|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: K40
Saksmappe: 04/00455-3
Sakshandsamar: Inge Lilleås Dato: 10.11.06 |
Bruk/overføring av/frå
Viltfondet
Utval |
Møtedato |
|
Viltnemnda |
20.11.06 |
Utsendte saksdokument:
Ikkje utsendte
saksdokument:
I samband med avslutning av rekneskapen for kommunen i 2005 kom det fram ynskje om å bruke ein del av viltfondet sine midlar.
Desse skulle dekkje viltnemnda si møtegodtgjersle og lignende.
Det er viltnemnda som er heilt suveren i bruk av viltfondet.
Det vart i 2005 ikkje brukt midlar som nemnt under saksgrunnlaget
Viltfondet er i dag på kr. 113661,00, det er vedteke tilsegn på tilskot på kr. 10000,00 som enno ikkje er nytta.
Fondet vil få meir kapital i samband med fellingsavgiftene for hjort i 2006.
Ein tek med forskrifta sin § 4 bokstavane a og b som ser slik ut.
§ 4. Disponering av
fondet.
a Fondet kan brukes til:
- tiltak for å fremme viltforvaltning, styrke kunnskapen om viltet, jaktorganisering
m.m i kommunen og nabokommuner gjennom samarbeid i regi av organisasjoner,
enkeltpersoner eller kommunen selv.
- å dekke kommunens utgifter til ettersøk og håndtering av skadd vilt og fallvilt i
kommunen.
- tiltak for å forebygge skader på landbruksnæring voldt av hjortevilt.
b Fondet kan ikke brukes til:
- kommunal administrasjon av viltforvaltningen ( faste utgifter til lønn,
møtegodtgjørelser, reiser m.v.)
- å erstatte skader voldt av vilt.
- Skuddpremier
Ein vurderar det slik at det er ingen ting i vegen for å nytte viltfondet til møtegodtgjersle og lignende .til medlemane av viltnemnda etter bokstav b i § 4.
Likevel må ein stille spørsmålet når kommunestyret har valt å ha viltnemnd, burde kostnaden med denne arbeidast inn i kommunen sitt driftsbudsjett. Kommunen har økonomi til det.
Sjølv om ein har heimel til å bruke viltfondet som nemnt er det prinsipielt tankefullt.
Ein finn likevel for 2006 å kunne innstille på å løyve kr.12000,00 som skal nyttast til møtegodtgjersle for viltnemnda, porto og div. annonser.
Stig Holmstrøm |
|
rådmann |
|
|
|
|
|