|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: F40 &20
Saksmappe: 05/00518-4
Sakshandsamar: Wenke Sylju Dato: 02.02.2006 |
|
Utval |
Møtedato |
|
|
|
Driftsutvalet |
|
|
Driftsutvalet |
28.08.06 |
Utsendte saksdokument:
Ikkje utsendte
saksdokument:
Kommunestyret ser positivt på eit interkommunalt samarbeid i barnevernet mellom kommunane Ørskog, Stordal, Skodje og Norddal og ber rådmannen arbeide vidare med saka.
Kommunestyret ser positivt på eit interkommunalt samarbeid i barnevernet mellom kommunane Ørskog, Stordal, Skodje og Norddal og ber rådmannen arbeide vidare med saka.
Saka vert teke opp etter initiativ frå leiarane i barnevernet i kommunane Ørskog, Stordal, Skodje og Norddal, da det i fleire samanhengar har vore gjort freistnad på å få til eit samarbeid om barneverntenestene mellom dei små kommunane kring Storfjorden, i første rekke Skodje, Ørskog, Stordal og Norddal.
Saksopplysningar:
------------
Kommunane har hatt eit meir uformelt samarbeid omkring rettleiing, kurs og fagleg oppdatering i lang tid. Det har berre i liten grad vore etablert noko samarbeid i konkrete klientsaker og bruk av kvarandre sine personalressursar. Skodje og Ørskog er i tillegg saman med Haram kommune om ei barnevernvakt.
I 2003 vart det utarbeid ein rapport av ei nemnd oppnemd av ÅRU. Mandatet til nemda var:
”Det utarbeides et beslutningsgrunnlag for kommunene om
de ønsker å delta i et interkommunalt samarbeid om barnevern.
Prosjektet skal utrede og anbefale samarbeidstiltak som
fremmer økt effektivitet, og gir en kvalitativ bedre barneverntjeneste, innen
alternative geografiske områder:
Resultatet av dette arbeidet var at kommunane i regionen fekk tilbod om å inngå ein avtale om kjøp av advokattenester frå Ålesund. Åtte kommunar er med i dette samarbeidet. Mellom dei kommunane i distriktet vårt. Denne avtalen er no under evaluering, sjå eige sak.
I samband med etableringa av den nye Arbeids – og Velferdsetaten, står barnevernet framfor ei stor utfordring. Dei fire kommunane i distriktet vårt har alle ei felles sosial og barnevernteneste. Nokre med berre ein stillingsheimel og ein person på begge saksområda. Kommunane skal inn i eit samarbeid med staten om dei nye NAV – kontora. Kommunen skal vere representert med minimum økonomisk sosialhjelp i desse kontorfellesskapa. For dei små kommunane våre kan det vere naturleg å gå inn med også andre tilbod etter sosialtenestelova. Den ressursen som då evt. blir igjen til å ta seg av barnevernet vil då bli svært liten i kvar kommune. I praksis vil det vere uråd å oppretthalde eit forsvarleg barnevern i alle kommunane. Ein må då sjå på alternative løysingar. Det mest nærliggande er å sjå på eit meir formalisert samarbeid.
Barnevernet i småkommunar:
Studiar har vist at småkommunar har ei rekke utfordringar i teneste – produksjonen. Desse er knytta til rekruttering av fagfolk og etablering av fagmiljø, og dei små kommunane sitt høve til å ha spisskompetanse og til å gje innbyggarane eit differensiert og bredt tilbod av tenester.
Utfordringane småkommunane har innan dette området kan motvirkes ved eit slikt samarbeid. Problema har basis først og fremst i rettstryggleiksproblematikk ved at brukarane ikkje får den kvalitative hjelp som dei etter lova har krav på. Desse grunnleggande problema har oftast bakgrunn i habilitets – og rekrutteringsproblem. Ein liten kommune har ofte korkje tilstrekkeleg kapasitet eller kompetanse til å utføre kvalitetsarbeid. Dette kan få seinare følgjer, til dømes ved rettskrav frå vaksne som ikkje har fått rettane sine ivaretekne i barndommen. Desse vanskane vil bli forsterka når småkommunane sit igjen med barnevernet åleine etter at mesteparten av fellesressursen i sosial – og barneverntenesta har gått inn i NAV.
Samstundes som ein er merksam på dei utfordringane som kan vere i små kommunar, er det og fleire fordelar i høve til store kommunar. Små kommunar har fordelar knytta til nærleik, oversikt og fleksibilitet. Det er nærleik til brukarar, ein får tidleg kjennskap til barn som treng hjelp, kort avstand til samarbeidande instansar, kort sakshandsamingstid, raske avgjersler, enkle løysingar o.s.b….
