|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: C44
Saksmappe: 07/00818-1
Sakshandsamar: Lars Kjell Smoge Dato: 24.10.07 |
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Driftsutvalet |
31.10.07 |
Utsendte saksdokument:
Statuttar for tildeling av pris for god byggeskikk og miljøpleie
Retningsliner for tilskot til fremme av god byggeskikk
Ikkje utsendte
saksdokument:
Som driftsutvalet sine 2 medlemar med varamedlem i byggeskikknemnda vert vald:
Handsaming i Driftsutvalet 31.10.2007:
Valnemnda la fram slik innstilling i møtet:
Som medlemar og varamedlem i byggeskikknemnda vert vald:
Medlemar:
Torunn S. Ljøen
Olav Løvoll
Varamedlem:
Signe Brenna
Som medlemar og varamedlem i byggeskikknemnda vert vald:
Medlemar:
Torunn S. Ljøen
Olav Løvoll
Varamedlem:
Signe Brenna
Kommunen har som kjent oppretta ein pris for god byggeskikk og miljøpleie. Første byggeskikkprisen var for 1990.
Statuttane for byggeskikkprisen seier m.a. at i juryen for prisen skal utval for tekniske saker ha eit medlem og utval for kultursaker eit medlem; etter ny utvalstruktur med driftsutval vert det no 2 medlemmar frå dette utvalet.
Likeså har kommunen ei ordning med ”fri arkitekthjelp” for fremme av god byggeskikk.
For å ta stilling i søknadane om ”fri arkitekthjelp” var tidlegare dei valte medlemmane frå kultur og teknisk saman med sekretæren for ”byggeskikknemnda”.
Etter dagens utvalstruktur vert dette også 2 medlemmar frå driftsutvalet.
I det interkommunale samarbeidsprosjektet om byggeskikk og estetikk på indre Storfjord (kommunane Stordal, Stranda og Norddal) som munna ut heftet ”Byggeskikk og estetikk” i 1998, var den gong dei same valde medlemmane frå kultur/teknisk med i styringsgruppa.
Det er kanskje for tidleg å sjå på eventuell revisjon av dette heftet i denne valbolken, slik at ein i dag ikkje ser at det ligg til rette for interkommunalt arbeid her i inneverande valbolk, men det må vere naturleg at medlemmane frå driftsutvalet går inn i ei eventuell ny slik styringsgruppe.
Statuttane for tildeling av pris for god byggeskikk og miljøpleie i Norddal kommune vart sist revidert i 1996 og fastset i pkt. 9 at juryen skal ha følgjande samansetting; jfr. saksvedlegg:
-eit medlem frå utvalet som er ansvarleg for kultursaker
-eit medlem frå utvalet som er ansvarleg for bygningssaker
-ein arkitekt eller annan med tilsvarande kompetanse
-ordføraren har møte- og talerett i juryen
Retningslinene for tilskot til fremme av god byggeskikk (”fri arkitekthjelp”) vart sist revidert i 2003; jfr. saksvedlegg.
Som ein konsekvens av vedteken ny utvalsstruktur burde statuttane vore endra når det gjeld jurysamansetting, men ein har ikkje lagt opp til dette no, då det synest naturleg at juryen tek gjennomgang av alle punkta i statuttane og eventuelt gjer samla framlegg til vedtak for nye statuttar.
I førre valperiode vart det sett på endringar av statuttane, men ein kom ikkje så langt at det vart lagt fram eit konkret endringsforslag.
Når det gjeld ordninga ”fri arkitekthjelp” vart retningslinene revidert i slutten av 2003, dette utifrå at timepris på sivilarkitektarbeid hadde auka sidan ordninga starta i 1992 og i tillegg er det vart innført meirverdiavgift på slike tenester.
Eit samnemne som har vore nytta dei siste åra for desse arbeida omkring byggeskikk og miljøpleie er ”byggeskikknemnda”.
I tillegg til dei 2 faste medlemmane i nemnda, bør det veljast varamedlem.
I forrige valperiode var vald: Solveig Linge Stakkestad og Oddmund Ødegård med Hallvar Tafjord som varamedlem
Saka vert naturleg nok lagt fram for driftsutvalet utan innstilling
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|