NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    231 M

Saksmappe:          07/00817-1

Sakshandsamar:   Elisabeth Mansfield

Dato:                      15.11.2007

 

Møtebok

                                  

 

 

Vass- og avløpsgebyr for 2008  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

091/07

Driftsutvalet

21.11.07

106/07

Driftsutvalet

05.12.07

104/07

Kommunestyret

13.12.07

 

Utsendte saksdokument:

Gebyrgrunnlag for VA- tenester, datert 08.11.07

 

 

Ikkje utsendte saksdokument:

Gebyrregulativ VA 2007

K.sak 03/07 m/vedlegg

 

 


Rådmannen si innstilling:

1.         Kommunestyret gjer vedtak om at planlagt aktivitet i perioden 2008 -2011 innan vass- og avløpstenesta og slik det går fram av saksutgreiinga, skal danne grunnlag for vass- og avløpsgebyret for 2008

 

2.         Vass- og avløpsgebyr for 2008 skal frysast ved bruk av bundne driftsfond.

 

3.         Frå og med 2008 skal kostnadene til slamtømming på kommunalt nett inngå i avløpsgebyret.

 

4.         Gebyrutrekninga skal vere etter Lov om kommunale vass- og kloakkutgifter av 31. mai 1974 samt sentral og lokal forskrift om vass- og avløpsgebyr.

 

5.         Mva kjem i tillegg til gebyra slik dei går fram av regulativet.

 

 

 


Handsaming i Driftsutvalet  21.11.2007:

Utvalet gjekk samrøystes inn for å utsette saka, og ber om at tidlegare vedtak samt nødvendig informasjon vert lagt ved saka på neste møte.

 

 

 


Vedtak i  Driftsutvalet - 21.11.2007:

Saka vert utsett. Ein ber om at tidlegare vedtak samt nødvendig informasjon vert lagt ved saka på neste møte.

 

 

 


Handsaming i Driftsutvalet  05.12.2007:

Samrøystes i samsvar med innstillinga.

 

 

 


Innstilling i  Driftsutvalet - 05.12.2007:

1.         Kommunestyret gjer vedtak om at planlagt aktivitet i perioden 2008 -2011 innan vass- og avløpstenesta og slik det går fram av saksutgreiinga, skal danne grunnlag for vass- og avløpsgebyret for 2008

 

2.         Vass- og avløpsgebyr for 2008 skal frysast ved bruk av bundne driftsfond.

 

3.         Frå og med 2008 skal kostnadene til slamtømming på kommunalt nett inngå i avløpsgebyret.

 

4.         Gebyrutrekninga skal vere etter Lov om kommunale vass- og kloakkutgifter av 31. mai 1974 samt sentral og lokal forskrift om vass- og avløpsgebyr.

 

5.         Mva kjem i tillegg til gebyra slik dei går fram av regulativet.

 

 

 

 


Handsaming i Kommunestyret  13.12.2007:

Audun Skjervøy, Nl kom med tilleggsforslag om slike nye pkt. 6 og 7:

 

6.                  Avgiftssystemet for vassavgifta blir revidert i 2008, slik at det kan leggjast fram forslag om nye gebyr for 2009.

7.                  Det blir opna for å revurdere arealgrunnlaget for vassgebyr i 2008 etter søknad der arealgrunnlaget for gebyret er opnebert urimeleg.

 

Det vart ført røysta over innstillinga pkt. 1-5:

Samrøystes i samsvar med innstillinga.

 

Det vart røysta over Audun Skjervøy, Nl sine tilleggsforslag pkt. 6 og 7:

Samrøystes i samsvar med Audun Skjervøy, Nl sine forslag.

 

 

 


Vedtak i  Kommunestyret - 13.12.2007:

1.         Kommunestyret gjer vedtak om at planlagt aktivitet i perioden 2008 -2011 innan vass- og avløpstenesta og slik det går fram av saksutgreiinga, skal danne grunnlag for vass- og avløpsgebyret for 2008

 

2.         Vass- og avløpsgebyr for 2008 skal frysast ved bruk av bundne driftsfond.

 

3.         Frå og med 2008 skal kostnadene til slamtømming på kommunalt nett inngå i avløpsgebyret.

 

4.         Gebyrutrekninga skal vere etter Lov om kommunale vass- og kloakkutgifter av 31. mai 1974 samt sentral og lokal forskrift om vass- og avløpsgebyr.

 

5.         Mva kjem i tillegg til gebyra slik dei går fram av regulativet.

 

6.                     Avgiftssystemet for vassavgifta blir revidert i 2008, slik at det kan leggjast fram forslag om nye gebyr for 2009.

 

7.         Det blir opna for å revurdere arealgrunnlaget for vassgebyr i 2008 etter søknad der arealgrunnlaget for gebyret er opnebert urimeleg.

 

 

 

Saksgrunnlag:

For at gebyrinntektene for vass- og avløpstenestene ikkje skal verte høgare enn kommunen sin sjølvkost må kommunen gjennomføre ein årleg etterkalkulasjon av sjølvkostkalkylen (gebyrgrunnlaget).

 

Saksopplysningar:

Vatn og avløp er tenester der sjølvkostprinsippet er sett som øvste ramme for brukarbetalinga.

Kommunen skal altså ha 100 % dekning av sine kostnader med vass- og avløpstenester gjennom vass- og avløpsgebyr. For 2006 gjennomførte kommunen ein gjennomgang av gebyrgrunnlaget for den kommunale vass- og avløpstenesta der ein la til grunn dei nyaste retningslinene for utrekning av sjølvkost. Ny forskrift og nytt gebyrregulativ for vass- og avløpstenester vart gjort gjeldane frå og med 2007. Gjennomgangen av vass- og avløpstenesta med tillegg av vesentlege investeringar i 2006 og 2007 resulterte i eit samla auka gebyrgrunnlag på 0,5 mill. I grunnlaget holt ein gebyrgrunnlaget for slamtenesta utanom.

For tenester der sjølvkostprinsippet er gjort gjeldande, er det ikkje naudsynt at inntektene for det einskilde året maksimalt må svare til årskostnaden for kommunen. I staden tek ein høgde for at inntektene over ein 3-5 års-periode ikkje skal verte høgare enn kostnadene for denne perioden samla.

Kommunen kan framføre eit overskott frå sjølvkosttenesta til eit seinare år, men innanfor nemnde periode. I praksis må dette skje gjennom eit bunden sjølvkostfond. Sjølvkostfondet sin funksjon er å handtere svingingar i inntekter og kostnader slik at gebyra kan haldast stabile. Av  sjølvkostrekneskapet er det pr. nov 2007 sett av i ”Bundne drifsfond” 300 000 på ansvar Vassverkdrift medan på ansvar Avløp (nett) har ein, etter revidering av slamgrunnlaget, ståande eit beløp på 450  000. Med planlagd aktivitet på vass- og avløpstenestene for perioden 2008 – 2011 vil dette medføre auke i både vass- og avløpsgebyret for 2008. Ved bruk av bundne driftsfond vil ein kunne fryse vassgebyret for 2008, men må rekne med ei årleg auke frå 2009 på ein 6 – 8 %.

 

I sak ”Slamgebyr for 2008” har ein rekna ut at slam på kommunalt nett utgjer 33,5 % (106 000) av den totale kommunale slamkostnaden. Slamkostnaden på nett bør frå 2008 fordelast på alle abonnentane som er tilknytt kommunalt avløp. Ved bruk av bundne driftsfond vil ein kunne fryse avløpsgebyret for ein laupande 3- 5-års-periode, sjølv om slam vert lagt til avløpsgebyret.

 

Saksvurdering og konklusjon:

Grunnlaget for gebyrsatsane på vatn og avløp er for komande økonomiplanperiode 2008 – 2011 slik som planlagt aktivitet ligg føre i saksutgreiinga. Ved bruk av bundne driftsfond kan ein fryse både vass- og avløpsgebyret for 2008. Frå og med 2008 bør slam på nett inngå som ein naturleg del av kostnadane ved drift av det kommunale avløpssystemet.

 

 

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann