NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    031

Saksmappe:          07/00106-1

Sakshandsamar:   Toralv Klokkehaug

Dato:                      06.02.2007

 

Møtebok

                                  

 

 

 

 

Førstelinjetenesta innan næringsutvikling  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

021/07

Formannskapet

26.02.07

 

 

 

 

Utsendte saksdokument:

Brev av 09.02.2007 frå Valldal Bondelag.

 

 

Ikkje utsendte saksdokument:

Ingen

 

 


Rådmannen si innstilling:

1.      Norddal kommune set i gang eit prøveprosjekt med omsyn til vidareutvikling og nyskaping innan førstelinjetenesta. Over ein periode på 2 år skal oppgåver som tidlegare har vore lagt til næringsavdelinga leggast til andre aktørar. Dette gjeld arbeid innan det kommunale næringsfondet, sentrale BU- midlar og SMIL- midlar.

2.      Næringssjefen skal framleis ha ansvaret for kvalitetssikring, godkjenning og sakshandsaming av dei oppgåvene som skal utførast.

3.      Ordninga skal finansierast gjennom bruk av lønsmidlar som er sett av til næringskonsulent og vere ei prøveordning over 2 år. Ordninga skal evaluerast etter 1 år.

 

-----------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Formannskapet  26.02.2007:

Signe Brenna, Nl kom med slikt forslag til vedtak:

Det som sikrar ei god næringsutvikling i Norddal kommune både innanfor landbruk og andre næringar, er ei godt bemanna næringsavdeling med solid fagleg kompetanse. Det bør difor tilsetjast nye medarbeidarar når stillingar blir ledige.

 

Røysting:

5 røysta for innstillinga

2 røysta for Signe Brenna sitt forslag som fall

 

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Vedtak i  Formannskapet - 26.02.2007:

  1. Norddal kommune set i gang eit prøveprosjekt med omsyn til vidareutvikling og nyskaping innan førstelinjetenesta. Over ein periode på 2 år skal oppgåver som tidlegare har vore lagt til næringsavdelinga leggast til andre aktørar. Dette gjeld arbeid innan det kommunale næringsfondet, sentrale BU- midlar og SMIL- midlar.
  2. Næringssjefen skal framleis ha ansvaret for kvalitetssikring, godkjenning og sakshandsaming av dei oppgåvene som skal utførast.
  3. Ordninga skal finansierast gjennom bruk av lønsmidlar som er sett av til næringskonsulent og vere ei prøveordning over 2 år. Ordninga skal evaluerast etter 1 år.

 

----------------------------------------------------------------------------


 

 

Saksgrunnlag:

I Norddal kommune har det vore tilsett næringskonsulent i 50 % stilling inntil hausten 2006. Den som var tilsett sa opp stillinga, og det har hittil ikkje vore tilsett ny næringskonsulent. Næringskonsulenten sitt arbeidsområde har for det meste vore arbeid med handsaming av saker for det kommunale næringsfondet og SMIL- ordninga. Næringsavdelinga har pr. i dag tilsett næringssjef i 100 % stilling og sekretær i 50 % stilling.

 

Saksopplysningar:

Sekretæren sitt hovudarbeidsområde er arbeidet med ulike tilskotsordningar innan landbruket og i tillegg post og arkivtenester. I løpet av 2007 ynskjer sekretæren å gå av med pensjon. I samband med denne situasjonen vil det vere naturleg å sjå på framtidig organisering av næringsavdelinga. Skal ein halde fram som i dag, eller skal ein vurdere andre måtar å organisere arbeidet på som er meir framtidsretta i ei tid med større krav til fleksibilitet og støtte til brukaren når det gjeld tenester.

 

Brukaren sitt møte med den som kan gi hjelp, råd og veiledning i ein organisasjon er heilt sentralt. Organisasjonen må vere fleksibel og gi nødvendig hjelp og råd av høg kvalitet. Spesielt er dette viktig for alle som satsar på næringsverksemd. Både grunderen og den som er fast etablert, treng stor grad av veiledning innan mange ulike fagområde.

 

Næringsavdelinga har sidan hausten 2006 vore lokalisert til Fjordhagen. Næringssjefen har opplevd denne lokaliseringa så langt som ei vellukka og framtidsretta nyskaping for dei oppgåvene vi skal utføre. Det er ikkje alt som er på plass, men ein kan no sjå konturane av eit aktivt miljø der samarbeid og samhandling står i sentrum. Noko som brukaren av tenestene vil ha stor nytte av.

 

Møre og Romsdal fylke og Innovasjon Norge kjem snart til å invitere alle kommunane i Møre og Romsdal til å bli med i ein partneskapsavtale. Dette er ein partneskapsavtale som i hovudsak fokuserer på kommunen si rolle innan etablerarrettleiing. I denne avtalen skal kommunen gjere vedtak om kven som skal ha rolle som førstelinjeteneste for etablerarrettleiing. I dag har kommunen ulike aktørar innan dette området.

 

Rekneskapskontor og einskildpersonar har opp gjennom åra vore gode rådgjevarar. Indre Sunnmøre forøksring har i mange år dreve rådgjeving innan landbruk, og Fjordhagen AS er den siste etableringa som tek på seg rådgjevingstenester innan ulikt næringsarbeid.

 

Fjordhagen AS er no i ferd med etableringa av eit grunder og nyskapingssenter og vil gjennom sitt kontaktnett bli autorisert til å utføre slike oppdrag. Eit grunder- og nyskapingssenter som kan tilby ulike rettleiingstenester for etablerarar vil bli ein viktig framtidsmodell for regional næringsutvikling.

 

Det er svært viktig at andre enn kommunalt tilsette utfører rådgjevinga. Grunnen til dette er at kommunen har ansvaret for sakshandsaming med tanke på lokale vedtak eller handsaming/uttale der saka blir oversendt til Innovasjon Norge eller Møre og Romsdal fylke for slutthandsaming.

 

Det same som gjeld for etablerarveiledning, har ein også innanfor SMIL- ordninga. Tidlegare var rådgjevinga lagt til næringskonsulenten, men ein har i dag fagmiljø som t.d. som Indre Sunnmøre forsøksring som har svært høg kompetanse innanfor området. Her vil det vere naturleg at ein større del av søknadene går gjennom Forsøksringen før dei blir lagt fram til kommunal handsaming.

Dette vil vere positivt da søknadene av og til er mangelfulle med omsyn til prosjektomtale budsjett og finansieringsplan.

 

Saksvurdering og konklusjon:

Brukarane av tenestene må heile tida stå i fokus når det gjeld organisering av kommunale tenester.

 

Når oppgåver skal løysast, vil det vere naturleg at ein går til det miljøet der ein kan få best hjelp. Dette er nødvendigvis ikkje ein fast tilsett person i ein kommunal organisasjon, men det kan like gjerne vere ei faggruppe eller eit kompetansemiljø i eller utanfor Fjordhagen. Indre Sunnmøre forsøksring er eit slik fagmiljø som mellom anna har god kompetanse når det gjeld SMIL- ordninga og handtering av ulike utviklingsoppgåver i landbruket. Fjordhagen AS har god kompetanse innan etablerarrettleiing og har eit stort nettverk i ulike fagmiljø.

 

Når det gjeld arbeidsoppgåver innan tilskotsforvaltning som produksjonstilskot og regionalt miljøprogram i tillegg til andre mindre tilskotsordningar, kan desse tenestene utførast på fleire måtar. Førebels bør desse oppgåvene berre utførast av kommunalt tilsette.

 

Det vil vere naturleg at næringssjefen tek seg av jord- og konsesjonssaker, prosjekt, plansaker, kvalitetssikring og organisasjonsutvikling.

 

Næringssjefen ser for seg ei utvikling der t.d. Fjordhagen AS kan bli ein framtidig regional næringsaktør. Å få tilført større oppgåver som næringsutviklar med lokal og regional tyngde vil vere positivt og framtidsretta. SIVA si vidare støtte til Fjordhagen AS er eit signal om at ein her er på rett veg mot framtida sine utfordringar innan næringsutvikling.

 

Når det gjeld framdrift og økonomi, vil eg foreslå at det ikkje vert tilsett ny næringskonsulent i 50 % stilling, men at lønsmidlane til denne stillinga vert overførte til andre aktørar for å løyse tilsvarande oppgåver som i dag har vore lagt til næringskonsulenten. Næringssjefen vil framleis ha ansvaret for kvalitetssikring, godkjenning og sakshandsaming av dei oppgåvene som skal utførast og som skal leggast fram for politiske vedtak og godkjenning. Ordninga bør førebels vare i 2 år med evaluering etter at ordninga har vart i 1 år.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Stig Holmstrøm

 

Rådmann