Det bør gjennom samarbeid mellom dei kommunane det her er snakk om utviklast ei barnevernteneste basert på ei grunnbemanning på minimum 3 heile stillingar for å utvikle eit godt fagmiljø, sikre kontinuitet, samarbeid om store og tunge saker, rekruttere fagfolk og unngå for sterk nærleik.
Ved ei slik løysing klarer ein å ta vare på dei fortrinn som er i små kommunar, samstundes som ein får ein organisasjon som eliminerer problema.
Det er frå før etablert samarbeid på ulike felt med tilknyttning til barnevernområdet. Dette gjeld PP- tenesta, legevaktordning og psykiatritilbod. I tillegg har vi statsetatane politi og kyrkje. Sett i ein slik samanheng kan det vere ei naturleg løysing å samlokalisere barnverntenesta med til dømes PP-tenesta. Ein vil då kunne utnytte ein del fellestenester som kommunane alt samarbeider om. I tillegg vert det samarbeidet som er mellom desse einingane, og som er heilt naudsynt, bli enklare.
Desse kommunane har frå før eit etablert samarbeid m.a. på økonomi. Som ei vidareføring av det har kommunane samarbeid om innkjøp, opplæring og drifting av fagprogram innan sosial – og barnevernområdet. Eit viktig grunnlag for å kunne etablere eit meir forpliktande og utvida samarbeid, er med det alt på plass.
Om ein klarer å få ei interkommunal eining for barn/unge der også helsestasjon og jordmor er med, vil det sjølvsagt gje maksimal uttelling i høve til ressursutnytting, fagleg styrke og rasjonell drift. Dette omfattar langt fleire og vil bli ein meir komplisert prosess. Vi finn det likevel rett å nemne dette alt no.
Rammeføresetnader.
Ansvars – og oppgavefordelingen i barnevernet.
Gjeldande barnevernlov vart satt i verk 1. januar 1993. Føremålet med lova er å sikre at barn og unge som lever under tilhøve som kan skade helsa og utviklinga deira, får naudsynt hjelp og omsorg til rett tid. Lova skal vidare bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår.
Staten sitt ansvar og oppgåver.
Staten sitt ansvar for barnevernet, vert ivaretatt dels av departementet sjølv, dels av fylkesmannen. Fylkesmannen skal føre tilsyn med barnevernverksemda i dei einskilde kommunane. Tilsynet omfattar både råd – og rettleiingsfunksjon og ein kontrollfunksjon. Fylkesmannen er klageinstans for vedtak som er gjort av barneverntenesta og som ikkje høyrer under fylkesnemnda sitt mynde.
Fylkesnemnda har først og fremst vedtaksmynde i dei såkalla tvangssakene, det vil seie vedtak som kan gjennomførast mot dei private partane si vilje. Den er eit uavhengig, statleg forvaltningsorgan som langt på veg fylgjer dei sakshandsamingsreglane som gjeld for dei alminnelege domstolane. Fylkesnemnda gjer vedtak etter framlegg frå kommunen.
Frå 01.01.2004 tok staten over alle oppgåvene som fylkeskommunen hadde ansvaret for på barnevernområdet, som etablering og drift av barneverninstitusjonar, rekruttering og formidling av fosterheimar og generell opplæring og rettleiing av fosterheimane. Verksemda skal organiserast over tre nivå : sentralt nivå, regionalt nivå og lokalt nivå. På regionalt nivå er det fem regionar som geografisk fylgjer helseregionane, med regionsentra i Alta, Trondheim, Bergen, Oslo og Tønsberg. For å sikre nærleik til kommunane vil det i kvar region vere fleire fagteam som skal utgjere det viktigaste leddet i det statlege barnevernet sitt direkte samarbeid mellom kommunane og regionane. Fagteama er samansatt av fleire typar fagfolk. I Møre og Romsdal er det to fagteam, eit i Ålesund som dekkjer Sunnmøre og eit i Molde som dekkjer Romsdal og Nordmørskommunane. Kvart av desse teama har 6 stillingar.
Gjennom tett samarbeid med kommunal barnevernmynde skal regionen som representant for det statlege barnevernet vere aktive for å etablere og vidareutvikle ein einhetleg, kunnskaps – og kompetansebasert tenesteproduksjon som er likeverdig over heile landet.
Kommunen sitt ansvar og oppgåver.
Kommunen sitt ansvar er nedfelt i § 2- 1 i lov om barneverntenester:
” kommunen er ansvarlig for å utføre de oppgaver som ikke
er lagt til et statlig organ. Kommunestyret kan avgjøre at oppgaver som følger
av denne lov skal legges til et folkevalgt organ.
Dette organet, som ikke kan være kommunestyret, skal ved
behandling av klientsaker ha 5 medlemmer.
I hver kommune skal det være en administrasjon med en
leder som har ansvar for oppgaver etter denne lov.
Administrasjonen skal utføre det daglige løpende
arbeidet, herunder
a)
gi råd og veiledning
b)
treffe vedtak i medhold av loven, evt. innstille til
vedtak, jf. annet ledd
c)
forberede saker for behandling i fylkesnemnda
d)
iverksette og følge opp tiltak
De organ som utfører oppgaver på vegne av kommunen, jf.
2. og 3. ledd, utgjør kommunen sin barneverntjeneste.
Kommunen har ansvaret for nødvendig opplæring av
barneverntjenesten sitt personell. Personalet er forpliktet til å delta i
opplæring som blir bestemt, og som en ser nødvendig for å holde
kvalifikasjonene ved like. Kongen kan gi forskrifter om opplæring.”
Det vesentlegaste av barnevernoppgåvene er eit kommunalt ansvar. Kommunen skal gje råd og rettleiing, foreta undersøkingar og iverksette tiltak der dette er naudsynt. Kommunen skal fatte vedtak om tiltak i dei tilfelle vedtakskompetansen ikkje er lagt til fylkesnemnda. Dette medfører først og fremst å treffe vedtak om friviljuge hjelpetiltak.
Kommunen skal fatte mellombelse og førebelse vedtak i akuttsituasjonar. Slike akuttvedtak skal godkjennast av fylkesnemnda. I saker der vedtaksmyndet er lagt til fylkesnemnda, har kommunane ansvaret for saksførebuinga, og for å utarbeide framlegg til tiltak. Etter at vedtak er gjort, har kommunane ansvar for å iverksette tiltaket og for å følgje opp barnet og familien. Med det fylgjer og ansvar for å vurdere om det aktuelle tiltaket fungerar tilfredsstillande for barnet og for evt. å sette inn nye tiltak om det er naudsynt. Kommunen har vidare ansvar for å godkjenne fosterheimar og for å føre tilsyn med barn i fosterheimar.
Dei kommunale barnevernoppgåvene skal utførast av kommunen si barnevernteneste. Alle kommunar skal ha ein administrasjon med ein leiar som har ansvar for dei lovpålagte oppgåvene. Kommunane står fritt med omsyn til om eit folkevald organ skal ha ansvar for oppgåver etter lova.
Kommunen har og eit ansvar for å drive generell førebyggjande verksemd. Som ein følgje av dette skal kommunen følgje nøye med i dei tilhøve barn lever under, og har ansvaret for å finne tiltak som kan førebygge omsorgssvikt og åtferdsvanskar.
Barnevernet i små kommunar.
ST.prp. nr. 64 (2001-2002) Om lokaldemokrati, velferd og økonomi i kommunesektoren 2003 (kommuneproposisjonen) viser til en rapport fra NIBR – rapport 2001/18 ”Er det størrelsen det kommer an på ?” Kommunane som omfattast av studien er Krødsherad, Lesja, Tjelsund og Lurøy. I stortingsmeldinga står det m.a:
”Tjenesteproduksjon
Ut fra dybdestudien av de fire små kommunene kan en
oppsummere fordelene knyttet til tjenesteproduksjonen i tre stikkord: Nærhet,
oversiktlighet og fleksibilitet. Studien avdekker også at disse kommunene står
overfor en rekke utfordringer i tjenesteproduksjonen. Disse er knyttet til
rekruttering av fagfolk og etablering av fagmiljø, samt til små kommuners
mulighet til å ha spisskompetanse og til å gi innbyggerne et differensiert og
bredt tilbud av tjenester.
Rettssikkerhet.
Undersøkelsen drøfter hvorvidt små kommuner opplever
habiliteringsproblemer, og ser noe på rettssikkerhetsaspektet ved
barneverntjenester. Nærheten mellom politikere, kommuneadministrasjon og
innbyggere vil med nødvendighet bli større i små kommuner. Dette kan utfordre
rettssikkerheten. I småkommunene vil dessuten kommunen selv være
hjørnesteinbedriften, noe som betyr at flere politikere er ansatt i kommunen.
Rettssikkerheten kan utfordres ved mangelfull kompetanse i saksbehandlingen,
slik at innholdet i vedtaket ikke holder mål i forhold til faglige og juridiske
standarder. Når det gjelder de fire kommunene har ingen av dem
kommuneadvokat. Juridisk ekspertise
leies inn etter at saken er kommet relativt langt. Videre konstanteres det at
flere av kommunene har relativt nyansatte folk i barneverntjenesten.
Nyutdannedes oppdaterte kompetanse kan være en styrke, men mangel på erfaring
kan være et problem.”
