|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: C52
Saksmappe: 05/00411-28
Sakshandsamar: Aud Lindis Ødegaard Dato: 19.10.2006 |
Etablering av stifting -
Paktarstova
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Driftsutvalet |
30.10.06 |
Utsendte saksdokument:
K.sak 17/06
Skisseprosjekt for Paktarstova
Lov om stiftelser (stiftelsesloven)
1. Driftsutvalet ber rådmannen starte arbeidet med å få etablert ei stifting for Paktarstova ved prestegarden i Norddal.
2. Vedtekter for stiftinga vert å leggje fram for driftsutvalet før dei sendast stiftingstilsynet for godkjenning.
Det er sett ned ei arbeidsgruppe som ser nærare på korleis Paktarstova kan nyttast på ein betre måte.
Ein har gjennom fleire møter og diskusjonar kome fram til at det mest tenlege vil vere å etablere ei stifting.
Det har vore vurdert og diskutert ulike organisasjonsformer, men ei stifting ser ut til å vere den mest tenlege og vanlege måten å organisere slik aktivitet på.
Arbeidet med å etablere ei stifting bør kome i gang. Vedtekter må utarbeidast og godkjennast, og det må så kallast inn til eit stiftingsmøte. Ein har gått ut i Storfjordnytt og invitert alle som ønskjer å engasjere seg til å kunne vere deltakarar i ei stifting. Det har vore liten respons. Det er difor naturleg å tenkje at medstiftarane m.a. vil vere deltakarane som til no har vore med.
Det må utarbeidast eit stiftingsdokument som seier noko om føremål, kva eigedelar som skal nyttast som grunnkapital, korleis styret skal samansettast m.v. I tillegg må det utarbeidast vedtekter som skal godkjennast av stiftingstilsynet.
Ei stifting må ved opprettinga ha ein grunnkapital på minst 100.000 kroner. Stiftingstilsynet kan gjere unntak frå dette. Eigedelar kan brukast som grunnkapital. Kommunen må stille med kapital, og ein må undersøkje om medstiftarane har høve til å stille kapital.
Kommunen vil stå som eigar også i framtida. Det er lite sannsynleg at ein vil få medstiftarar om ein legg opp til at dei skal ha ansvaret for bygningsmassen.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|