|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: D12
Saksmappe: 07/00875-1
Sakshandsamar: Aud Lindis Ødegaard Dato: 02.11.2007 |
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Driftsutvalet |
21.11.07 |
|
|
|
Driftsutvalet |
|
Utsendte saksdokument:
Ikkje utsendte
saksdokument:
1. Dalsbygda grendehus er eigd av Norddal kommune og bygdefolket i Norddal, og skal drivast av Norddal kommune.
2. Administrasjonen utarbeider enkel driftsavtale.
3. Avtalen gjeld førebels for to år.
Handsaming i Driftsutvalet 21.11.2007:
Bjørn Helge Rønneberg, Nl kom med forslag om at saka vert utsett til Norddal Eigedomsselskap KF er skikkeleg på plass.
Røysting:
Samrøystes i samsvar med Bjørn Helge Rønneberg, Nl sitt forslag.
Saka vert utsett til Norddal Eigedomsselskap KF er skikkeleg på plass.
Dalsbygda grendehus er drive på same måten som Valldal samfunnshus, og er eit sameige mellom kommunen og bygdefolket. Tida er moden for å sjå på organisering og drift.
Dalsbygda grendehus høyrer til bygdefolket. Det er ei utfordring å få til ei tenleg organisering som sikrar kontinuitet og fleksibilitet. Lav aktivitet i styret og uklare ansvarsforhold gjer at denne løysinga ikkje er optimal. Ein har no hatt ei toårig prøveordning med ny organisering på Valldal samfunnshus som har gitt gode resultat.
Ein ønskjer ikkje at bygget skal bli kommunalt. Bygdefolket skal framleis ha eigarinteresser i huset. Behovet ligg i å få til ei betre organisering. Styret i grendehuset er innforstått med ei slik endring.
Det vil kunne vere ei god løysing også for Dalsbygda grendehus å omorganisere samdrifta. Det daglege ansvaret vil då verte ført over til kommunen v/rektor på Dalsbygda skule. Eit styre som består av både bygdefolk, politikarar og kommuneadministrasjon, skal saman leggje føringar for drifta. Det ligg fleire fordelar i ei slik endring:
· Lettare å tenkje heilskap
· Betre reinhald
· Slepp uklare ansvarsforhold
· Brukarane får ein instans å forhalde seg til.
Det finst eigne vedtekter, og ein ser ikkje at det er behov for å endre på desse så lenge det er drift og ikkje eigarform det skal endrast på.
Det bør lagast ein enkel driftsavtale. Valldal samfunnshus har ein som er ganske omfattande, og det er fordi drifta der er meir kompleks, og det er større bruk på huset. For Dalsbygda grendehus vil det vere tilstrekkeleg med ei enkel formalisering av eit eventuelt vedtak.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|