|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: 231 H
Saksmappe: 07/00894-1
Sakshandsamar: Turid Engeseth Løvoll Dato: 15.11.2007 |
Satsar for brukarbetaling -
sektor for pleie og omsorg 2008
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Eldrerådet |
21.11.07 |
|
|
093/07 |
Driftsutvalet |
21.11.07 |
|
103/07 |
Kommunestyret |
13.12.07 |
Utsendte saksdokument:
Utsnitt frå ”Samanlikningstal for kommunene 2007 – Sosial og helsedirektoratet
Ikkje utsendte
saksdokument:
1. Norddal kommunestyre vedtek satsar for brukarbetaling for pleie og omsorgstenester slik dei ligg føre i saksutgeiinga.
2. Nye satsar skal gjelde frå 1.januar 2008
Kommunestyret vedtek årleg betalingssatsar for tenester.
Kommunen kan, jfr. Lov om sosiale tenester § 8-3, sjølv fastsette reglar for betaling av vederlag og betalingssatsar for dei tenestene som er nemnde i denne lov. Heimehjelp og husmorvikartenester som reingjering, vask av klede, matlaging og anna praktisk arbeid som høyrer til under eit vanleg hushald er tenester det kan takast betaling for. Vederlaget skal ikkje vere høgare enn kommunen sine utgifter til tenestene. Vert tenestene betalt etter abonnementsordning kan ikkje vederlaget overstige kommunen sine samla sjølvkost for tenestene til den einskilde brukar i den månaden abonnementet gjeld. Sjølvkost vert definert som ei gjennomsnittleg timeløn for den tenesta som vert utført, tillagt sosiale utgifter og administrasjonsutgifter. Det kan ikkje krevjast dekning i den einskilde si formue.
Utgiftstak for husstandar med inntekt under 2G, jfr. Lov om sosiale tenester § 8-4 andre ledd er sett til kr. 150,- pr månad. Det er ikkje høve til å ta betalt for heimesjukepleie, herunder nødvendig utstyr til behandling.
Ein har ikkje konkretisert skilnader i tilbodsinnhald. Framleis får leigetakarar i kommunale bemanna utleigebustader (omsorgsbustad), ein høgare service enn heimebuande i eigen heim utan at betalingssatsane er ulike. Dette er ei naturleg følgje av at dei fleste av brukarane som bur inne på dei bemanna omsorgsbustadane kjøper fleire tenester/vedtak om fleire tenester enn brukarane som bur heime (t.d. kjøper dei fleste alle måltid og vil ved serveringa av desse ha ei naturleg form for tilsyn).
SATSAR FOR
BRUKARBETALING
Mat: 2007 2008
Middag m /dessert……………….. kr 52,- kr 54,-
Frukost…………………………… kr 22,- kr 23,-
Kvelds……………………………. kr 22,- kr 23,-
Kaffi m/kake……………………... kr 16,- kr 16,-
Nattmat (sein kvelds) kr 22,- kr 23,-
Full pensjon kr 85,- kr 88,-
Køyring av middag (heimebuande) kr 20,- kr 20,-
Dei som har full pensjon skal aldri betale meir enn kr 88,- pr. døgn. Andre betalar prisen for enkeltmåltid.
Auke av
straumutgifter i omsorgsbustadane på gamle ”trygdeavdelinga”:
Omsorgsbustadane på tidlegare trygdeavdelinga har ikkje eigne straummålarar, og vil heller ikkje få det i næraste framtid på grunn av kostnadane med å få dette installert. I 2000 vart straumforbruket på desse bustadane stipulert til kr. 300,- pr. månad.
Stipulert straumutgift ved omsorgsbustadane på ”tidlegare trygdeavdelinga” vert frå 1. januar 2008
høgda slik:
2007
2008
kr 400,- kr 450,-
Denne prisauke gjev ein årspris på straum på kr 5400,-
Leige/vask av klede for dei som bur i omsorgsbustader med fast
personell/tilsette:
2007 2008
Leige av sengeklede…………………… kr. 75,- 77,- pr. mnd
Leige av handklede……………………. kr. 15,- 15,- pr. mnd
Tryggleiksalarm: 2007
2008
Leige
av tryggleiksalarm……………… kr.
150,- 155,-
Installasjon av alarm………………….. kr. 425,- 425,-
Dei som har privat alarm……………… kr. 100,- 103,-
Heimehjelp:
a. Abbonementsordning min 6 t/mnd:
Innt.grunnlag: Betalingstak pr.mnd:
2007 2008
Inntil 2 G kr. 150,- 150,-
2 - 3 G kr. 600,- 620,-
3 - 4 G kr. 1.000,- 1030,-
4 - 5 G kr. 1.500,- 1550,-
over 5 G kr. 2.000,- 2060,-
b. Abonnementsordning, men lågare tenestevolum enn 6 t/mnd:
Den som har mindre heimehjelp enn det som vert omfatta av abonnementsordninga, skal betale for faktisk medgått tid etter ein fastsett timesats. Minimum ½ time.
Inntekt inntil 3 G, timesats: kr.100,-
Inntekt høgare enn 3 G, timesats: kr.175,-
c. Timesats for dei som er utanom
abonnementsordninga, (heimehjelp av og til) timesats kr. 185,-
Den som har mindre heimehjelp enn det som vert omfatta av abonnementsordninga, skal betale for faktisk medgått tid etter ein fastsett timesats. Minimum ½ time.
Det skal ikkje krevjast eigenbetaling ut over sjølvkost, som for tida er rekna til kr 185,- pr time (timeløn, sosiale utgifter, administrasjon, km-godtgjersle m.m.).
Nedvask av omsorgsbustad ved f. eks utflytting:
Kommunale takstar for nedvask, om leigaren sine pårørande ikkje har høve til å gjere dette sjølve:
2007 2008
Oms.bustader
”gamle” trygdeavd. (stor) kr. 1.500,- 1545,-
Oms.bustader ”gamle” trygdeavd. (liten) kr. 1.000,- 1030,-
Eidsdal omsorgsbustader (stor) kr. 2.500,- 2575,-
Eidsdal omsorgsbustader (liten) kr. 2.000,- 2060,-
Norddal omsorgsbustader (stor) kr. 2.500,- 2575,-
Norddal omsorgsbustader (liten) kr. 2.000,- 2060,-
Oms.bustader ”NYE” på Sylte (stor) kr. 4.000,- 4120,-
Oms.bustader ”NYE” på Sylte (liten) kr. 3.000,- 3090,-
Nye oms. bustad i Eidsdal og Moa (2005) kr 3100,- 3100,- 3100,
Alle prisar for nedvask er rekna ut i frå storleiken på bustaden (kvadratmeter).
Det er gjort eit påslag på 3 % på alle brukarbetalingar.
Ein har hatt ein enkel gjennomgang av prisleiet, og det er vanskeleg å finne at prisleiet for dei ulike tenestene ligg på eit urimeleg nivå.
I KS sakene 90/04, 65/05 og 83/06 vart det vedteke at ein ikkje skulle auke satsar og gebyr for brukarbetaling for høvesvis 2005, 2006 og 2007. Gjeldande satsar og gebyr er såleis dei same som vart vedtekne for 2004.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|