NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    C03

Saksmappe:          07/00659-4

Sakshandsamar:   Aud Lindis Ødegaard

Dato:                      02.11.2007

 

Møtebok

                                  

 

 

 

 

Mobil scene  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

102/07

Driftsutvalet

21.11.07

 

 

 

 

Utsendte saksdokument:

Brev frå Valldal IL, langrennsgruppa, datert 24.08.07

Informasjon om mobil scene

 

 

Ikkje utsendte saksdokument:

 

 

 


Rådmannen si innstilling:

1.      Norddal kommune er positiv til å få på plass ei mobil scene.

2.      Det skal gjennomførast ei enkel behovsvurdering, og kartlegging av muleg ekstern finansiering.

3.      Saka blir å kome tilbake til når pkt. 2 er gjennomført.

 

 

Saksgrunnlag:

Valldal idrettslag, langrennsgruppa, søkjer i brev 24.08.07 om at det blir vurdert å kjøpe inn ei mobil scene i kommunen.

 

Saksopplysningar:

I sommarhalvåret blir det gjennomført ei rekkje arrangement i regi av lag og organisasjonar. Dei fleste arrangementa er utandørs, og utfordringa blir som Einar Hoel skriv å få skaffa ei utandørs scene. Det har som oftast vore løyst med trailer-tilhengar og tilbygg til denne. Løysinga er tidkrevjande både å rigge og demontere, og det vert lite fleksibelt. Det estetiske vert heller ikkje optimalt.

 

Langrennsgruppa skriv at det finst fleire tilbod av mobile utandørs scener. Dette er utstyr som kan fraktast som ein tilhengar, og som 1-2 personar kan rigge opp og ned i løpet av kort tid. Di ønskjer difor at Norddal kommune vurderer innkjøp av mobil scene for utleige til ulike arrangement.  Fleire kommunar har skaffa slikt utstyr, og den mest nærliggjande er Sykkylven kommune.

 

Hoel skriv at sjølv om dette er dyrt utstyr, vil eit slikt tilbod gjere det lettare å skape aktivitet i kommunen. Han meiner det er naturleg at kommunen kjøper og administrerer slikt utstyr, og at brukarane betalar leige for det etter faste satsar.

 

Saksvurdering og konklusjon:

Lag og organisasjonar legg ned ein stor innsats for å gjere Norddal kommune til ein god stad å bu og opphalde seg i. Gjennom sommaren er det ei rekkje store arrangement som krev stor dugnadsinnsats, og det å få på plass scene er ein stor del av dette. Ein må ha kjentfolk som har tilgang på ein hengar, det må skaffast ei rekkje med pallar og flakar, og så må dette byggjast saman til ei scene. Dette har dei greidd på ein god måte, men det er tidkrevjande og gjer kanskje at det vert tyngre å skipe til noko.

 

Kommunen ønskjer å vere ein aktiv tilretteleggjar for kulturlivet. Dette står nedfelt i kommuneplanen sin samfunnsdel der eitt av fem hovudmål er å satse på natur, kultur og helse. Ein ønskjer å leggje til rette for utfalding, og skape gode arenaer. Det er også viktig å skape gode arbeidsvilkår for lag og organisasjonar. Behovet for ei utandørs scene har fleire gongar vore diskutert utan at ein har kome vidare med dette arbeidet. Ei mobil scene vil kunne brukast av alle laga i kommunen, og vil også kunne leigast ut til kommersielle interesser.

 

Sykkylven kommune har kjøpt inn ei slik scene, og det hadde vore eit stort ønskje i fleire år. Dei fortel at det ofte er behov for ei friluftsscene i andre krinsar enn sentrum. Kulturlivet og næringslivet var med og sponsa scena. Kommunen kjøpte den og eig ho. Dei fekk då refundert momsen. Scena vart kjøpt frå Polen.

 

Det har no kome ei norskprodusert scene på marknaden. Kostnaden ligg på 300.000 kr eks. mva. Scena er lett å transportere, og rask å montere. Scena er sertifisert av Krankontrollen, og er definert av Biltilsynet som tilhengarreiskap slik at ho ikkje treng registrering. Scena kan også leasast.

 

Ein har vore i kontakt med både Stranda og Stordal for å undersøkje om dei har behov og ønskje om å kjøpe inn ei slik i fellesskap. Begge kommunane brukar scenemodular frå sine kulturbygg når dei skal ha scener utandørs.

 

Det vil bli lettare for lag og organisasjonar å skipe til utandørs arrangement når ein har tilgang på ei ferdig scene. Kommunen bør stå som eigar, for det er lite sannsynleg at ei lag har kapasitet til å organisere eit slikt arbeid.

 

Ved å gjere eit prinsippvedtak om å gå vidare med dette, kan ein utfordre kulturlivet og næringslivet til å vere med på eit spleiselag. Det må også synleggjerast at det er viktig for lag og organisasjonar at dette kjem på plass. Det må difor gjennomførast ei enkel behovskartlegging.

 

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann