NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    4/61

Saksmappe:          06/00563-7

Sakshandsamar:   Lars Kjell Smoge

Dato:                      24.10.2006

 

Møtebok

                                  

 

 

Byggeløyve sjølvaskeanlegg for bilar gnr 4, bnr 61 - Jostein Tafjord

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

086/06

Driftsutvalet

30.10.06

 

Utsendte saksdokument:

Søknad frå Valldal Auto-Maskin dat. 09.08.06

Kart som syner påtenkt plassering av vaskeanlegg

Teikning av overbygt vaskeanlegg

 

Ikkje utsendte saksdokument:

Sak 059/06 – Det faste utvalet for plansaker

Klage frå Valldal Auto-Maskin dat. 14.09.06

Sak 053/06 – Det faste utvalet for plansaker

Kvittering for nabovarsel

Brev frå Miljøverndepartementet av 09.05.06

 


Rådmannen si innstilling:

Driftsutvalet viser til vedtaket i Det faste utvalet for plansaker i sak 059/06 der det mellom anna vart gjeve dispensasjon frå bygge- og deleforbodet på Murigrandane.

Driftsutvalet finn etter ei samla vurdering etter § 68 i PBL at før vilkår om beredskapstiltak mot flodbølgjer er fastsett,  kan det ikkje gjevast byggeløyve for planlagt vaskeanlegg i samsvar med søknad dat. 09.08.06 frå Valldal Auto-Maskin slik risiko er fastsett no.

 

Så snart vilkår om beredskapstiltak mot flodbølgjer er fastsett for Murigrandane/dette tiltaket, vil søknaden om byggeløyve verte handsama.

Driftsutvalet ber om at vaskeanlegget si takform vert sett inn i ei totalvurdering av framtidig takform/fasadeuttrykk for bygning på eigedomen.

-----------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Driftsutvalet  30.10.2006:

 

Røysting:

5 røysta for innstillinga

1 røysta i mot

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Vedtak i  Driftsutvalet - 30.10.2006:

Driftsutvalet viser til vedtaket i Det faste utvalet for plansaker i sak 059/06 der det mellom anna vart gjeve dispensasjon frå bygge- og deleforbodet på Murigrandane.

Driftsutvalet finn etter ei samla vurdering etter § 68 i PBL at før vilkår om beredskapstiltak mot flodbølgjer er fastsett,  kan det ikkje gjevast byggeløyve for planlagt vaskeanlegg i samsvar med søknad dat. 09.08.06 frå Valldal Auto-Maskin slik risiko er fastsett no.

 

Så snart vilkår om beredskapstiltak mot flodbølgjer er fastsett for Murigrandane/dette tiltaket, vil søknaden om byggeløyve verte handsama.

Driftsutvalet ber om at vaskeanlegget si takform vert sett inn i ei totalvurdering av framtidig takform/fasadeuttrykk for bygning på eigedomen.

 

----------------------------------------------------------------------------


 

Saksgrunnlag:

Det er i brev dat. 09.08.06 frå Valldal Auto-Maskin søkt om løyve til oppføring av eit utandørs

vaskeanlegg for bilar; vaskeanlegget er planlagt med mønetak i ein storleik på om lag 40 m2 og plassert mot bytet til Fjordhagen; jfr. saksvedlegg.

 

Som kjent har Det faste utvalet for plansaker har i møte 24.04.06 i sak 26/06 vedtatt å legge ned bygge- og deleforbod for reguleringsområde Murigrandane med heimel i § 33 i plan- og bygningslova.  Det er starta opp arbeid med reguleringsplan for området.

 

Søknaden om byggeløyve for vaskeanlegget må ha planavklaring, det vil seie dispensasjon frå det vedteke bygge- og deleforbodet, før byggesak kan handsamast etter PBL.

Alternativt måtte den nye reguleringsplanen for Murigrandane vere vedteken.

Det faste utvalet for plansaker gjorde i møte 11.09.06, sak 053/06 slikt vedtak:

Det faste utvalet for plansaker har vurdert søknaden frå Valldal Auto-Maskin av 09.08.06 om dispensasjon frå bygge- og deleforbodet på Murigrandane, men finn ikkje på noverande tidspunkt å kunne gje dispensasjon.

 

Vedtaket i sak 053/06 vart klaga på av Valldal Auto-Maskin; klage dagsett 14.09.06.

 Ny handsaming av saka vart gjort i møte 16.10.06, sak 059/06.

Vedtak i  Det faste utvalet for plansaker - 16.10.06:

1.   Det faste utvalet for plansaker har vurdert klaga frå Valldal Auto-Maskin av 14.09.06 på vedtak i sak 053/06 om dispensasjon frå byggje- og deleforbod på Murigrandane.

Planutvalet kan ikkje sjå at tiltaket er i konflikt med dei føringar som ligg i påbyrja reguleringsplan for området.  Tiltaket vert òg vurdert som eit minimums-risikobygg med tanke på faren for flodbølgje etter fjellskred Heggurdsaksla/Åkneset.

På bakgrunn av dette imøtekjem ein klagar, og det vert gjeve dispensasjon frå byggje- og deleforbodet på Murigrandane for oppføring av utandørs vaskeanlegg for bilar.

 

Planutvalet føreset at utforminga av bygget tilfredsstiller estetiske krav som er naturleg å stille for området.

 

Saksopplysningar:

Det faste utvalet for plansaker har gjennom sitt vedtak i sak 059/06 gjeve dispensasjon frå bygge- og deleforbodet og såleis har saka avklaring i høve planføresetnader.

No kan saka om byggeløyve for det planlagde vaskeanlegget handsamast etter PBL; Murigrandane ligg på om lag cote 2.

Etter samtale med Møre og Romsdal fylke v/fylkesgeolog Einar Anda den 23.10.06 vert det vurdert at planlagte vaskeanlegg for Valldal Auto-Maskin ligg opp mot klasse 2 for farenivå.

 

Når det gjeld samfunnstryggleiken ligg Murigrandane utsett for flodbølgjer etter moglege fjellskred frå Hegguraksla og Åkneset. I følgje Åknes/Tafjord-prosjektet, vil flodbølgjer både frå Åknes og Hegguraksla dimensjonere faresona for flodbølgjer med sannsyn større enn 1/1000 pr. år i dette området. Elles er det lagt til grunn at skred frå Hegguraksla gir faresone tilsvarande utbreiing av flodbølgjene i 1934. På Sylte nådde bølgjene i 1934 opp til om lag kote 4, og estimatet som er laga for skred frå Åknes tilseier bølgjehøgde på om lag 3 m og med oppskyllingshøgde opp til cote 9– som dermed utgjer grensa for farenivået 1/1000 pr. år (klasse 2).

 

Fylkesmannen har på prinsipielt grunnlagt spurt MD om i kva grad det kan setjast vilkår for beredskap i samband med plangodkjenning i aktuelle områder. Fylket forstår MD slik at dagens lov opnar for dette (Brev frå MD av 09.05.2006). Det vert vurdert til å vere ein føresetnad at ein i føresegnene til reguleringsplanen stiller krav om at beredskap må vere på plass før utbygging.

Beredskap og samfunnstryggleik ligg under fylkesmannen sitt ansvarsområde.

 

Ein er kjent med at nabokommune har godkjent eit tilbygg til eit eksisterande forretningsbygg i  fareområdet for bølgja.

 

Når det gjeld det estetiske i saka, så er vaskehuset skissert med mønetak, medan verkstad- og bensinstasjonen i dag har flatt tak. Såleis må ein ha lov å uttrykke at mønetaket ikkje passar så godt  i ”tunet”med den form eksisterande bygningsmassen i ”tunet” har.

 

Saksvurdering og konklusjon:

I samsvar med § 68 i PBL skal kommunen sjå til at det ikkje vert bygt på grunn dersom det ikkje er tilstrekkeleg sikkerheit mot fare eller vesentleg ulempe som følgje av natur- eller miljøforhold.

 

Dersom kommunen gjev eit byggeløyve på sviktande grunnlag i høve sikkerheit, kan kommunen kome i erstatningsansvar etter lova. Dette er det rettspraksis på.

 

Før vilkår om beredskapstiltak mot flodbølgjer er fastsett, finn administrasjonen etter samtale med Fylkegeologen og ei samla vurdering at det ikkje bør gjevast byggeløyve for denne bygninga slik situasjonen er no.

Administrasjonen vil minne om at reguleringsarbeidet for Murigrandane ser ein føre seg vil strekke seg ut 2006 (om lag 2 mnd. frå no), og såleis er det ikkje langt fram i tid til forventa vedtak i den nye reguleringsplanen for området. Men reguleringsplanen kan ikkje vedtakast før forskriftene er endra til at beredskap reduserer risiko.

Gjennom reguleringsplanen må det i føresegnene vere stilt dei naudsynte krav til beredskap før utbygging.

Vedtak i saka kan klagast på innan 3 veker etter reglane i Forvaltningslova.

 

Kommunen kan sjølvsagt gje byggeløyve ved politisk vedtak no.

 

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann