NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    1/6

Saksmappe:          06/00494-14

Sakshandsamar:   Lars Kjell Smoge

Dato:                      22.10.07

 

Møtebok

                                  

 

 

Deling av grunneigedom gnr 1, bnr 6 - Unn Linge Valdal

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

051/07

Det faste utvalet for plansaker

29.10.07

 

Utsendte saksdokument:

Statens vegvesen, uttale dagsett 09.10.07

Møre og Romsdal fylke, fråsegn dat. 03.10.07

 

Ikkje utsendte saksdokument:

Søknad m/følgeskriv frå Unn Linge Valdal dat. 22.06.06

Kartutsnitt som syner aktuelt areal

Uttale frå næringssjefen dagsett 02.03.07

Oversiktskart Lingegrenda

Kvittering for nabovarsel

Sak 017/07, møte13.03.07, Det faste utvalet for plansaker

Klage dagsett 16.04.07

Sak 029/07, møte 14.05.07, Det faste utvalet for plansaker

Sak 071/07, møte 06.06.07, formannskapet

Brev for uttale dat. 11.09.07- uttalefrist 10.10.07

Sak 041/07 i Det faste utvalet for plansaker

 


Rådmannen si innstilling:

I medhald av § 7 i Plan- og bygningslova gjev Det faste utvalet for plansaker dispensasjon frå arealdelen av kommuneplanen for  eit areal på om lag 2 daa. under Massgarden på Linge, gnr.1, bnr. 6, kan delast frå til to bustadtomter i samsvar med søknad dagsett 22.06.06 på følgjande vilkår:

 

Det må gjennomførast ei risiko- og sårbarheitsvurdering for å avklare om det planlagde tiltaket kan medføre nokon tryggleiks- og beredskapsmessige konsekvensar. Dette må ligg føre før tomtene kan delast frå.

 

 

 


Handsaming i Det faste utvalet for plansaker  29.10.2007:

Audun Skjervøy, Nl kom med slikt forslag til vedtak:

1.      Det faste utvalet for plansaker vil gå imot å gje dispensasjon frå arealdelen av kommuneplanen for areal på ca 2 daa under Massgarden på Linge, gnr 1, bnr 6, for frådeling av to tomter i samsvar med søknad dagsett 22.06.06.

2.      Bakgrunnen for avslaget er at ei frådeling er i strid med nyleg vedteken landbruksplan og samfunnsplan, der det heiter at dyrka mark ikkje bør disponerast til føremål som gjer areala ueigna til matproduksjon utan at tungtvegande samfunnsomsyn krev det. Ein finn det og svært uheldig med bustadbygging så nært inn i eit produksjonsområde.

 

Røysting:

2 røysta for Audun Skjervøy sitt forslag som fall

5 røysta for innstillinga.

 

 

 


Vedtak i  Det faste utvalet for plansaker - 29.10.2007:

I medhald av § 7 i Plan- og bygningslova gjev Det faste utvalet for plansaker dispensasjon frå arealdelen av kommuneplanen for  eit areal på om lag 2 daa. under Massgarden på Linge, gnr.1, bnr. 6, kan delast frå til to bustadtomter i samsvar med søknad dagsett 22.06.06 på følgjande vilkår:

 

Det må gjennomførast ei risiko- og sårbarheitsvurdering for å avklare om det planlagde tiltaket kan medføre nokon tryggleiks- og beredskapsmessige konsekvensar. Dette må ligg føre før tomtene kan delast frå.

 

 

Saksgrunnlag:

Vedtak i  Det faste utvalet for plansaker - 27.08.07, sak 041/07:

Det faste utvalet for plansaker har til hensikt å gi dispensasjon frå arealdelen av kommuneplanen for  eit areal på om lag 2 daa. under Massgarden på Linge, gnr.1, bnr. 6, kan delast frå til to bustadtomter i samsvar med søknad dagsett 22.06.06.

 

På vanleg måte har saka vore til uttale – uttalefristen var sett til 10.10.07.

 

Det ligg føre to uttalar; jfr. saksvedlegg.

 

Saksopplysningar:

Statens vegvesen, uttale dat. 09.10.07:

Vegvesenet har ingen merknader i saka om å dele frå to bustadtomter frå gnr. 1/6.

Det vert føresett at eksisterande avkøyrsle til RV 63 (Lingevegen) vert nytta for bustadtomtene.

 

Møre og Romsdal fylke, fråsegn av 03.10.07:

Ut frå ei heilskapsvurdering vil ikkje fylket påklage eit eventuelt dispensasjonsvedtak, sjølv om dei ikkje ser ei overvekt av særlege grunnar i saka. Det vert bede om at ein er varsam under opparbeiding av tomtene med tanke på arkeologiske funn (jfr. § 8 i kulturminnelova). Vidare vert det bede om at det blir gjennomført ei risiko- og sårbarheitsvurdering for å avklare om det planlagde tiltaket kan medføre nokon tryggleiks- og beredskapsmessige konsekvensar.

 

Saksvurdering og konklusjon:

Søknaden av 22.06.06 gjeld løyve til å dele frå eit areal på om lag 2 daa. for to bustadtomter på Massgarden gnr. 1, bnr. 6 på Linge.

I gjeldande kommuneplan arealdelen er området avsett til LNF-område der spreidd busetnad er tillate.

 

Sjølv om kommuneplanen arealdelen tilseier føremålet det her vert søkt om, må saka likevel ha dispensasjon frå planen då omfang og lokalisering skal handsamast; dette i flg. mail frå Møre og Romsdal fylke av 27.06.07.

 

I saka ligg føre løyve etter § 12 i Jordlova, formanskapssak 071/07, møte 06.06.07.

 

Arealdelen av gjeldande kommuneplanen har som prinsipp LNF-område der spreidd busetnad er tillate for alle grender/gardar. Såleis vil ein, dersom ein skal gjennomføre arealplanen sine prinsipp, få produksjons-areal rimeleg nær busetnaden med dei ulemper det kan ha (lukt, støy osv.). Det positive for grendene er at dei kan vert folkerikare.

Utifrå dei prinsipp som er vedtekne i gjeldande arealplan og ei samla vurdering, vel ein å rå til at dispensasjon kan gjevast i denne saka på vilkår av at det vert utarbeidd ei risiko –og tryggleiks analyse,  dette ma. fordi parsellen ligg i eit område der NGU sitt lausmassekart viser hav- og fjordavsetning, tjukt dekke.

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann