NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    231 H

Saksmappe:          06/00741-1

Sakshandsamar:   Turid Engeseth Løvoll

Dato:                      02.11.2006

 

Møtebok

                                  

 

 

 

 

Satsar for brukarbetaling - sektor for pleie og omsorg 2007  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

006/06

Eldrerådet

08.11.06

091/06

Driftsutvalet

08.11.06

078/06

Kommunestyret

16.11.06

083/06

Kommunestyret

14.12.06

 

 

 

 

Utsendte saksdokument:

Utsnitt frå ”Samanlikningstal for kommunane 2006” – Sosial og helsedirektoratet.

 

 

Ikkje utsendte saksdokument:

 

 

 


Rådmannen si innstilling:

  1. Norddal kommunestyre vedtek satsar/gebyr for brukarbetaling for pleie- og omsorgstenester slik dei ligg føre i saksutgreiinga.
  2. Nye satsar skal gjelde frå 1. januar 2007.

-----------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Eldrerådet  08.11.2006:

Eldrerådet gjekk samrøystes inn for slik uttale:

Eldrerådet rår til at det ikkje blir auke i satsane for brukarbetaling innan sektor for pleie og omsorg for 2007.

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Uttale frå Eldrerådet - 08.11.2006:

Eldrerådet rår til at det ikkje blir auke i satsane for brukarbetaling innan sektor for pleie og omsorg for 2007.

 

----------------------------------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Driftsutvalet  08.11.2006:

Utvalet gjekk samrøystes inn for at satsane ikkje vert regulerte i 2007.

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Innstilling i  Driftsutvalet - 08.11.2006:

Satsar/gebyr for brukarbetaling for pleie- og omsorgstenester vert ikkje regulerte i 2007.

 

----------------------------------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Kommunestyret  16.11.2006:

Ordføraren kom med forslag om å utsette saka.

 

Røysting:

20 røysta for ordføraren sitt forslag

  1 røysta i mot

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Vedtak i  Kommunestyret - 16.11.2006:

Saka vert utsett.

 

----------------------------------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Kommunestyret  14.12.06:

Samrøystes i samsvar med innstillinga frå driftsutvalet.

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Vedtak i  Kommunestyret - 14.12.06:

Satsar/gebyr for brukarbetaling for pleie- og omsorgstenester vert ikkje regulerte i 2007.

 

 

----------------------------------------------------------------------------


 

 

 

 

 

Saksgrunnlag:

Kommunestyret vedtek årleg betalingssatsar for tenester.

 

Saksopplysningar:

Kommunen kan, jfr. Lov om sosiale tenester § 8-3, sjølv fastsette reglar for betaling av vederlag og betalingssatsar for dei tenestene som er nemnde i denne lov. Heimehjelp og husmorvikartenester som reingjering, vask av klede, matlaging og anna praktisk arbeid som høyrer til under eit vanleg hushald er tenester det kan takast betaling for. Vederlaget skal ikkje vere høgare enn kommunen sine utgifter til tenestene. Vert tenestene betalt etter abonnementsordning kan ikkje vederlaget overstige kommunen sine samla sjølvkost for tenestene til den einskilde brukar i den månaden abonnementet gjeld. Sjølvkost vert definert som ei gjennomsnittleg timeløn for den tenesta som vert utført, tillagt sosiale utgifter og administrasjonsutgifter. Det kan ikkje krevjast dekning i den einskilde si formue.

 

Utgiftstak for husstandar med inntekt under 2G,  jfr. Lov om sosiale tenester § 8-4 andre ledd er sett til kr. 150,- pr månad. Det er ikkje høve til å ta betalt for heimesjukepleie, herunder nødvendig utstyr til behandling.

 

Ein er ikkje kome noko lenger med å konkretisere skilnader i tilbodsinnhald. Framleis får leigetakarar i kommunale bemanna utleigebustader (omsorgsbustad), ein høgare service enn heimebuande i eigen heim og utan at betalingssatsane er ulike. Dette er ei naturleg følgje av at dei fleste av brukarane som bur inne  på dei bemanna omsorgsbustadane kjøper fleire tenester/vedtak om fleire tenester enn brukarane som bur heime (t.d. kjøper dei fleste alle måltid og vil ved serveringa av desse ha ei naturleg form for tilsyn).

 

 

SATSAR FOR BRUKARBETALING

 

Mat:                                                              2006                2007

Middag m/dessert……………………...           kr. 52,-             54,-

Frukost………………………………...            kr. 22,-             23,-

Kvelds…………………………………                       kr. 22,-             23,-

Kaffi m/kake…………………………..                       kr. 16,-             16,-

Nattmat (sein kveld)…………………..            kr. 22,-             23,-

Kjøring av middag (heimebuande)                     kr. 20,-             20,-

Full pensjon                                                     kr. 85,-             90,-

 

NB! Dei som har full pensjon, eter alle måltid skal/bør ikkje betale  totalt meir enn kr. 90,- pr døgn, alt inklusivt, mens alle andre skal betale fast oppsett (eks. middag kr. 54,-/kvelds kr. 23,- osv..).

 

 

Auke av straumutgifter i omsorgsbustadane på gamle ”trygdeavdelinga”:

Omsorgsbustadane på tidlegare trygdeavdelinga har ikkje eigne straummålarar, og vil heller ikkje få det i næraste framtid på grunn av kostnadane med å få dette installert.  I 2000 vart straumforbruket på desse bustadane stipulert til kr. 300,- pr. månad.

Stipulert straumutgift ved omsorgsbustadane på ”tidlegare trygdeavdelinga” vert frå 1. januar 2007:

 

2006               2007

høgda frå (pr. månad)                                      kr. 400,-           450,-

 

Desse prisane ligg godt under det som er gjennomsnitt for andre omsorgsbustadar ein kan samanlikne med i Norddal kommune.

 

Leige/vask av klede for dei som bur i omsorgsbustader med fast personell/tilsette:

                                                                       2006                2007

Leige av sengeklede……………………        kr.  75,-           77,-   pr. mnd

Leige av handklede…………………….                    kr.  15,-                       15,-   pr. mnd

 

 

Tryggleiksalarm:                                          2006                2007

Leige av tryggleiksalarm………………                        kr. 150,-           155,-

Installasjon av alarm…………………..            kr. 425,-           425,-

Dei som har privat alarm………………                       kr. 100,-           103,-

 

 

Heimehjelp:

a. Abonnementsordning min. 6 t/mnd:                                                                                          

Innt.grunnlag:                                                           Betalingstak pr.mnd:

2006               2007

Inntil     2 G                                                      kr.    150,-        150,-

2   -     3 G                                                      kr.    600,-        620,-

3   -      4 G                                                      kr. 1.000,-         1030,-

4   -      5 G                                                      kr. 1.500,-         1550,-

over     5 G                                                      kr. 2.000,-         2070,-

 

b. Abonnementsordning, men lågare tenestevolum enn 6 t/mnd:

Den som har mindre heimehjelp enn det som vert omfatta av abonnementsordninga, skal betale for faktisk medgått tid etter ein fastsett timesats. Minimum ½ time.

Inntekt inntil  3 G, timesats:                                                      kr.100,-

Inntekt høgare enn 3 G, timesats:                                              kr.175,-

           

c. Timesats for dei som er utanom

abonnementsordninga, (heimehjelp av og til) timesats                kr. 175,-

 

Den som har mindre heimehjelp enn det som vert omfatta av abonnementsordninga, skal betale for faktisk medgått tid etter ein fastsett timesats. Minimum ½ time.

Det skal ikkje krevjast eigenbetaling ut over sjølvkost, som for tida er rekna til kr 175,- pr time (timeløn, sosiale utgifter, administrasjon, km-godtgjersle m.m.).

 

 

Nedvask av omsorgsbustad ved f. eks utflytting:

Kommunale takstar for nedvask, om leigaren sine pårørande ikkje har høve til å gjere dette sjølve:

2006               2007

Oms.bustader ”gamle” trygdeavd. (stor)                       kr.  1.500,-        1550,-

Oms.bustader ”gamle” trygdeavd. (liten)           kr.  1.000,-        1035,-

Eidsdal omsorgsbustader (stor)                         kr.  2.500,-        2590,-

Eidsdal omsorgsbustader (liten)                         kr.  2.000,-        2070,-

Norddal omsorgsbustader (stor)                        kr.  2.500,-        2590,-

Norddal omsorgsbustader (liten)                        kr.  2.000,-        2070,-

 

Oms.bustader ”NYE” på Sylte (stor)                kr.  4.000,-        4140,-

Oms.bustader ”NYE” på Sylte (liten)                kr.  3.000,-        3100,-

 

Nye Oms. bustad i Eidsdal og Moa (2005)                                                        3100,

 

Alle prisar for nedvask er rekna ut i frå storleiken på bustaden (kvadratmeter).

 

 

Saksvurdering og konklusjon:

Prisveksten i 2007 ser ut til å ligge på 3.5 %, som er den prisvekst ein legg til grunn for auke av satsane for 2007.

 

Nye satsar/gebyr ligg på nivå med andre kommunar vi naturleg samanliknar oss med. Nokre kommunar ligg høgare enn det som her er foreslått og andre ligg på same nivå. Ein har hatt ein enkel gjennomgang av prisleiet, og det er vanskeleg å finne at prisleiet for dei ulike tenestene ligg på eit urimeleg nivå.

 

I KS sak  90/04 og i KS sak 65/05 vart det vedteke at ein ikkje skulle auke satsar og gebyr for brukarbetaling for høvesvis 2005 og 2006. Gjeldande satsar og gebyr er såleis dei same som vart vedtekne for 2004.

 

 

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann