|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: 50
Saksmappe: 07/00545-5
Sakshandsamar: Lars Kjell Smoge Dato: 05.11.07 |
Ombygging av uthus
Herdalsosen gnr 50 - Anne
Marie Nystad
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Driftsutvalet |
21.11.07 |
Utsendte saksdokument:
Uttale frå fylket dat. 17.09.07
Brev til fylket av 22.08.07 vedk. uttale
Erklæring frå Dale grunneigarlag dat. 17.06.07
Ikkje utsendte
saksdokument:
Søknad (skjema) dagsett 20.06.07
Verneforskrifta for Geiranger-Herdalen landskapsvernområde
Norddal kommune viser til vedtak av Møre og Romsdal fylke dagsett 17.09.07 med heimel i verneforskrifta for Geiranger-Herdalen landskapsvernområde i saka.
Søknaden av 20.06.07 om løyve til ombygging av uthus ved Herdalsosen, gnr. 50, vert ikkje
imøtekomen.
Handsaming i Driftsutvalet 21.11.2007:
Svein Linge, Tl kom med slikt tilleggforslag til innstillinga:
……………, vert ikkje imøtekomen no. Norddal kommune ber om at før ein tek endeleg avgjerd må det utarbeidast og vedtakast ein forvaltningsplan over Geiranger-Herdalen landskapsvernområde.
Røysting:
Samrøystes i samsvar med innstillinga og med Svein Linge, Tl sitt tilleggsforslag.
Norddal kommune viser til vedtak av Møre og Romsdal fylke dagsett 17.09.07 med heimel i verneforskrifta for Geiranger-Herdalen landskapsvernområde i saka.
Søknaden av 20.06.07 om løyve til ombygging av uthus ved Herdalsosen, gnr. 50, vert ikkje
Imøtekomen no. Norddal kommune ber om at før ein tek endeleg avgjerd må det utarbeidast og vedtakast ein forvaltningsplan over Geiranger-Herdalen landskapsvernområde.
Søknaden gjeld ombygging av eksisterande uthus under tilknytt ei mindre hytte i nordenden av Herdalsvatnet, gnr. 50; jfr. vedlegg i saka.
Utifrå at tiltaket ligg i Geiranger-Herdalen landskapsvernområde (verdsarvområde) var saka om dispensasjon oversendt Møre og Romsdal fylke for uttale; jfr. brev av 22.08.07.
Fylket sin uttale i saka ligg føre dat. 17.09.07; jfr. vedlegg.
Som det går fram av vedlegga i saka, var oversendinga til fylket for uttale forseinka ved ei misstyding.
Møre og Romsdal fylke, uttale av 17.09.07:
Fylket vurderar tiltaket som ei ny hytte og ikkje ei ombygging/utviding av eksisterande uthus.
Etter verneforskrifta § 3 pkt. 1.1. for Geiranger-Herdalen landskapsvernområde skal området vernast mot inngrep som vesentleg kan endre eller verke inn på landskapet sin art eller karakter. Forvaltningsstyremakta kan etter søknad gje løyve til ombygging og utviding av eksisterande bygning, jfr. § 3 punkt 1.3 a).
Fylket har gjeve avslag på søknaden om ombygging med heimel i verneforskrifta § 3 pkt 1.3 a).
Kommunen har tidlegare ikkje hatt liknande sak for handsaming etter at det vart vedtak om Geiranger-Herdalen landskapsvernområde.
Fylket v/sakshandsamar har (05.11.07) opplyst at det ikkje ligg føre noko klage til Direktoratet for naturforvalting på fylket sitt vedtak i saka av 17.09.07.
Det må vere rett at det er ei streng haldning til endringar av eksisterande bygningar og nye tiltak i nyleg vedtekne landskapsvernområdet.
Etter ei samla vurdering finn ein å rå til at fylket si haldning og vedtak i saka også er kommunen si haldning.
Kommunen sitt vedtak kan klagast på innan 3 veker etter reglane i Forvaltningslova.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
Rådmann |
|
|
|
|
|
|
|