NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    L32

Saksmappe:          04/00132-5

Sakshandsamar:   Aud Lindis Ødegaard

Dato:                      20.10.2006

 

Møtebok

                                  

 

 

Namnebyte frå Sylte til Valldal  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

097/06

Driftsutvalet

04.12.06

 

 

Utsendte saksdokument:

Brev frå Viktor Valdal (Aksjonslista), datert 04.10.06

 

 

Ikkje utsendte saksdokument:

Lov om stadnamn

Vedtak i oppvekst og kultur i sak 40/01

 

 

Rådmannen si innstilling:

1.      Norddal kommune ønskjer at det offisielle namnet på kommunesenteret skal vere Valldal.

2.      Statens namnekonsulentar blir bedne om å kome med tilråding.

-----------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Driftsutvalet  04.12.2006:

Samrøystes i samsvar med innstillinga.

 

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Vedtak i  Driftsutvalet - 04.12.2006:

  1. Norddal kommune ønskjer at det offisielle namnet på kommunesenteret skal vere Valldal.
  2. Statens namnekonsulentar blir bedne om å kome med tilråding.

 

 

----------------------------------------------------------------------------


 

 

 

Saksgrunnlag:

Viktor Valdal ber i brev datert 04.10.06 om at det blir vurdert å byte namn frå Sylte til Valldal.

 

Saksopplysningar:

Valdal skriv at dei fleste er vandt med å bruke namnet Valldal som bygdenamn for bygda (tettstaden) Valldal. Han har undersøkt saka, og meiner at Sylte no står oppført både som gardsnamn og tettstadnamn (bygdenamn). Valdal meiner at det er greitt at dette blir brukt i daglegtalen lokalt, men spesielt med omsyn til reiseliv bør dette endrast til Valldal. Han skriv at i dag består Valldal sentrum av både Sylte og Muri, og desse gardsnamna bør bestå medan tettstadnamnet vert Valldal. På mange kart står ikkje namnet Valldal i det heile. Det same gjeld på adresser på internett der ein finn gardane Valdal og Valldalen (dalføre), men ikkje Valldal.

 

Saksvurdering og konklusjon:

Ønskjer ein å endre namn frå Sylte til Valldal så skal det hentast inn uttale frå Statens namnekonsulentar. Deretter skal saka ut på høyring slik at aktuelle partar får uttale seg. Saka skal deretter tilbake til namnekonsulentane som kjem med endeleg tilråding før kommunen gjer vedtak.

 

Utval for oppvekst og kultur gjorde i sak 40/01 vedtak om at det offisielle namnet på kommunesenteret skulle vere Valldal. Bakgrunnen for dette var eit brev frå Norddal Reiselivslag som informerte om forvirring på grunn av manglande samsvar mellom kart og skilt. Saka vart av ein eller annan grunn ikkje sendt vidare i systemet, og ein har difor ikkje fått naudsynte godkjenningar på dette vedtaket. Prosessen må difor starte på nytt no.

Stig Holmstrøm

 

rådmann