|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: A20
Saksmappe: 07/00862-2
Sakshandsamar: Turid Aspehjell Dato: 30.10.2007 |
Samarbeid og samhandling
mellom skulane i Norddal kommune
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Driftsutvalet |
21.11.07 |
Utsendte saksdokument:
Framlegg til plan for Samarbeid og samhandling mellom skulane i Norddal kommune
Ikkje utsendte
saksdokument:
Planen for Samarbeid og samhandling mellom skulane i Norddal kommune vert vedteken
Planen for Samarbeid og samhandling mellom skulane i Norddal kommune vert vedteken
Det har i alle år vore ein god del samarbeid
og samhandling mellom skulane, mange besøk, ekskursjonar og turar.
Etter kvart har det kome fram eit ønskje om å få til ein plan for dette.
Arbeidet med planen har vorte til gjennom ein prosess mellom skulane, og også skriftleg høyring. Byggjeklossen har vore pådrivarar for å få til dette, og kulturforum har også vore positive til tiltaket.
Ungdomsrådet har i møte 10.05.07 uttalt at dei ser positivt på at det kjem ein plan som skal gjelde frå 1. klasse.
I løpet av grunnskulen skal elevane gjennom ei allsidig utvikling. Godt samspel mellom skulane og lokalsamfunnet gjer opplæringa meir konkret og jordnær og gjennom det auke lysta til å lære. Det er då viktig lokalsamfunnet omfamnar heile kommunen.
I tråd med Kommuneplanen – samfunnsdelen – er det viktig å begynne tidleg med identitetskaping, gjere elevane meir bevisste på at dei er norddalingar meir enn innbyggjarar i kvar si bygd. Elevane må bli godt kjende i kommunen reint geografisk, dei må oppleve kvalitetane i kvar bygd og bli godt kjende med arbeidslivet, vår felles historie og våre lokale tradisjonar.
Bakgrunnen for planen er betre utnytting av
ressursar, utnytte allereie eksisterande skyssordningar (til bading t.d.). Det
er også eit ønskje at alle skulane får ta del i dette, at ein skaper felles
møteplassar, utnytter lærarane sine ulike kunnskapar osb.
Det er viktig, også i denne samanheng, at alle
skulane tek i bruk ei elektronisk plattform. Valldal
skule har nytta First Class i mange år, og nytteverdien vil utvilsamt auke dersom alle skulane tek det i bruk. Då kan elevane samarbeide
utanom dei fysiske møta, med erfaringsutveksling i faga på mange forskjelliga
måtar.
Denne planen vil gjere elevane betre kjent i kommunen og gje dei meir mangfoldig likeverdig bakgrunn.
Denne planen medfører relativt små investeringar som ein får mykje att for seinare.
Elektronisk plattform er naudsynt på skulane i dag.
Utgifter på 50 000 vert å dekkje på post 2000. Utgiftene til First Class må reknast inni budsjetta på kvar skule.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|