|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: K46
Saksmappe: 06/00365-4
Sakshandsamar: Inge Lilleås Dato: 10.11.06 |
Utviding av jakttid for
hjort 2006
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Viltnemnda |
20.11.06 |
Utsendte
saksdokument:
Ikkje utsendte saksdokument:
I tråd med gjeldande regelverk gjer Norddal viltnemnd vedtak om å utvide jakttida for hjort i 2006.
I tråd med gjeldande regelverk gjer Norddal viltnemnd vedtak om å utvide jakttida for hjort i 2006.
Heimel for at kommunen kan utvide jakttida for hjort finn ein i lov 29.
mai 1981 nr. 38 om viltet § 9 og forskrift 11. februar 2002 nr. 149 om jakt- og
fangsttider samt sanking av egg og dun for jaktsesongen fra 1. april 2002 til
og med 31. mars 2007 § 3.
Kommunen har mynde til å utvide jakttida for hjort med inntil 14 dagar, utvidinga må vere i ein tidsbolk, det er ikkje lov å dele opp den bolk ein utvidar med. Det er likevel ingen ting i vegen for at ein mellom ordinær jakttidslutt og den utvida bolk kan ha eit opphald.
Utviding av jakttida skal fastsettast gjennom forskrift, ein må då syte for at Forvaltningslova sitt Kapittel VII §§ 37 til 40 vart følgd.
Forskrifta skal kunngjerast i Norsk Lovdata.
Når det gjeld vedteken forskrift så er det ingen klagerett.
Kommunen kalla inn til offentleg møte den 07.11.06 i samband med høyring til forskrift.
Møte vart kunngjort i avisa Storfjordnytt 01.11.06.
Om det var ei forskrift med mange ledd og tema må ansvarleg organ vedta eit forslag til forskrift og leggje fram.
I dette høve er det ei enkel forskrift der høyringa vil handle om for eller mot og kanskje tidsbolken.
På høyringsmøte 07.11.06. deltok det 16 personar frå 10 ulike vald.
Meiningane var delt omtrent på midten.
I tillegg til desse 16 personane har representantar frå 3 vald teke kontakt telefonisk, desse ynskte utviding av jakttida.
På møte 07.11 kom det fram nokså klart at dei vald i kommunen som ligg i dei lågare deler av bygdene spesielt ynskte ei utviding. Dette er ikkje nytt då ein veit at desse valda ikkje har særleg med hjort i sine områder før det kjem snø slik dyra trekkjer ned.
Når viltnemnda skal vurdere ei utviding av jakttida må dette vektleggjast.
Like naturleg er det at dei vald som no har fylt sine kvotar ikkje har vesentleg interesse av at jakttida vert utvida.
Viltnemnda må gjere eit total vurdering sett i lys av tildeling og dei ynskje mange vald har for å utvide jakttida for hjort i 2006.
Med i den totale vurdering må og ikkje minst skadepress frå hjort telje med.
Kommunen har allereie i år motteke søknad om skadedyrs-felling.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|