|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: 033
Saksmappe: 03/00948-3
Sakshandsamar: Kjell Rønning Dato: 23.10.2006 |
Kommunale representantar i
samarbeidsutvalet for Eidsdal barnehage - supplering
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Driftsutvalet |
30.10.06 |
Utsendte saksdokument:
Ikkje utsendte
saksdokument:
Inger Johanne Tafjord blir vald til ny kommunal vararepresentant for Brit Ingunn Maurstad til samarbeidsutvalet for Eidsdal barnehage. Valet gjeld for resten av valperioden som går ut i 2007.
Inger Johanne Tafjord blir vald til ny kommunal vararepresentant for Brit Ingunn Maurstad til samarbeidsutvalet for Eidsdal barnehage. Valet gjeld for resten av valperioden som går ut i 2007.
Etter Lov om barnehagar skal det ved kvar barnehage vere eit samarbeidsutval. Lova regulerar kommunen si deltaking til maksimalt så mange representantar som kvar av dei andre gruppene foreldre/føresette og tilsette. I Norddal har kvar gruppe 2 medlemmer.
Det skal vere 2 kommunalt valde medlemmer + varamedlemmer i samarbeidsutvalet ved Eidsdal barnehage.
01.12.03 gjorde Driftsutvalet følgjande vedtak etter tilråding frå valnemnda:
Valde i samarbeidsutvala i barnehagane for 2003-2007:
Eidsdal barnehage: Idar Rønneberg, vara Frode Rønneberg
Brit Ingunn Maurstad vara Laila Indreeide
Etter at Laila Indreeide har flytta frå kommunen, er det ingen varamedlem for Brit Ingunn Maurstad. Det må derfor veljast eit nytt varamedlem, helst ei kvinne. Det bør også vere ein som er medlem eller varamedlem til kommunestyret.
Inger Johanne Tafjord fyller krava til å kunne bli vald til ny vararepresentant til samarbeidsutvalet ved Eidsdal barnehage. Ho erstattar Laila Indreeide.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|