NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    1 A7

Saksmappe:          06/00743-1

Sakshandsamar:   Magne Krogh

Dato:                      01.11.2006

 

Møtebok

                                  

 

 

 

 

Eigenbetaling framandspråklege vaksne  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

090/06

Driftsutvalet

08.11.06

075/06

Kommunestyret

16.11.06

 

 

 

 

Utsendte saksdokument:

 

 

 

Ikkje utsendte saksdokument:

 

 

 


Rådmannen si innstilling:

Arbeidsinnvandrarar som ikkje pliktar å gjennomføre opplæring i norsk og som heller ikkje har rett til å få dekt kostnaden med slik opplæring, får høve til å delta i denne opplæringa så langt det er praktisk muleg. Frå 1. desember 06 vert eigendelen for å få slik undervisning sett til 25 kr pr. time. Det same eigendelen gjeld for arbeidsinnvandrar som har rett på slik opplæring, men som må dekkje kostnaden med dette sjølv.

 

-----------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Driftsutvalet  08.11.2006:

Samrøystes i samsvar med innstillinga.

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Innstilling i  Driftsutvalet - 08.11.2006:

Arbeidsinnvandrarar som ikkje pliktar å gjennomføre opplæring i norsk og som heller ikkje har rett til å få dekt kostnaden med slik opplæring, får høve til å delta i denne opplæringa så langt det er praktisk muleg. Frå 1. desember 06 vert eigendelen for å få slik undervisning sett til 25 kr pr. time. Det same eigendelen gjeld for arbeidsinnvandrar som har rett på slik opplæring, men som må dekkje kostnaden med dette sjølv.

 

----------------------------------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Kommunestyret  16.11.2006:

Samrøystes i samsvar med innstillinga.

 

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Vedtak i  Kommunestyret - 16.11.2006:

Arbeidsinnvandrarar som ikkje pliktar å gjennomføre opplæring i norsk og som heller ikkje har rett til å få dekt kostnaden med slik opplæring, får høve til å delta i denne opplæringa så langt det er praktisk muleg. Frå 1. desember 06 vert eigendelen for å få slik undervisning sett til 25 kr pr. time. Det same eigendelen gjeld for arbeidsinnvandrar som har rett på slik opplæring, men som må dekkje kostnaden med dette sjølv.

 

 

----------------------------------------------------------------------------


 

Saksgrunnlag:

Det er ei kommunal oppgåve å ha eit tilbod om opplæring i norsk og samfunnsfag for flyktningar og innvandrarar. Regelverket omkring kven som har rett til slik opplæring vart endra hausten 2005 (1. sep.) For flyktningar og innvandrarar som kom til Noreg før dette tidspunktet, gjeld tidlegare regelverk på dette området. Det er Valldal skule som har ansvaret for å sette i verk nødvendige vaksenopplæringstiltak i vår kommune. Det har dei siste åra vore gitt eit lokalt tilbod til innvandrarar i norsk/ samfunnsfag.

 

Saksopplysningar:

For tida er det omlag 5 personar som deltek i undervisningstilbodet i norsk og samfunnsfag. Ikkje alle deltek kvar gong. Dette er personar som kom til landet før 1. sept. 2005. Dei har rett på 500 timar med slik undervisning. Tilbodet blir gitt etter tidlegare regelverk. Ein stor del av tilskotet blir etter dette regelverket gitt til gruppa som får undervisning. Dei nye tilskotsordningane gir rett til 300 timar (kan utvidast). Det blir gitt ein bestemt sum for kvar deltakar. For å dekkje kostnadene er det nødvendig med etter måten store grupper. Dette gjer at etter kvart som dei som får opplæring etter gamalt regelverk blir ferdig med si opplæring og denne gruppa blir borte, blir det vanskeleg å oppretthalde ei undervisning til eit fåtal personar lokalt. Det kan difor bli aktuelt å komme tilbake til dette i ei ny sak som omhandlar organiseringa av denne undervisninga. Samarbeid med andre kommunar eller organisasjonar som driv slik opplæring, bør etter kvart vurderast.

 

Vi har den siste tida ved fleire høve fått førespurnad frå innvandrarar som ikkje har rett eller plikt til slik opplæring om å få delta i norskopplæringa. Dette gjeld arbeidsinnvandrarar frå EØS-området. I tillegg er det ei gruppe med arbeidsinnvandrarar som har rett på opplæring, men må finansiere opplæringa sjølv. Dette er arbeidsinnvandrarar utanfor EØS-området som ikkje kjem inn under reglane om familiegjenforeining.

Mange kommunar har fastsett ein eigendel som desse kursdeltakarane må betale for å vere med i undervisninga. Norddal har ikkje fastsett ein slik eigendel/ timesats. I fleire kommunar i vårt fylke er det vanleg å ta 25 kr pr time i eigendel for denne opplæringa.

 

Saksvurdering og konklusjon:

Det er viktig at alle arbeidstakarar med utanlandsk bakgrunn har gode norskkunnskapar. Når personar som ikkje har rett på slik opplæring gir signal om at dei ønskjer å delta, bør vi leggje tilhøva til rette for dette. Eg gjer difor framlegg om at dei får høve til å delta og at eigendelen for slik opplæring vert sett til 25 kr pr time. Den same timesatsen vert også gjeldande for dei som har plikt på seg til å gjennomføre slik opplæring, men som må finansiere opplæringa sjølve.

 

 

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann