NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    C20

Saksmappe:          05/00220-11

Sakshandsamar:   Aud Lindis Ødegaard

Dato:                      20.10.2006

 

Møtebok

                                  

 

 

Friluftsrådet - auke i medlemskontingenten  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

080/06

Driftsutvalet

30.10.06

 

Utsendte saksdokument:

Brev frå Friluftsrådet for Ålesund og omland, datert 28.09.06

 

 

Ikkje utsendte saksdokument:

 

 

 


Rådmannen si innstilling:

Norddal kommunen godkjenner ei auke i medlemskontingenten under føresetnad av at dei andre medlemskommunane også gjer det.

-----------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Driftsutvalet  30.10.2006:

Samrøystes i samsvar med innstillinga.

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Vedtak i  Driftsutvalet - 30.10.2006:

Norddal kommunen godkjenner ei auke i medlemskontingenten under føresetnad av at dei andre medlemskommunane også gjer det.

 

----------------------------------------------------------------------------


 

Saksgrunnlag:

Årsmøtet i Friluftsrådet gjorde på møte den 06.03.06 vedtak om å foreslå ei auke i medlemskontingenten frå og med 2007 med 1 krone i tillegg til konsumprisindeksen på 0,15 kr. Ein slik auke skal godkjennast av medlemskommunane.

 

Saksopplysningar:

I 1997 utgjorde medlemskontingenten om lag 50 % av inntektene medan det i år ligg an til å utgjere om lag 28 %. Årsmøtevedtaket om ein auke kjem av dei utfordringane Friluftsrådet har på drift av anlegg og friluftsområdet. Dei er med å byggje og tilretteleggje friluftsområde etter ønske frå kommunane, og har også ansvar for fleire offentleg sikra friluftsområde. I tillegg kjem utvikling og tilrettelegging av turstiar.

 

Friluftsrådet har vel ein million i faste inntekter. Desse kjem frå medlemskontingent og administrasjonstilskot frå Friluftsrådenes Landsforbund samt Møre og Romsdal Fylke. I tillegg får dei eit variabelt tilskot frå Møre og Romsdal Fylke/Direktoratet for naturforvaltning. Totalbudsjettet er på om lag 2,1 mill. kr. Friluftsrådet konkluderer med at det er medlemskommunane som må ta hovudansvaret for finansieringa når det gjeld drift av friluftsområde og anlegg.

 

Saksvurdering og konklusjon:

Norddal kommune melde seg inn i Friluftsrådet i 2001, og har hatt positive erfaringar med dette. Dei sit med kompetanse som kommunen ikkje har, og ein har fått nytta dei i ulike samanhengar.

 

Ein ser at det kostar å drifte ein så omfattande organisasjon, og at det kan vere behov for ei oppjustering. For Norddal sin del vil ein slik auke innebere ein auke i årleg kostnad på 2.080 kr.

 

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann