nokon marginalliste eller
nemnt på annan måte.
I ”Sunnmørspakken” er prosjektet ikkje med i sjølve
pakken, men er kome med på marginallista over vegprosjekt som står på vent for
å kome inn i sjølve pakken etter kvart som andre prosjekt finn si løysing.
Det er særs mykje som må gjerast før eit prosjekt
kan kome med i handlingsprogrammet for NTP som blir behandla i fylkestinget.
Erfaringar viser at for å kome med i handlingsprogrammet er mellom anna disse
faktorane særs viktige:
·
Lokal semje om prosjektet. Ørskog kommune som ”vertskommune”
må vise at ein i kommunen står mest mogleg samla om prosjektet og val av
trasèval. Det same gjeld også i kommunane Norddal og Stordal.
·
Synleggjere prosjektet. Kommunane må synleggjere
prosjektet og vise at ein ønskjer prosjektet gjennom si prioritering i NTP.
·
Bygge alliansar. Skal prosjektet få gjennomslag og
prioritet i fylkesting og Storting, må det skapast politiske alliansar og
alliansar med andre sentrale samfunnsaktørar, som t.d. næringsorganisasjonar,
transportorganisasjonar, grendalag og lignende.
·
Konstruktivt samarbeid med vegkontoret. Semje med vegkontoret om dei sentrale spørsmåla i
prosjektarbeidet, styrkar sjansane for gjennomslag i dei politiske organa.
Det blir ikkje tilrådd at kommunestyra i
samband med denne saka skal gjere val mellom dei to alternativa i prosjektet.
Vegkontoret opplyser at dette ikkje er nødvendig på noverande tidspunkt for å
kome med i NTP. Avklaringsprosessane i dei respektive kommunane har heller
ikkje kome so langt at det er riktig å invitere til val av alternativ.
Dei tre kommunane bør ha prosjektet Sjøholt – Viset
som 1. prioritet i kategorien ”andre riksvegar” i NTP.
Stig Holmstrøm |
|
rådmann |
|
|
|
|
|