I Horisont nr. 2/2003 skriver forsker ved NIBR, Norsk institutt for by – og region-forskning, Leif Arne Heløe. bl.a.:
”Småkommunene har jevnt over problemer med å rekruttere
fagfolk som kan sikre kontinuitet i løsningen av de lovpålagte oppgavene. Dette
gjelder ikke bare perifert, men også sentralt beliggende småkommuner.
Spisskompetanse som skal sørge for kvalitet i tjenesteproduksjonen er
mangelvare.
Rekrutteringsproblemene bunner ofte i at fagmiljøene blir
snevre samtidig med at kommunene bare kan tilby stillingsbrøker. En konsekvens
kan bli at innbyggerne ikke får tilgang på de tjenestene loven gir dem rett
til, med rettstvist til følge. Hittil har slike saksanlegg mot kommuner
hovedsakelig angått mangelfull skolegang. Men etter hvert som rettighetsbasert
lovgivning vinner frem på nye områder, øker sjansen for hyppigere saksanlegg
også på andre kommunale ansvarsområder,
så som innenfor kommunehelsetjenesten, barnevernet, eldre – og
sosialomsorgen. Befolkningens visshet om sine rettigheter øker tilsynelatende
mer enn bevisstheten om pliktene”.
Det er ulike måtar å organisere det interkommunale samarbeidet på:
1.Interkommunalt samarbeid om stillingar
Det er praksis fleire stader i dag at kommunen på grunnlag av avtale samarbeider om ei felles barnevernstilling, men slik at vedtaksmyndet framleis er innan kvar kommune.
2. Interkommunal samorganisering/overføring av mynde
Ei anna løysing kan vere at ei kommune overfører sitt mynde etter barnevernlova til ei anna kommune. Dette må gjerast gjennom forsøk etter forsøkslova, fordi barnevernlova seier at kvar kommune skal ha ein administrativ leiar for barneverntenesta. Det kan til dømes vere ei mindre kommune som overfører mynde til ein større for å avhjelpe vanskar med tenesteproduksjonen i kommunen, eller fleire (mindre) kommunar som overfører mynde til ei anna kommune.
3. Interkommunalt barnevernsteam
Ei tredje løysing kan vere at fleire kommunar går saman om eit ambulerande ”team” som kan fungere som barnevernteneste for fleire kommunar. Teamet kan ikkje fatte vedtak – kvar kommune må ha vedtaksmynde etter barnevernlova.
4. Interkommunalt samarbeidsorgan
med vedtaksmynde
Ei fjerde løysing kan vere at det vert oppretta eit interkommunalt samarbeidsorgan ettter kommunelova sin § 27. Om eit slikt organ skal kunne treffe vedtak i barnevernsaker, slik at vedtaksmyndet vert flytta ut av den einskilde kommune og over til samarbeidsorganet, treng ein forsøk etter forsøkslova både i høve til kommunelova og barneverntenestelova.
Særlege omsyn
I prosessen fram mot ein eventuell søknad om forsøk bør kommunane ha fokus spesielt retta mot spørsmål knytta til brukarane sin rettstryggleik, tilgjenge til tenestene og god informasjon om kvar og når ein kan nå barneverntenesta. Vidare er det viktig at kommunane i denne prosessen er spesielt merksame på ansvarsfordelinga når det gjeld det førebyggande arbeidet og korleis samarbeidet med andre sektorar og forvaltningsnivå kan ivaretakast i den einskilde kommune, jf. barnevernlova §§ 3-1 og 3-2. Når det gjeld kommunane si rapporteringsplikt, er det viktig at kommunane er merksame på at dei må klargjere korleis denne skal ivaretakast også i ei eventuell forsøksperiode.
Vidare prosess
Fleire av kommunane si sosialteneste ligg an til å bli samlokalisert i NAV – kontor alt i 2007. Det er difor viktig at denne prosessen kjem i gang og at kommunane saman blir samd om ein måte å løyse situasjonen på.
Vi som arbeider med barnevernet ser på alt. 4 som den beste løysinga. Det beste vil vere å samle ressursane i ei felles barnevernteneste som har vedtaksmynde for alle kommunane. Dei utfordringane som er nemd i høve til rapportering m.v. er løyst gjennom den felles dataløysinga som er vald. I det heile er det mykje som ligg til rette for at dette no kan gjennomførast på ein god måte.
I tillegg til å bli handlekraftig i høve til einskildsaker, vil ein og kunne legge til rette for eit generelt førebyggande arbeid på ein betre måte. Særleg for ungdom er kommunegrensene ikkje nokon hindring i dag. Ungdomskulturen utviklar seg på tvers av desse, og tiltaka må settast inn etter det.
Vi vonar på eit positivt samarbeid om utviklinga av det framtidige barnevernet i kommunane våre.