NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    142

Saksmappe:          06/00689-2

Sakshandsamar:   Øystein Klempe

Dato:                      29.10.06

 

Møtebok

                                  

 

 

 

 

Planprogram for arealdelen til kommuneplanen 2007 - 2018  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

066/06

Det faste utvalet for plansaker

13.11.06

 

 

 

 

Utsendte saksdokument:

 

Vedlegg:

1

Planprogram for arealdelen til kommuneplanen 2007 - 2018

 

 

Ikkje utsendte saksdokument:

 

 

 


Rådmannen si innstilling:

I samsvar med § 6 i Forskrift om konsekvensutgreiingar vedtek Det faste utvalet for plansaker å legge forslag til Planprogram for arealdelen til kommuneplanen 2007 – 2018, dagsett 06.11.06, ut til offentleg ettersyn i 6 veker.

-----------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Det faste utvalet for plansaker  13.11.06:

Det vart lagt fram endra utkast i saka.

 

Forslag frå Merete Løvoll Rønneberg:

Nye kulepunkt i 3c:

·        Skulane/barnehagane

·        Idrettslaga/turgrupper

 

Røysting:

Vedtak samrøystes i samsvar med innstillinga med slik endring:

Revidert 13.11.06 og med to nye kulepunkt under pkt. 3c

·        Skulane/barnehagane

·        Idrettslaga/turgrupper

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Vedtak i  Det faste utvalet for plansaker - 13.11.06:

I samsvar med § 6 i Forskrift om konsekvensutgreiingar vedtek Det faste utvalet for plansaker å legge forslag til Planprogram for arealdelen til kommuneplanen 2007 – 2018, dagsett 06.11.06,  rev. 13.11.06, ut til offentleg ettersyn i 6 veker.

 

 

----------------------------------------------------------------------------


 

 

 

 

 

Saksgrunnlag:

Til kommuneplan, kommunedelplanar og større reguleringsplanar skal det lagast planprogram.  Reglane for utarbeiding av planprogram er fastsett i Forskrift om konsekvensutgreiingar kap.III §§ 5 – 12.  Planprogrammet er ein rapport om korleis planarbeidet skal gjennomførast.

Saksopplysningar:

Kommunestyret har i sak 58/06 i møte 18.10.06 vedtatt at Det faste utvalet for plansaker skal stå for utarbeiding av planprogram, legge dette ut til offentleg høyring og vedta det.

 

Vedlagt er utkast til planprogram.  Oppsettet bygger på disposisjonen gitt i forskrifta.  Planprogrammet skal vise korleis planarbeidet er tenkt gjennomført med desse punkta:

·        organisering

·        informasjon og medverknad

·        tidsplan og framdrift

·        føremålet med planarbeidet

·        utbyggingsstrategiar og alternativ som vil bli vurdert

·        problemstillingar som vil bli belyst

·        naudsynte utgreiingar som grunnlag for beslutningar

Vedtak vil vere bindande for gjennomføring av planprogrammet.

Saksvurdering og konklusjon:

Det vil vere ope for å trekke inn andre tema, omfang av medverknad etc.  Før handsmaing vil forslaget og vere lagt fram for fylket, og det kan kome justeringar på grunnlag av det.  Saka blir lagt fram med innstilling om at forslaget slik det ligg føre blir lagt ut til offentleg ettersyn.

 

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann