|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: Q14
Saksmappe: 06/00758-1
Sakshandsamar:
Elisabeth MansfieldElisabeth Mansfield Dato: 07.11.2006 |
Omdisponering av
investeringsmidlar for 2006
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Driftsutvalet |
08.11.06 |
|
|
067/06 |
Kommunestyret |
16.11.06 |
Utsendte saksdokument:
Ikkje utsendte
saksdokument:
Driftsutvalet vedtar desse omdisponeringane på investeringsbudsjettet for 2006:
1. Inntil kr. 150 000 på ansvar ”Kommunale vegar” vert overført til ansvar ”Gatelys” der midlane skal nyttast til alt vedtekne tiltak.
2. Det vert overført kr. 49 500 frå ansvar ”Myklebust vassverk”, kr. 50 000 frå ansvar ”Avløp” og inntil kr. 30 000 på ansvar ”Vassverkdrift” til Ansvar ”Renovasjon” der dei overførte midlane skal nyttast til finansiering av vekt på den nye renovasjonsbilen.

Kommunestyret vedtar desse omdisponeringane på investeringsbudsjettet for 2006:
1. Inntil kr. 150 000 på ansvar ”Kommunale vegar” vert overført til ansvar ”Gatelys” der midlane skal nyttast til alt vedtekne tiltak.
2. Det vert overført kr. 49 500 frå ansvar ”Myklebust vassverk”, kr. 50 000 frå ansvar ”Avløp” og inntil kr. 30 000 på ansvar ”Vassverkdrift” til Ansvar ”Renovasjon” der dei overførte midlane skal nyttast til finansiering av vekt på den nye renovasjonsbilen.
I investeringsbudsjettet for 2006 vart det sett av 500 000 til kommunale vegar og nye 250 000 til gatelys generelt. Det er aktuelt å utsette eit oppsett trafikktryggingstiltak til 2007 og forsere oppsetting av gatelys i år med om lag 150 000. I samband med kjøp av ny renovasjonsbil er det behov å gjere ei omdisponering på nærare 130 000 frå ansvar innan vatn og avløp til renovasjon.
For 2006 har ein sett av midlar til tiltak i samsvar med gjeldane trafikktrykkingsplan og fleire mindre asfalteringsoppdrag. Tiltak nr. 6 i trafikktryggingsplanen har etter vurderingar frå administrasjonen og geolog blitt kostnadsrekna til 390 000. Det er for 2007 søkt etter trafikktryggingsmidlar for også tiltak nr. 6. Arbeid med montering av glidekantar er enno ikkje fullført for i år. Så langt ser det ut som vi kan overføre om lag 150 000 til gatelys. På gatelys skal ein primært fullføre kommunale bustadfelt og montere opp etter gjeldane gatelysplan. Muri felt B5, Grendavegen og to punkt i Moa er prioritert.
I samband ulykka i juni og kjøp av ny renovasjonsbil vart sak fremma om å ta opp nytt lån på 760 000 utover det forsikringa dekte for den kondemnerte bilen. Under møtet der kjøpsavtalen skulle signerast kom det fram at vekt på bilen ikkje var kome med i oppsettet. Med tanke på å vere framtidsretta der bilen kan gå inn i eit interkommunalt selskap eller at vi renoverer utover kommunegrensene vil ei vekt på bilen vere naudsynt. For kommunen er vekt på bilen alt no praktisk. Vekta lar oss få kontroll på dunkane på ein slik måte at vi kan tilby ein pris som er mest mogleg korrekt for å kunne gå i null. Ettermontering av vekt er mogleg, men vil verte meir kostbart enn om ein gjer det under bygginga av bilen. I løpet av kontraktsmøtet kom det til mindre pluss og fråtrekk på totalsummen, men vekta utgjorde hovudsakleg underdekninga på kr. 128 296.
I investeringsbudsjettet står det igjen ein sum på 49 500 etter sluttføring av prosjekt ”Myklebust vassverk” og 50 000 på avløp generelt. For vassverkdrift reknar ein med å overføre til 2007 om lag 600 000. Arbeidet med Sylte reinsehus er starta opp og ein reknar med å sluttføre arbeidet neste år godt innanfor ei ramme på 0,5 mill. Låneopptak innan vatn, avløp og renovasjon er alle finansiert gjennom brukarbetaling.
Som på mange ulike områder står tiltaka også innan veg og gatelys i kø. For å kunne utføre eit tiltak skal ein både ha planlagt det tilstrekkeleg og kunne finansiere det. Tiltak nr. 6 etter trafikktryggingsplanen er reinsk av fjellskjering på Ruset. Dette tiltaket skulle vært utført i år og må grunna noko endring i utføring og med endra kostnadsramme utsettast til neste år. Investeringsmidlar inntil kr. 150 000 som ikkje vert nytta på veg kan vere med på å utføre planlagde gatelystiltak.
For å finansiere vekt til ny renovasjonsbil er det mogeleg å overføre resterande beløp på ansvara ”Myklebust vassverk” med kr. 49 500 og ”Avløp gen.” med kr. 50 000 samt omdisponere eit mindre beløp på ”Vassverkdrift” med kr. 28 796.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|