|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: 231 A10
Saksmappe: 06/00719-1
Sakshandsamar: Kjell Rønning Dato: 23.10.2006 |
Betalingssatsar for
barnehagar
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Driftsutvalet |
30.10.06 |
|
|
077/06 |
Kommunestyret |
16.11.06 |
|
084/06 |
Kommunestyret |
14.12.06 |
Utsendte saksdokument:
Ikkje utsendte
saksdokument:
Forskrift om foreldrebetaling i barnehagar 16.12.2005
Framlegg til statsbudsjett 2007
Satsen for foreldrebetaling for heil plass i barnehagen blir sett til 2 330 kr pr. månad. Endringa blir gjort gjeldande frå 01.01.2007.
Det blir gjeve søskenmoderasjon slik at ein får 30 % rabatt for 2. barn og 50 % rabatt for 3. og følgjande barn.

Handsaming i Kommunestyret 16.11.2006:
Ordføraren kom med forslag om å utsette saka.
Røysting:
20 røysta for ordføraren sitt forslag
1 røysta i mot
Handsaming i Kommunestyret 14.12.06:
Forslag frå Annett Stennes, Al:
Aksjonslista ønskjer å fryse satsane for barnehagen, SFO og kulturskulen med
SFO som øvste prioritet.
Røysting:
5 røysta for forslaget frå Annett Stennes, Al, som fall
16 røysta for innstillinga
Satsen for foreldrebetaling for heil plass i barnehagen blir sett til 2 330 kr pr. månad. Endringa blir gjort gjeldande frå 01.01.2007.
Det blir gjeve søskenmoderasjon slik at ein får 30 % rabatt for 2. barn og 50 % rabatt for 3. og følgjande barn.
Justering av gebyr og eigenbetaling gjeldande fom. januar 2007
Etter at kommunane gjennom fleire år hadde auka prisane på foreldrebetaling i barnehagane, gjorde Stortinget i 2004 vedtak om ein makspris for foreldrebetaling i barnehagane på 2 750 kr. pr. månad. Dette vart sett i verk i 2005. For 2006 vart maksprisen kraftig redusert til 2 250 kr. For å kompensere for dette inntektstapet for barnehagane, fekk kommunane auka tilskot frå staten til barnehagedrift.
I statsbudsjettet for 2007 som blei lagt fram i begynnelsen av oktober, er det gjort framlegg om ein makspris på 2 330 kr. Dette er ein auke frå året før på 3,5 %, noko som samsvarar med venta lønnsauke. Framlegget er ikkje endeleg vedteke i Stortinget enno.
Stortinget vil vedta makspris for 2007 for foreldrebetaling i barnehagane. Denne maksprisen har ikkje Norddal kommune høve til å overstige. Det er heller ikkje nokon spesiell grunn til at kommunen skal vedta ein lågare sats.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|