NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    151

Saksmappe:          07/00746-5

Sakshandsamar:   Helge Svensvik

Dato:                      06.11.2007

 

Møtebok

                                  

 

 

 

 

Økonomiplan 2008-2011. Årsbudsjett 2008.  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

010/07

Arbeidsmiljøutvalet

19.11.07

130/07

Formannskapet

20.11.07

009/07

Eldrerådet

21.11.07

090/07

Driftsutvalet

21.11.07

135/07

Formannskapet

22.11.07

105/07

Kommunestyret

13.12.07

 

Utsendte saksdokument:

Økonomiplan 2008-2011

Årsbudsjett 2008

Verksemdsplanar 2008

 

Ikkje utsendte saksdokument:

Kommuneplanen sin samfunnsdel

 

 


Rådmannen si innstilling:

Kommunestyret vedtek framlegget frå rådmannen til budsjett for år 2008 og økonomiplan for år 2008 – 2011  med følgjande føresetnader:

 

1.      Kommunestyret vedtek å nytte maksimalt tilletne satsar for kommunalt skatteøre for år 2008.

 

2.      Godtgjersle i 2008 til ordførar vert fastsett til ……………

 

3.      Norddal kommune tek i år 2008 opp eit lån på kr 13 759 000 til finansiering av planlagde investeringar. I tillegg kjem eksisterande løyving til føremålet Industribygg I Djupøyna på 2 945 000 kr som med det er omdisponert til anna føremål. Lånet blir nedbetalt som serielån over 20 år. Samla sum på 16 704 000 kr er fordelt slik:

-         Norddal kommune 10 979 000 kr

-         Norddal kommunale eigedomselskap KF 5 725 000 kr

 

4.      Sjølvfinansierande-, HMS-, energiøkonomiserande- og andre investeringar i høve til lov og forskrifter og pålegg  skal ha første prioritet.

 

5.       Momskompensasjon ut over 2,0 mill frå investering skal ikkje nyttast som inntekt til driftsføremål frå og med 2008.

6.      For å sikre god økonomistyring føreutsett ein at inntekter utover det som går fram av rådmannen sitt framlegg til budsjett blir sett av til disposisjonsfond.

                                   

7.      Skjer det vesentlege endringar i økonomiplanføresetnadene eller andre forhold som

ein  ikkje har hatt kjennskap til ved utarbeiding og handsaming av økonomiplanen skal                                 økonomiplanen leggjast fram til ny handsaming og vedtak.

 

 

 


Handsaming i Arbeidsmiljøutvalet  19.11.2007:

 

Samrøystes vedtak:

AMU tek saka til orientering.

 

 

 


Vedtak i  Arbeidsmiljøutvalet - 19.11.2007:

AMU tek saka til orientering.

 

 

 


Handsaming i Formannskapet  20.11.2007:

Innleiande orientering av rådgjevar Helge Svensvik – spørsmål og kommentarar.

 

Saka vert vidare handsama på møte 22.11.07.

 

 

 


Innstilling i  Formannskapet - 20.11.2007:

Saka vert vidare handsama på møte 22.11.07.

 

 

 


Handsaming i Eldrerådet  21.11.2007:

Samrøystes uttale:

Eldrerådet tar saka til orientering. Eldrerådet vonar at overgong til kommunalt føretak ikkje vil få negativ innverknad på pleie- og omsorgssektoren.

 

Eldrerådet ber om at det vert tatt omsyn til kommunen sitt ansvar i høve mottak/vedlikehald av hjelpemiddel utlånt av hjelpemiddelsentralen.

 

 

 


Uttale i  Eldrerådet - 21.11.2007:

Eldrerådet tar saka til orientering. Eldrerådet vonar at overgong til kommunalt føretak ikkje vil få negativ innverknad på pleie- og omsorgssektoren.

 

Eldrerådet ber om at det vert tatt omsyn til kommunen sitt ansvar i høve mottak/vedlikehald av hjelpemiddel utlånt av hjelpemiddelsentralen.

 

 

 


Handsaming i Driftsutvalet  21.11.2007:

Utvalet foreslo i pkt. 2 at ordførar si godtgjersle for 2008 vert sett til 100% av rådmannen si løn.

 

Røysting:

Samrøystes i samsvar med innstillinga og med forslaget som vart lagt fram i møtet, pkt.2.

 

 

 


Innstilling i  Driftsutvalet - 21.11.2007:

Kommunestyret vedtek framlegget frå rådmannen til budsjett for år 2008 og økonomiplan for år 2008 – 2011  med følgjande føresetnader:

 

  1. Kommunestyret vedtek å nytte maksimalt tilletne satsar for kommunalt skatteøre for år 2008.

 

  1. Godtgjersle i 2008 til ordførar vert fastsett til 100% av rådmannen si løn.

 

  1. Norddal kommune tek i år 2008 opp eit lån på kr 10 795 000 til finansiering av planlagde investeringar. I tillegg kjem eksisterande løyving til føremålet Industribygg I Djupøyna på 2 945 000 kr som med det er omdisponert til anna føremål. Lånet blir nedbetalt som serielån over 20 år. Samla sum på 13 704 000 kr er fordelt slik:

-         Norddal kommune 7 979 000 kr

-         Norddal kommunale eigedomselskap KF 5 725 000 kr

 

  1. Sjølvfinansierande-, HMS-, energiøkonomiserande- og andre investeringar i høve til lov og forskrifter og pålegg  skal ha første prioritet.

 

  1.  Momskompensasjon ut over 2,0 mill frå investering skal ikkje nyttast som inntekt til driftsføremål frå og med 2008.
  2. For å sikre god økonomistyring føreutsett ein at inntekter utover det som går fram av rådmannen sitt framlegg til budsjett blir sett av til disposisjonsfond.

                                   

  1. Skjer det vesentlege endringar i økonomiplanføresetnadene eller andre forhold som

ein  ikkje har hatt kjennskap til ved utarbeiding og handsaming av økonomiplanen skal økonomiplanen leggjast fram til ny handsaming og vedtak.

 

 

 


Handsaming i Formannskapet  22.11.07:

Rådmannen la fram slik endring i si innstilling:

Norddal kommune set av kr. 3 mill. kr til utbetring av Kilstivegen i 2008.

 

Viktor Valdal, Tl kom med slikt forslag til eit slikt nytt pkt. 8:

Det vert avsett kr. 900.000 i driftsrekneskapen til fortau frå Muri bru til Rådhuset.

I spleiselag med Statens Vegvesen vert om lag 50% av kostnaden refundert truleg i 2009. Finansiert i 2008 med auke statlege overføringar med kr. 900.000.

 

Audun Skjervøy, Nl kom med slikt forslag til eit nytt pkt. 9:

Norddalslista foreslår at løyvinga til Indre Sunnmøre Forsøksring vert auka frå kr. 65.000 til kr. 122.400 i tråd med søknaden frå forsøksringen.

Auken blir dekt inn ved å ta tilleggsløyvinga på kr. 57.400 frå auka inntektsramme.

 

Viktor Valdal, Tl kom med slikt forslag til eit nytt pkt. 10:

Post 1.2403.1472        Tilskot til organisasjonar                      + kr.    50.000

Post 1.2403.1475        Vidare utvikling spelemidlar                 + kr.    50.000

Inndekning: frå h.kap 1.1                                                        -  kr.  100.000

 

Håkon Myklebust, Sp kom med slikt forslag til eit nytt pkt. 11:

Auke ansvar 2301 Norddal musikk- og kulturskule.

Mindre inntekter grunna lågare eigenbetaling vert kompensert med kr. 15.000.

Inndekning med auke i rammetilskot.

 

Ordføraren kom med slikt forslag til eit nytt pkt. 12:

Formannskapet vedtek å setje ned eit utval som skal greie ut utfordringar knytt til rekruttering/kompetanseheving og bustadpolitikk i Norddal kommune. Utvalet skal bestå av 4 medlemar herunder ordførar og rådmann (sekretær) samt 2 medlemar oppnemnde av formannskapet. Utvalet skal leggje fram ein rapport med listing av anbefalte tiltak i prioritert rekkjefølgje til siste formannskapsmøte i september. Utvalet kan fritt konstituere seg, kjøpe tenester og foreta studiereiser knytt til mandatet. Total kostnad skal ikkje overstige

kr. 150.000. Kostnad dekkast inn ved å auke inntekter tilsvarande på rammetilskot.

 

Audun Skjervøy, Nl kom med slikt forslag til eit nytt pkt. 13:

Administrasjonen fremjar ei sak for Planutvalet om reguleringsplan for området rundt bedehuset på Sylte.

 

Audun Skjervøy, Nl kom med forslag om at ordførar si godtgjersle for 2008 vert sett til 100% av rådmannen si løn.

 

Det vert først røysta over rådmannen si innstilling m/endring:

Samrøystes i samsvar med innstillinga og Audun Skjervøy, Nl sitt forslag i pkt. 2

 

Røysting over nye forslag i møtet punktvis:

Pkt. 8:              Samrøystes vedteke

Pkt. 9:              Samrøystes vedteke

Pkt. 10:            Samrøystes vedteke

Pkt. 11:            Samrøystes vedteke

Pkt. 12:            Samrøystes vedteke

Pkt. 13:            Samrøystes vedteke

 

Håkon Myklebust, Sp kom med slikt forslag til eit nytt pkt. 14:

Netto avsetting for 2008 vert auka til kr. 2.900.000.

 

Håkon Myklebust, Sp kom med slikt forslag til eit nytt pkt. 15:

Som følgje av vedtatt utgiftsauke jfr. punkta 8, 9,11, 12 og 14, vert rammetilskotet for 2008

auka med kr. 2.122.000.

 

Røysting:

Punkta 14 og 15 vart samrøystes vedteke.

 

Ordføraren la fram heile økonomiplan 2008-2011 og budsjett 2008 med dei endringane som følgjer av dei voteringar og vedtak som er gjort i møtet til avrøysting:

 

Samrøystes vedteke.

 

 

 


Innstilling i  Formannskapet - 22.11.07:

1.                  Kommunestyret vedtek å nytte maksimalt tilletne satsar for kommunalt skatteøre for år 2008.

 

2.                  Godtgjersle i 2008 til ordførar vert fastsett til 100% av rådmannen si løn.

 

3.                  Norddal kommune tek i år 2008 opp eit lån på kr 10 795 000 til finansiering av planlagde investeringar. I tillegg kjem eksisterande løyving til føremålet Industribygg I Djupøyna på 2 945 000 kr som med det er omdisponert til anna føremål. Lånet blir nedbetalt som serielån over 20 år. Samla sum på 13 704 000 kr er fordelt slik:

-                     Norddal kommune 7 979 000 kr

-                     Norddal kommunale eigedomselskap KF 5 725 000 kr

 

4.                  Sjølvfinansierande-, HMS-, energiøkonomiserande- og andre investeringar i høve til lov og forskrifter og pålegg  skal ha første prioritet.

 

5.                   Momskompensasjon ut over 2,0 mill frå investering skal ikkje nyttast som inntekt til driftsføremål frå og med 2008.

6.                  For å sikre god økonomistyring føreutsett ein at inntekter utover det som går fram av rådmannen sitt framlegg til budsjett blir sett av til disposisjonsfond.

                                   

7.                  Skjer det vesentlege endringar i økonomiplanføresetnadene eller andre forhold som

ein  ikkje har hatt kjennskap til ved utarbeiding og handsaming av økonomiplanen skal økonomiplanen leggjast fram til ny handsaming og vedtak.

 

8.         Det vert avsett kr. 900.000 i driftsrekneskapen til fortau frå Muri bru til Rådhuset.

I spleiselag med Statens Vegvesen vert om lag 50% av kostnaden refundert truleg i 2009. Finansiert i 2008 med auke statlege overføringar med kr. 900.000.

 

9.         Norddalslista foreslår at løyvinga til Indre Sunnmøre Forsøksring vert auka frå kr. 65.000 til kr. 122.400 i tråd med søknaden frå forsøksringen.

Auken blir dekt inn ved å ta tilleggsløyvinga på kr. 57.400 frå auka inntektsramme.

 

10.       Post 1.2403.1472        Tilskot til organisasjonar                      + kr.    50.000

Post 1.2403.1475        Vidare utvikling spelemidlar                 + kr.    50.000

Inndekning: frå h.kap 1.1                                                        -  kr.  100.000

 

11.       Auke ansvar 2301 Norddal musikk- og kulturskule.

Mindre inntekter grunna lågare eigenbetaling vert kompensert med kr. 15.000.

Inndekning med auke i rammetilskot.

 

12.       Formannskapet vedtek å setje ned eit utval som skal greie ut utfordringar knytt til rekruttering/kompetanseheving og bustadpolitikk i Norddal kommune. Utvalet skal bestå av 4 medlemar herunder ordførar og rådmann (sekretær) samt 2 medlemar oppnemnde av formannskapet. Utvalet skal leggje fram ein rapport med listing av anbefalte tiltak i prioritert rekkjefølgje til siste formannskapsmøte i september. Utvalet kan fritt konstituere seg, kjøpe tenester og foreta studiereiser knytt til mandatet. Total kostnad skal ikkje overstige kr. 150.000. Kostnad dekkast inn ved å auke inntekter tilsvarande på rammetilskot.

 

13.       Administrasjonen fremjar ei sak for Planutvalet om reguleringsplan for området rundt bedehuset på Sylte.

 

14.       Netto avsetting for 2008 vert auka til kr. 2.900.000.

 

15.       Som følgje av vedtatt utgiftsauke jfr. punkta 8, 9,11, 12 og 14, vert rammetilskotet for 2008 auka med kr. 2.122.000.

 

Økonomiplan 2008-2011 og budsjett 2008 med dei endringane som følgjer av dei voteringar

og vedtak som er gjort i møtet vert vedtatt.

 

 

 


Handsaming i Kommunestyret  13.12.2007:

Bjørn Helge Rønneberg, Nl tok opp spørsmål om habilitet i pkt. 9 – han gjekk frå under avrøystinga.

 

Olav Løvoll, Frp tok opp spørsmål om habilitet  – han gjekk frå under avrøystinga.

 

Det vart røysta over habilitetsspørsmålet:

Ingen vart funne inhabil i saka.

 

Det vart gjort merksam på ein summeringsfeil i pkt. 3 i innstillinga. Rett beløp skal vere kr. 16.740,- (kr. 3 mill Kilstivegen).

 

Audun Skjervøy, Nl kom med forslag om ein slikt nytt punkt 14:

Industribygget i Djupøyna blir fremja som eiga sak for å vurdere behovet på nytt.

 

Audun Skjervøy kom med slikt endringsforslag:

Summen under konto 2410, Olsokarrangement ”nye”, på kr. 33.000,-, blir overført til frie midlar under konto 2400 ”Fagansvarleg kultur”.

 

-  Skjervøy trakk seinare forslaget.

 

Audun Skjervøy, Nl kom med slikt oversendingsforslag til formannskapet:

Utvalet som skal greie ut utfordringar knytte til rekruttering/kompetanseheving og bustadpolitikk, skal ha 5 medlemar, der ein av medlemane blir rekruttert frå dei tilsette i kommunen. Ut over dette blir samansetjinga i samsvar med punkt 12 i innstillinga frå formannskapet.

 

Oddbjørn Lianes, Tl kom med forslag om ein slikt nytt punkt 15:

Kommunestyret pålegg driftsutvalet å nedsette ei nemnd som avsluttar arbeidet med ein prioritert plan for vedlikehald og opprusting av dei kommunale vegane. Planen skal leggast fram for kommunestyret for godkjenning snarast, og seinast 1. juni 2008. 

 

Olav Løvoll, Frp kom med forslag om eit slikt nytt punkt 16:

Ramma for post Inventar og utstur for Valldal sjukeheim vert auka med kr. 75.000,-. Dette til innkjøp av nye tempurmadrassar, 21 stk., på sjukeavdelinga.

Overskotet vert redusert med kr. 75.000,-.

 

Det vart røysta punktvis:

1.                  Samrøystes i samsvar med innstillinga.

2.                  Samrøystes i samsvar med innstillinga.

3.                  Samrøystes i samsvar med innstillinga (korrigere beløp)

4.                  Samrøystes i samsvar med innstillinga.

5.                  Samrøystes i samsvar med innstillinga.

6.                  Samrøystes i samsvar med innstillinga.

7.                  Samrøystes i samsvar med innstillinga.

8.                  20 røysta for innstillinga

1 røysta i mot

9.                  Samrøystes i samsvar med innstillinga.

10.              Samrøystes i samsvar med innstillinga.

11.              Samrøystes i samsvar med innstillinga.

12.              Samrøystes i samsvar med innstillinga og med Audun Skjervøy, Nl sitt endringsforslag.

13.              Samrøystes i samsvar med innstillinga.

14.              Samrøystes i samsvar med Audun Skjervøy, Nl sitt forslag.

15.              Samrøystes i samsvar med Oddbjørn Lianes, Tl sitt forslag.

16.              Samrøystes i samsvar med Olav Løvoll, Frp sitt forslag..

17.              Samrøystes i samsvar med innstillinga (pkt. 14).

18.              Samrøystes i samsvar med innstillinga (pkt. 15).

19.              Samrøystes i samsvar med innstillinga (budsjett og økonomiplan samla)

 

 

 

 


Fleirtalsvedtak i  Kommunestyret - 13.12.2007:

  1. Kommunestyret vedtek å nytte maksimalt tilletne satsar for kommunalt skatteøre for år 2008.

 

  1. Godtgjersle i 2008 til ordførar vert fastsett til 100% av rådmannen si løn.

 

  1. Norddal kommune tek i år 2008 opp eit lån på kr 10 795 000 til finansiering av planlagde investeringar. I tillegg kjem eksisterande løyving til føremålet Industribygg I Djupøyna på 2 945 000 kr som med det er omdisponert til anna føremål. Lånet blir nedbetalt som serielån over 20 år. Samla sum på 16 740 000 kr er fordelt slik:

o       Norddal kommune 7 979 000 kr

o       Norddal kommunale eigedomselskap KF 5 725 000 kr

 

  1. Sjølvfinansierande-, HMS-, energiøkonomiserande- og andre investeringar i høve til lov og forskrifter og pålegg  skal ha første prioritet.

 

  1. Momskompensasjon ut over 2,0 mill frå investering skal ikkje nyttast som inntekt til driftsføremål frå og med 2008.
  2. For å sikre god økonomistyring føreutsett ein at inntekter utover det som går fram av rådmannen sitt framlegg til budsjett blir sett av til disposisjonsfond.

                                   

  1. Skjer det vesentlege endringar i økonomiplanføresetnadene eller andre forhold som

ein  ikkje har hatt kjennskap til ved utarbeiding og handsaming av økonomiplanen skal økonomiplanen leggjast fram til ny handsaming og vedtak.

 

8.         Det vert avsett kr. 900.000 i driftsrekneskapen til fortau frå Muri bru til Rådhuset.

I spleiselag med Statens Vegvesen vert om lag 50% av kostnaden refundert truleg i 2009. Finansiert i 2008 med auke statlege overføringar med kr. 900.000.

 

9.         Løyvinga til Indre Sunnmøre Forsøksring vert auka frå kr. 65.000 til kr. 122.400 i tråd med søknaden frå forsøksringen.

Auken blir dekt inn ved å ta tilleggsløyvinga på kr. 57.400 frå auka inntektsramme.

 

10.       Post 1.2403.1472        Tilskot til organisasjonar                      + kr.    50.000

Post 1.2403.1475        Vidare utvikling spelemidlar                 + kr.    50.000

Inndekning: frå h.kap 1.1                                                        -  kr.  100.000

 

11.       Auke ansvar 2301 Norddal musikk- og kulturskule.

Mindre inntekter grunna lågare eigenbetaling vert kompensert med kr. 15.000.

Inndekning med auke i rammetilskot.

 

12.       Kommunestyret vedtek å setje ned eit utval som skal greie ut utfordringar knytt til rekruttering/kompetanseheving og bustadpolitikk i Norddal kommune. Utvalet skal bestå av 5 medlemar herunder ordførar og rådmann (sekretær), 1 frå dei tilsette, samt 2 medlemar oppnemnde av formannskapet. Utvalet skal leggje fram ein rapport med listing av anbefalte tiltak i prioritert rekkjefølgje til siste formannskapsmøte i september. Utvalet kan fritt konstituere seg, kjøpe tenester og foreta studiereiser knytt til mandatet. Total kostnad skal ikkje overstige kr. 150.000. Kostnad dekkast inn ved å auke inntekter tilsvarande på rammetilskot.

 

13.       Administrasjonen fremjar ei sak for Planutvalet om reguleringsplan for området rundt bedehuset på Sylte.

 

14.       Industribygget i Djupøyna blir fremja som eiga sak for å vurdere behovet på nytt.

 

15.       Kommunestyret pålegg driftsutvalet å nedsette ei nemnd som avsluttar arbeidet med ein prioritert plan for vedlikehald og opprusting av dei kommunale vegane. Planen skal leggast fram for kommunestyret for godkjenning snarast, og seinast 1. juni 2008. 

 

16.       Ramma for post Inventar og utstur for Valldal sjukeheim vert auka med kr. 75.000,-. Dette til innkjøp av nye tempurmadrassar, 21 stk., på sjukeavdelinga.

Overskotet vert redusert med kr. 75.000,-.

 

17.       Netto avsetting for 2008 vert auka til kr. 2.825.000,-.

 

18.       Som følgje av vedtatt utgiftsauke jfr. punkta 8, 9,11, 12, vert rammetilskotet for 2008 auka med kr. 2.122.000.

 

19.       Økonomiplan 2008-2011 og budsjett 2008 med dei endringane som følgjer av dei voteringar og vedtak som er gjort i møtet vert vedtatt.

 

 

 

Saksgrunnlag:

Kommunestyret skal vedta ein retningsgjevande plan for kommunen sine økonomiske disposisjonar og utvikling for ein fireårs-periode.

Første året i planen er neste års detaljbudsjett, som er eit bindande vedtak.

 

Saksopplysningar:

Budsjettgrunnlag 2008-2011:

  1. Revidert budsjett 2007
  2. Rekneskap for 2006 og rekneskap pr dato 
  3. Politiske vedtak
  4. Innmeldingar og inntektsoverslag
  5. Behova for investeringstiltak har også vore kartlagt, og for 2008 kjem desse på om lag til 12,8 mill kr, og er minkande i dei påfølgjande åra.
  6. Det er utført medarbeidargransking i 2006 og brukargranskingar i 2007.  Samanstillingane frå desse saman med ressursbruken i kommunen er særs interessante for adm og politisk leiing.
  7. Kommuneplanen sin samfunnsdel er vedteken. Satsingsområde frå denne planen er i vesentleg grad omsynstekne i økonomiplanen.
  8. Framlegget til årsbudsjett 2008 er lagt som grunnlag for framskriving i åra 09-11.
  9. Norddal sokneråd har oppmoda om ei ekstra overføring til investeringsføremål  i 2008. Kulturavdeling ønskjer å investere 200 000 i turkart. Indre Sunnmøre Forsøksring har bede om ei auka overføring. Vidare ønskjer kulturavdelinga å auke overføringane til samfunnshusa.  Dei to sistnemnte tiltaka er IKKJE innarbeidd i oversyna.
  10. Balansekrav i kommunelova:

11.   Det er teke høgde for å kunne møte dei usikkerheitene som ligg føre både i inntekts- og utgiftsoverslaga.

12.   Framlegga til budsjett frå den einskilde verksemda/avdelinga er gått gjennom i detalj ved rådmannskontoret. Anna auke enn lønsartar ut ifrå gjeldande stillingsoppsett er teke bort. Dei vedtekne/framlegga til nye årsverk er dekt i kostnadsoverslaga. Auken i budsjetta frå 07 til 08 er ekstrem stor, heile 12,6 mill eller 13,4%. Auken er klårlagt i eige vedlegg. Veksten blir oppfatta som usunn mtp på åra som kjem.

13.             Norddal Eigedomsselskap KF er i ein oppstartfase. Føretaket skal ha eige rekneskap og økonomirapportering når det kjem i gong.

Dagleg leiar starta arbeidet 15.10.2007 og arbeider no med å få organisert selskapet slik att det kan vere i drift frå 01.01.2008.

 

Når det gjeld budsjett for 2008 har administrasjon gjort eit omfattande arbeid med å separere kostnadane vedrørande drifta føretaket frå den øvrige drifta i Norddal Kommune.

Budsjettet som er lagt er eit godt grunnlag for å starte drifta av føretaket frå 01.01.2008. Det er enda ikkje klårlagt kva konsekvens ei endra rekneskapsføring kan medføre. Dette må klårleggast før selskapet blir sett i drift.

 

Viktig for selskapet si leiing no å få gå gjennom det talmateriale som er lagt inn i budsjett når det gjeld drift av selskapet.

Herunder:

Få god oversikt og etablere prinsipp for korleis inntektene skal bereknast

Viktige oppgåver her vert:

·        Få etablert brukaravtalar med funksjonsbygga i kommunen. Dette må vere klart til årsskiftet.

·        Ha ein gjennomgang av husleigeavtalar og etterkvart nivå i kommunale utleigebygg.

 

Når det gjeld kostnadssida i budsjettet vil det gjennom den daglige drift framover verte klart kva kostnader som vert lagt inn i føretaket.

Dette vil så i løpet av året danne grunnlag for ei revidering/korrigering av budsjett. Dette vil også vise om det er behov for å revidere / korrigere brukaravtalane slik att husleigesatsane kan verte rett dimensjonert.

Grunnlaget for det arbeidet som vert gjort framover er å få etablert ei forvaltning og drift av eigedommane i Norddal Kommune som er rett dimensjonert og har rett standard i forhold til dei behov Norddal Kommune har. Det er elles vesentleg at ein over tid sluttar med å låne pengar til vedlikehald.

 

Saksvurdering og konklusjon:

Målet for kommunen skal ikkje vere å bruke mest mogleg pengar, men levere gode tenester til våre innbuarar (avvik her kan målast gjennom brukarundersøkingar). I budsjettsalderinga må ein og vurdere kva for ulemper ulike reduksjonar får for brukarane og kven vil vere mest råka/sårbar for slike endringar. Det har i stor grad vore ei felles oppfatning om at pleie- og omsorgstilbodet i større grad må ”vernast” om. Det må også vurderast kva nivå styrkingar skal ha, omsynsteke at talet på innbuarar i alle dei kommunale målgruppene går ned. Det må også takast omsyn til dei tilbakemeldingane som publikum og tilsette i kommunen gir. Innanfor alle tenesteområda må ein både no og framover  ha fokus på kostnadsstyring og produktivitet (gjere dei rette tinga på rett måte) for å sikre mest mogleg rasjonell drift.

 

Salderinga er frå rådmannen si side lagt opp slik at det ikkje skal vere reduksjonar i dei samla tenestene og altså at tidlegare vedtak blir ført vidare, samstundes som det gjennom ein auke er lagt eit godt grunnlag for at tenestene skal kunne fokusere enda meir på kvalitet og på utvikling av profesjonell yrkesåtferd.

Det er vidare lagt vekt på at kommunestyret skal ha høve til å gripe fatt i dei største vanskane som kommunen no står i, dvs folketalsnedgangen og forvitring av næringslivet. Det burde såleis ligge til rette for å bringe kommunen ytterlegare framover i satsinga på natur, kultur og helse som eit hovudsatsingsområde i ei berekraftig utvikling av kommunen, saman med andre hovud målsetjingar i kommuneplanen.

 

Også i åra som kjem vil Norddal ha ein omfattande driftsøkonomi. Tradisjonelt har veksten vore nytta til ein auke i kostnadene av dei kommunale tenestene. I så måte er ikkje 2007 noko unnatak, og dei ulike tiltaka medfører kostnader som kan bli vanskelege å bere i åra som kjem. Dei store inntektene er alle fullt ut disponerte i fireårsperioden, og det er ikkje rom for overraskingar.

Det er lagt til grunn at vedtekne budsjett skal vere ein konsekvens av gjeldande vedtak, og at ei mogleg overdekking i 2008 blir sett av til seinare og definert bruk og såleis ikkje blir lagt ut som ein unødvendig kostnadsdrivande faktor. I åra som kjem, må ein ma rekne med å føre eit nærare tilsyn med desse elementa:

-Ei nærmare synleggjering av kva som er kommunen sine primære føremål

-Klårlegge verknaden av høge overføringar til andre, om alle desse pengane har nokon verknad i det heile.

-Fastsetje rett tenestekvalitet og dimensjonere rett tal årsverk etter dette.

-Kome fram til enklare og billegare tenester, td i nokon grad nytte anbodsordningar

 

 

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann