NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    C44

Saksmappe:          06/00771-12

Sakshandsamar:   Aud Lindis Ødegaard

Dato:                      01.11.2007

 

Møtebok

                                  

 

Søknad om videokonsesjon ICA  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

101/07

Driftsutvalet

21.11.07

 

Utsendte saksdokument:

 

Ikkje utsendte saksdokument:

Søknad frå ICA Norge AS, datert 23.10.07

Vilkår for framsyning og omsetning av film og videogram, k.sak 07/01

Lov om film og videogram

DU-sak 96/06

 


Rådmannen si innstilling:

1.      Norddal kommune gir konsesjon til framsyning og omsetning av film og videogram til ICA Nær Valldal

2.      Konsesjonsperioden gjeld til 01.10.12.

3.      Ein føreset at konsesjonshavaren har gjort seg kjent med lokal konsesjonsvilkår samt lovtekst.

 

 


Handsaming i Driftsutvalet  21.11.2007:

Samrøystes i samsvar med innstillinga.

 

 

 


Vedtak i  Driftsutvalet - 21.11.2007:

  1. Norddal kommune gir konsesjon til framsyning og omsetning av film og videogram til ICA Nær Valldal
  2. Konsesjonsperioden gjeld til 01.10.12.
  3. Ein føreset at konsesjonshavaren har gjort seg kjent med lokal konsesjonsvilkår samt lovtekst.

 

 

 

Saksgrunnlag:

ICA Nær søkjer om videkonsesjon. For framsyning og omsetning av film og videogram i næring må
ein ha løyve frå Driftsutvalet. Ordninga med kommunalt løyve gjeld både sal, utleige og framsyning av film og video. Det er mogleg å gi løyve for 5 år om gongen.

 

Saksopplysningar:

Det vart i DU-sak 06/06 gjort vedtak om ny konsesjonsperiode fram til 01.10.2012. Det er naturleg at søkjar får konsesjon i same periode, slik at ein ved ny runde fangar opp alle aktuelle søkjarar.

 

Saksvurdering og konklusjon:

Ein føreset at søkjar har gjort seg kjent med innhaldet i dei lokale konsesjonsvilkåra samt lovtekst knytt til dette området.

 

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann