|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: M80
Saksmappe: 05/00016-42
Sakshandsamar: Lars Kjell Smoge Dato: 15.11.07 |
Representantar til
reforhandling av brannvernsamarbeid
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Driftsutvalet |
21.11.07 |
Utsendte saksdokument:
Ikkje utsendte
saksdokument:
Sak 084/05 i Driftsutvalet, møte 16.11.05
Brev dagsett 17.10.05 frå Ålesund brannvesen KF
Brev frå Ålesund brannvesen dat. 30.12.04
Gjeldande samarbeidsavtale – Det interkommunale brannvernet
Norddal kommune gjev desse mandat til å representere kommunen i forhandlingar
om vidare samarbeid innan brannvernområdet:
Namn: Vara:
Namn: Vara:
Handsaming i Driftsutvalet 21.11.2007:
Torunn S. Ljøen, Nl kom med slikt forslag:
Bjørn Helge Rønneberg
Rådmann
Røysting:
Samrøystes i samsvar med Torunn S. Ljøen sitt forslag
Norddal kommune gjev desse mandat til å representere kommunen i forhandlingar
om vidare samarbeid innan brannvernområdet:
Namn: Bjørn Helge Rønneberg
Namn: Rådmannen
Det går fram av ikkje utsendt vedlegg i saka dagsett 17.10.05 har Ålesund brannvesen no organisert seg som kommunalt foretak (KF) og det er eit ynskje om å starte reforhandlingar av eksisterande samarbeidsavtalar.
Kommunen vert beden om å peike ut representantar som har mandat til å vere med i forhandlingar om samarbeid innan brann- og feieteneste.
I sak 084/05 i Driftsutvalet vart det valt to representantar frå kommunen med mandat til å representere kommunen, Per Jomar Nerli og Lars Kjell Smoge.
Norddal kommune har vore med i Det interkommunale brannvernet sidan 1988. Dette samarbeidet har vore fruktbart for Norddal sin del.
Det som i tillegg til eksisterande samarbeid har vore sett fram som eit ynskje dei siste åra, er at samarbeidet vart utvida til også å gjelde feieteneste (feie- og tilsynsarbeid).
I saka om reforhandling av eksisterande samarbeidsavtale har det vore berre eit møte i Ålesund i saka (våren 2006).
At arbeidet med reforhandling ikkje har hatt noko stor framdrift skuldast i hovudsak at stillinga som brannsjef i Ålesund ikkje har hatt tilsetting.
Like før ferien vart det tilsett brannsjef i Ålesund, og det er såleis no å forvente at denne saka snart kjem på dagsorden att.
Det må velgast kven som skal kunne representere kommunen i møter om eventuelt vidare samarbeid om brannteneste og feieteneste.
Målet må vere at i løpet av 2008 å få utarbeidd ei plattform, med tanke på vedtak (K-styret) og verknad frå driftsåret 2009.
Det er vel naturleg at både det politiske og det administrative i kommunen er representert mellom dei som får mandat og at talet kan ikkje vere mindre enn to.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|