|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv:
Saksmappe: 06/00715-1
Sakshandsamar: Helge Svensvik (Aspehjell/Rønning) Dato: 20.10.2006 |
Tafjord skule og barnehage -
vurdering.
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Driftsutvalet |
30.10.06 |
|
|
069/06 |
Kommunestyret |
16.11.06 |
Utsendte saksdokument:
Barna sin faglege og sosiale situasjon mv/v rektor Turid Aspehjell
Kvalitet ved Tafjord skule og barnehage i framtida v/konsulent Kjell Rønning
Ikkje utsendte
saksdokument:
Konsekvensar av endring i skulestruktur, frå kommunerevisjonen dagsett 30.12.02.
Rådmannen utarbeider kommunal forskrift om krinsregulering som blir lagt fram for kommunestyret til behandling.
Rådmannen utarbeider kommunal forskrift om krinsregulering som blir lagt fram for kommunestyret til behandling.
Rådmannen utarbeider kommunal forskrift om krinsregulering som blir lagt fram for kommunestyret til behandling.
Kommunestyrestyret har
vedteke at Tafjord skule og barnehage skal underleggjast ei nærare vurdering.
Grunngjevinga for dette er eit minkande folketal i krinsen, med tilhøyrande
minke i barnetalet.
Kommunestyret har tidlegare hatt drøftingar kring framtidig skulestruktur, og seinast i sak 88/02 førte drøftingane til at det ikkje skulle skje endringar med det første.
I sak 23/04 vart Fjørå skule lagt ned etter innspel frå foreldregruppa.
I dei 5-6 siste åra har det vore gjennomført mykje analysearbeid både internt og frå eksternt hald. Spørsmåla kring skulestruktur er såleis grundig opplyst i rimeleg nær fortid, og ut ifrå ulike vinklar.
Organiseringa av
undervisninga i kommunane er omtala i Opplæringslova § 8.1. Skulen:
”Grunnskuleelevane har rett til å gå på den skulen som ligg nærast eller ved
den skulen i nærmiljøet som dei soknar til. Kommunen kan gi forskrifter om kva
skule dei ulike områda i kommunen soknar til. Kravet i § 38 første ledd bokstav
c i forvaltningslova om kunngjering i Norsk Lovtidend gjeld ikkje. Etter søknad
kan eleven takast inn på annan skule enn den eleven soknar til.
Merknader til denne lovparagrafen finn ein i Innst. til O nr 70 (97-98) og i Ot prop nr 46 (97-98).
I kommuneplanen gjeldande for perioden 1996 – 2007 heiter det under mål:
- Norddal kommune vil gjennom kommuneplanen
skape ei positiv vidareutvikling i alle bygdelag.
- Kommunen vil særleg legge vekt på
tilrettelegging av gode rammer i kvardagslivet til innbyggarane, både fysisk,
sosialt og kulturelt.
I planen for grunnskulen heiter det ma:
Å tilpasse opplæringa slik at alle elevar får ei likeverdig opplæring, krev ein heilskapleg strategi. Samordning av ulike lokale, regionale og sentrale tiltak vil vere nødvendig på vegen mot den inkluderande skulen. Slik samordning vil vere nødvendig både når det gjeld utvikling av elev-, lærar- og leiarrolla. Det vil og vere nødvendig med tanke på utvikling av samarbeid med heim, arbeidsliv og lokalsamfunn.
Vidare vil vi satse på å heve kompetanse og utvikle strukturar som kan møte behovet for vurdering som metode for skuleutvikling. Vi ser det som viktig at kvar skule erkjenner behovet for eigenvurdering. Slik vil ein kunne konkretisere eigen ståstad og dermed lettare kunne definere retning vidare.
Med målretta innsats skal vi auke trykk og medvit på kva som i praksis kjenneteiknar
den lærande skule. Ein lærande skule krev ein gjennomgang på kva læringssyn som skal råde, og ein må ta innover seg og vere medviten i forhold til kva læringssyn L-97 representerer.
På elevnivå skal det fokuserast meir på læring – mindre på undervisning.
På lærarnivå må ein erkjenne at skal utvikling kunne skje, må fokus settast på praksisfeltet;
· Refleksjon over eigen praksis – utgangspunkt for endring av eigen praksis.
· I møtet/skjeringspunktet mellom teori og praksis – potensiale for skuleutvikling, t.d. gjennom prosjekt, utviklingsarbeid og forsøk.
Å dreie undervisningtradisjonen i retning mot ein meir lærande skule og i retning av det samfunnet barn og unge skal utvikle kompetanse til å meistre, krev nytenking og utprøving.
Dette vil gjelde både innhald og organisering.
Døme på krav til fokusskifte på vegen mot den lærande skule:
· Undervisning – læring
Å flytte tyngdepunktet frå undervisningsituasjonen og til læringsprosessar og læringsutbytte. Det vil gje behov for andre måtar å organisere barn og vaksne sin arbeidssituasjon på.
· Segregasjon – integrasjon – inklusjon
Fullverdig deltaking for alle barn, uansett føresetnader, krev utstrakt grad av organisatorisk, metodisk og pedagogisk tilpassing. Dette set krav til romløysingar som stettar behovet for å sette saman grupper av ulik storleik og til ulike formål.
Oppsummert sett dette og
utviklinga mot stadig lengre opphaldstid på skulen, andre krav til
rammefaktorar enn tidlegare. Td er det veldig vanskelig å drive ei nødvendig
SFO-ordning ved små skular utan samarbeid/samhandling med barnehage.
Undervisningstida har auka
dei seinare åra, og det er framleis venta at ”heildagsskulen” vil bli
aktualisert.
Skulebruk
og behov for endringar har vore jamnt oppe dei siste 15 åra. Det meste står
omtalt i gjeldande kommuneplan og det blir vist til denne. Her blir det berre
teke eit kort attersteg over hovedmomenta:
-Tidleg på 1990-talet vart
skular og banehagar samla i ei driftseining.
-Tafjord og Dalsbygda fekk
samlokalisert barnehagar med skulen. Taford skule og barnehage vart nyoppbygd
etter brann, og har særs godt tilpassa lokalitetar.
-Noko seinare vart
skuletida utvida frå 9 til 10 år, og barna tek no til på skulen som
seksåringar.
-Dette etablerte endra
krav til bygningane mtp opphald. Skulefritidsordning er ein del av dette
biletet.
-Skulebygningane var
ombygd og tilbygd.
Den siste hendinga innanfor
denne handlingsrekkja var nybygget ved Valldal skule. Etter dette har alle
skulane tenlege og tilpassa bygg som er store nok til å ta imot fleire barn.
Så langt det gjeld skuleveg, trafikktryggleik og skyss, er
avstanden mellom Tafjord og Valldal skular rimeleg kort – om lag 16 km. Vegen
har mange svingar og er smal, men kan vanskeleg karakteriserast som farleg for
dei som ferdast i bil eller buss. Det er ikkje kjent at vegen er rasutsett no.
Grensa for gratis skyss er i dag 4 km generelt og 2 km for seksåringane. Dermed
får barna frå Tafjord rett til gratis skyss til og frå skulen.
Kostnadene knytt til grunnskuleverksemda i Norddal kommune syner at kommunen har:
-Høge strukturkostnader
-Låg produktivitet
Til det første punktet har kommunerevisjonen i delrapport 1 illustrert eller rekna ut at berre 1-2% av kommunane i landet har ein mindre effektiv skulestruktur enn Norddal. Etter dette har Fjørå skule vorte lagt ned, men biletet er ikkje vesentleg endra grunna det.
Gjennom Kostra og Gsi er det lagt til rette for eit omfattande dokumentasjonsmateriale som gjennom Internett er tilgjengeleg for dei fleste. Dei seinare åra har også staten etablert Skoleporten og Elevinspektørene. Her kan oppdaterte opplysningar om kvar skule hentast ut. I desse portalane er det lagt særskilt vekt på å syne kvaliteten på dei ulike skulane. Det blir vist til dette. Vidare er det gjennom deltaking i dei såkalla ”effektiviseringsnettverka” laga og klargjort ei mengd av denne typen informasjonar. Det blir her attgjeve berre ein av alle desse variantane/illustrasjonane:
Gjennomsnittet i desse kommunane = 100.
Denne ill. syner kortfatta at Norddal bruker mykje pengar til å produsere skuletenester, men oppnår ikkje meir verken hos foreldre, elevar og tilsette enn andre kommunar som bruker til dels mykje mindre.
Motstykket til desse økonomiske vurderingane er ønsket om at barna skal ha eit skuletilbod i heimemiljøet og behovet for ein møtestad for alle i ulike samanhengar og føremål. Drøftingar i høve balansen mellom økonomiske termar på den eine sida og faglege/politiske behov på den andre, har ikkje vore vanleg.
Norddal kommune har i dag ein solid økonomi og har dermed moglegheiter for å sikre ein økonomisk handlefridom for å kunne møte auka tenestebehov som alltid vil være tilstades i ein offensiv kommune. Drifta ved Tafjord skule kan såleis halde fram – slik sett. Imidlertid krev den lokale samtida reell vilje til å prioritere ressursbruken og stå for det (produktivitet). Desse prioriteringane må også skje i praksis når det gjelder aktivitetsnivået og ikkje berre i planar og budsjett. Skal Norddal i framtida kunne makte å vere ein vekst- og utviklingskommune, må kommunen ha ein kapitalbase og ein god likviditet. Oppbygging av fondsmidlar og styrking av likviditeten må være ei målsetting.
Elevtalsutviklinga er slik:
|
Barnetal Tafjord skule
og barnehage |
|
|||||
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Haust 2007 |
Haust 2008 |
Haust 2009 |
Haust 2010 |
Haust 2011 |
Haust 2012 |
|
Grunnskule |
7 |
5 |
7 |
6 |
5 |
6 |
|
Barnehage |
3 |
3 |
1 |
1 |
1 |
0 |
I denne tabellen må ein korrigere for kjente eller venta endringar. Elevtalet ved Tafjord skule blir ut ifrå ei slik vurdering, venta å halde seg under 7 barn i åra som kjem.
Utviklingstrekk (ref NOU nr 16/05)
”I første rekke, forsterka kvalitet i ei grunnskuleopplæring for alle,” peikar på ei rad med endringar og retningar framover i grunnskulen. Ein merkar seg at klasse-omgrepet fell bort, og at det blir lagt til grunn at ein skal nytte større og mindre grupper der tilpassa opplæring for alle står sentralt, dvs at omgrepet spesialundervisning for det meste er borte.
Det blir nemnt basisgrupper på 12 barn. Vidare tenkjer ein seg doble grupper (24) evt også tredoble grupper (36), og halve (6 barn) eller firedelsgrupper (3) om det trengst. Det er arbeidsmåtar og emne som avgjer gruppestorleiken.
Barnehagane blir ein del av utdanningssystemet.
Undervisningsmengda aukar jamnt. Det har jamnleg vorte teke opp å kople SFO og skuletida meir. Ordet som blir nytta som samleomgrep er heildagsskule, sjølv om dette blir nemnt sjeldnare no.
Andre trekk i samtida er at det skjer auka vektleggjing av prosjektbaserte undervisningsopplegg av tverrfagleg art og ei vektleggjing av bruk av nærmiljøet utanfor skulen. Stikkord her er at barna blir oppmuntra til å oppsøkje offentlege instansar, personar utanfor skulen, internett, bibliotek, media av ulike svar for å finne svar på dei ulike oppgåvene sine. Bruk av internett i ulike utformingar står veldig sentralt.
Alt dette stiller nye krav til organisering av skuledagen og nye krav til utforming av bygningar. Det er sakleg å opplyse at det ser ut som om at det er dei minste skulane som får dei største problema i gjennomføringa av desse linene, særleg relatert til undervisningsmiljø, kompetansebygging og rekruttering av fagpersonale.
Siste slagordet har vore ”Kunnskapsløftet”. Dette programmet forsterkar dei tendensane som er nemnt her.
Eit skulemønster er ikkje og kan ikkje vere eit statisk fenomen. Alle krinsane bør ha skular i ein struktur som geografisk, kulturelt og sosialt godt tilpassa. Det må vere naturlege avstandar og avgrensingar som gir nærleik til einskildmenneska og skaper pågangsmot og røter.
Skulane speler ei stor rolle både for trivsel og velferd i bygdene som arena for varierte sosiale og kulturorienterte aktivitetar i nærmiljøet.
Det må likevel til ei kvar tid takast stilling til om tida er kome for ei endring. Oppsummert no blir dette på hovedsaksnivå slik:
Kommunen står stilt ovafor vesentlege utfordringar som rask nedgang av folketalet og ei forvitring av næringslivet. Dette krev mottiltak frå kommunen si side. Det synest å vere klart at å bruke kommunale tenester som buffer mot desse utviklingsdraga i monaleg grad har slått feil.
Det er ovafor godtgjort at kommunen har eit skulemønster som berre ein velståande kommune kan tillate seg å ha. Det er vidare sannsynleggjort at dei aller minste skulane vil få dei største problema med å oppfylle dei føringane som ligg i dagens skuletenking, viss då kommunane ikkje ser seg råd til å overdimensjonere pengebruken ved slike stader.
For 2007 har Tafjord skule og barnehage eit netto budsjett på 1,93 mill kr. Det meste av dette må kunne takast ut som ein reduksjon i grunnskulen ved at noverande Tafjord krins får Valldal skule som nærskule. Pengane bør setjast av på fond og nyttast til positiv utvikling av Norddal-samfunnet.
Alternativet er å vidareføre verksemda ved Tafjord skule og barnehage. Ut over dei naturlege økonomiske og personalmessige krava, vil dette også føre med seg ulike forpliktingar som td særskilt tilsyn og aktivitetar for å halde nødvendige standardar oppe.
Ei kommunal forskriftendring krev involvering av dei ulike interessentane i sakstilhøvet.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|