NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    M00

Saksmappe:          06/00648-2

Sakshandsamar:   Elisabeth Mansfield

Dato:                      18.01.2007

 

Møtebok

                                  

 

 

Djupøyna - brannstasjon/bygg for teknisk drift, miljøstasjon  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

085/06

Driftsutvalet

30.10.06

007/07

Driftsutvalet

24.01.07

 

Utsendte saksdokument:

Skisseprosjekt dagsett 17.01.07 over brann-, drifts- og miljøstasjon i Djupøyna industriområde 

 

Ikkje utsendte saksdokument:

Kommunestyresak ”Muriparken” 5/06 av 16.02.06

Driftsutvalsak 64/06 av 02.10.06

 


Rådmannen si innstilling:

  1. Kommunestyret har vurdert skisseprosjekt dagsett 07.12.06 med endring 17.01.07 over brann-, drifts- stasjon samt skisseprosjet av 26.10.06 med endringar av 17.01.07 over miljøstasjon.og uteområde til ein total kostnadsramme av 13 mill eks mva.

 

  1. På grunnlag av framlagte skisseprosjekt ber kommunestyret administrasjonen gå vidare og utarbeider eit forprosjekt over brann-drifts- og miljøstasjon med uteområde.

 

  1. Det vert sett av naudsynte midlar til miljøstasjon og uteområde og opp til kr. 5 mill. 

 

-----------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Driftsutvalet  30.10.2006:

Saka vart trekt.

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Vedtak i  Driftsutvalet - 30.10.2006:

Saka vart trekt.

 

----------------------------------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Driftsutvalet  24.01.07:

Samrøystes i samsvar med innstillinga.

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Vedtak i  Driftsutvalet - 24.01.07:

  1. Driftsutvalet har vurdert skisseprosjekt dagsett 07.12.06 med endring 17.01.07 over brann-, drifts- stasjon samt skisseprosjet av 26.10.06 med endringar av 17.01.07 over miljøstasjon.og uteområde til ein total kostnadsramme av 13 mill eks mva.

 

  1. På grunnlag av framlagte skisseprosjekt ber driftsutvalet administrasjonen gå vidare og utarbeider eit forprosjekt over brann-drifts- og miljøstasjon med uteområde.

 

  1. Det vert sett av naudsynte midlar til miljøstasjon og uteområde og opp til kr. 5 mill. 

 

----------------------------------------------------------------------------


 

 

 

Saksgrunnlag:

Kommunestyret gjorde den 16.02.06 i sak 5/06 vedtak om at Teknisk drift-FDV si verksemd i Hovebygget på Grandane (teknisk driftsstasjon og miljøstasjon) og brannstasjonen skulle flyttast og reetablerast i industriområdet i Djupøyna.

 

Saksopplysningar:

Vedtak vedk. ”Muriparken” sak 5/06 av 16.02.06 (merk pkt. 9,11 og 13):

Vedtak i  Kommunestyret - 16.02.06:

1.     Kommunestyret ser ”Muriparken” som ein visjon for utviklinga av området Murigrandane. Norddal kommune vil vere aktivt med i vidareutvikling av området gjennom deltaking i ulike prosjekt/etableringar i området. Området skal vere prega av etableringar knytt til natur, kultur, helse, velvere, reiseliv og oppleving. Som ein konsekvens av dette, vert det faste planutvalet bede om å leggje ned byggje- og deleforbod i området, og straks setje i gang reguleringsplanarbeid som ivaretar visjonen om ”Muriparken.”

 

2.        Norddal kommune vil delta i etableringa av Storfjord helsesenter med ein aksjekapital på 6,9 mill. kr.

 

3.        Norddal kommune vil delta i etableringa av HelseCo med ein aksjekapital på 2 mill. kr.

 

4.        Norddal kommune vil delta i etableringa av Murihagen kurssenter med ein aksjekaptal på kr.150.000,-.

 

5.        Norddal kommune stiller tomt til disposisjon for aktuell investor for etablering av hotell.

 

6.        Naudsynte avtalar med dei ulike aktørane/deltakarane i ovannemnde etableringar vert å leggje fram for kommunestyret til endeleg godkjenning.

 

7.        Kommunestyret vedtar flytting av helseavdelinga frå rådhuset til helsesenteret innanfor ei kostnadsramme på 1 mill. kr.

 

8.        Kommunestyret vedtar flytting av hovudbiblioteket frå Norddal Elverk sitt bygg til rådhuset innanfor ei kostnadsramme på 1 mill. kr.

 

9.        FDV si verksemd i Hovebygget og brannstasjonen vert å flytte og reetablere i industriområdet på Djupøyna innanfor ei kostnadsramme på 8 mill. kr. I samband med denne etableringa skal også vurderast bygging av utleigebygg til industriføremål. Opparbeiding av naudsynt manglande infrastruktur i Djupøyna må prioriterast.

 

10.     Finansiering:

a)        Finansieringa av aksjekapital i Storfjord helsesenter (6,9 mill.), HelseCo (2 mill.) Murihagen kurssenter (0,15 mill.) og flyttinga av helseavdelinga (1 mill.) og bibliotek (1 mill.), til saman 11,05 mill. kr., vert finansiert ved innløysing av ansvarleg lån (14,25 mill. kr.) i Tafjord Kraft AS.

b)        Resterande beløp (kr. 3,2 mill. kr.) skal setjast av på fond bunde til infrastrukturtiltak i kommunen, særleg skal tiltak for styrking av intern kommunikasjon i kommunen prioriterast. Retningsliner for bruk av desse midlane vert å handsame i eiga sak for kommunestyret seinare.

 

11.     Finansieringa ved flytting og nytt bygg for verksemda til FDV i Hovebygget og brannstasjonen vert gjort gjennom  låneopptak.

 

12.      Dei økonomiske konsekvensane av ovanståande skal innarbeidast ved rullering av økonomiplan og framlegg av årsbudsjett, og detaljeringa av dei einskilde kostnadsoppsett vert å leggje fram for formannskap/kommunestyre.

 

13.     Beløpa som er nemnde punkta 2, 7, 8 og 9 vert sett på som anslag og vert å kome attende til.

 

Etter oppdrag frå administrasjonen leverte Arkitektkontoret AS ARC-ESS eit skisseprosjekt som omfatta bygging av brannstasjon, driftsstasjon og miljøstasjon med tilhøyrande uteområde. Det ligg føre romprogramskisse med ei grov kostnadskalkyle, sjå tabell under.

 

 

 

Areal (m2)

Kostnad eks mva (mill)

Brann- og driftsstasjon

1030

10

Miljøstasjon

 

360

3

Uteområde

 

 

2

 

Øvre ramme på 8 mill er alt gjennom vedtak lagt som eit kostnadskrav. Ut i frå dette har administrasjonen i samarbeidd med Christie & Opsahl AS omarbeidd prosjektet og kome ned i eit minstemål på 700 m2. Ein del av i miljøstasjonen, 100 m2 er tenkt som naudsynt lagerplass for teknisk utstyr. Skisseprosjektet/behovsanalysa er tenkt som grunnlag for å vurdere om prosjektet skal vidareførast til forprosjektnivå. Med tanke på funksjonaliteten på tomt 4 var den i utgangspunktet noko smal, men og ein har lukkast å få kjøpe eit tillegg til tomta . I tillegg til brann- og driftsstasjon vil ein miljøstasjon med omrømmingsareal krevje omrømingsareal for større køyretøy.

Administrasjonen har jfr. pkt. 16 i vedteken økonomiplan for 2007-2010 sett på alternative løysingar til miljøstasjon. Ein har også teke kontakt med Stordal og Ørskog kommune om aktualiteten for ei interkommunal løysing. Ein er samde om at ein felles miljøstasjonen for desse kommunane ikkje er teneleg. Skal ein få rasjonalisert drifta av miljøstasjonane må ein få ned kostnadane på transporten og leiga av containerane. Miljøstasjonane bør ligge der folk bur, men ei interkommunal ordning for innsamlinga frå miljøstasjonane er ei aktuell løysing. Ut i frå at det sentralt er det gitt signal om auka krav til kjeldesortering bør ein vere budd på at aktiviteten på miljøstasjonen vil auke.    

Praksisen rundt farleg avfall vil ytterlegare innskjerpa.

 

Saksvurdering og konklusjon:

Hovudelementa vedk. brannstasjon, driftsstasjon og miljøstasjon er i skisseprosjekt dagsett 17.01.07 og 26.10.06 i vareteke. Ein vil måtte gå ut i frå at funksjonane som ligg til brann og teknisk drift -FDV vil endre seg over tid. Dette kan gje seg utslag i arealbehovet.

Ramme som ligg inne i budsjettet for 2007 er på 8,2 mill til brann- og driftsstasjon. Midlar til     miljøstasjon og uteområde er ikkje sett av i budsjettet for 2007. Som for driftsstasjonen er dette hovudsakleg midlar som ein kan finansiere over VAR-gebyra. 

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann